2685 Masursky

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
2685 Masursky
Asteroid 2685Masurky.gif
Masursky sett ifrå romsonden Cassini
Oppdaging A
Oppdaga av Edward L. G. Bowell
Oppdaga dato 3. mai 1981
Alternative namn B 1950 VO; 1973 QF;
1975 XJ5; 1977 KU;
1981 JN
Kategori Hovudbeltet (Eunomia-familien)
BaneelementC JPL
Epoke 14. juli 2004 (JD 2453200,5)
Aphel (Q) 426,737 mill. km (2,853 AE)
Perihel (q) 341,603 mill. km (2,283 AE)
Stor halvakse (a) 384,170 mill. km (2,568 AE)
Eksentrisitet (e) 0,111
Omløpsperiode (P) 1503,127 d (4,12 år)
Gjennomsnittleg banefart 18,53 km/s
Gjennomsnittleg anomali (M) 297,289°
Banehelling (i) 12,132°
Lengda til oppstigande knute ) 215,437°
Perihelargument (ω) 289,057°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar 15–20 km
Masse 0,5–1,1×1016 kg
Tettleik ~2,7 g/cm³ (estimat) [1]
Overflategravitasjon 0,006–0,007 m/s²
Unnsleppingsfart 0,009–0,012 km/s
Rotasjonsperiode ukjend
Albedo 0,06–0,11
Spektralklasse S
Absolutt storleiksklasse: 12,2
Overflatetemperatur: ~176 K
maks: 264K (-9° C)

2685 Masursky er ein asteroide i hovudbeltet. Han blei oppdaga av Edward L. G. Bowell i 1981 og er namnsett etter Harolds Masursky (1923-1990), ein planetarisk geolog hos U.S. Geological Survey i Flaggstaff som arbeidde på mange romutforskingsprosjekt.

Lite var kjend om Masursky før Cassinin-sonden passerte han på veg til Jupiter og Saturn den 23. januar 2000. Sidan Cassini passerte asteroiden ved ein avstand på 1,6 mill. km (omtrent fire gongar avstanden mellom Jorda og månen) viste ikkje bileta romsonden tok meir enn ein lyspunkt utan spesielle trekk. Cassini kunne likevel avgjera størrelsen (diameteren) til Masursky som er på omtrent 15-20 km.

Banen til Masursky ligg innanfor asteroidefamilien Eunomia som består av S-type-asteroidar. Cassini sine observasjonar skapte noko tvil kring samansetnaden til asteroiden, men seinare bakkebaserte spektroskopiundersøkingar bekrefta at han hadde eit S-type-spektrum. [2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. G. A. Krasinsky et al Hidden Mass in the Asteroid Belt, Icarus, Vol. 158, s. 98 (2002)
  2. D. Lazzaro, T. Mothé-Diniz, J. M. Carvano, C. A. Angeli, A. S. Betzler, M. Florczak, A. Cellino, M. Di Martino, A. Doressoundiram, M. A. Barucci, E. Dotto, P. Bendjoya (1999) «The Eunomia Family: A Visible Spectroscopic Survey» – Icarus, s. 445.
Smålekamar i solsystemet