Drue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vitus vinifera

Drue er ein frukt av vinranke (Vitus vinifera). Druer kan vera grøne, blå eller lilla.

Blå vindruer

Ein kan eta druer rå som søt frukt, i tørka form som rosiner, og laga saft eller jus av dei. Druer er likevel mest brukte i gjæra form, som vin. Druesaft blir òg mykje brukt som naturleg søtingsmiddel i jus av anna frukt.

Rundt halvparten av all frukt som blir dyrka i verda, er druer. Det finst fleire arter av dei som alle høyrer til familien Vitaceae. Ulike druesortar egner seg best til å etast direkte, eller til å laga ulike typar vin.

Drueplanten likar seg best i sokalla «dårleg» jordsmon, med mykje kalk og stein. Solvende skråningar ned mot elvar er ideelle for druedyrking. Dette gjev plantane rik tilgang til fukt, og dobbelt opp med sol.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Drue
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.