Manne Siegbahn
| Manne Siegbahn | |
| Fødd | 3. desember 1886 Örebro i Sverige |
|---|---|
| Død | 26. september 1978 (91 år) Stockholm i Sverige |
| Nasjonalitet | Svensk |
| Område | Fysikk |
| Institusjonar | Lunds universitet Uppsala universitet Stockholm universitet |
| Alma mater | Lunds universitet |
| Kjend for | Røntgenspektroskopi |
| Utmerkingar | Nobelprisen i fysikk (1924) Hughesmedaljen (1934) Rumfordmedaljen (1940) |
|
Merknader
Han er far til nobelprisvinnararn Kai Siegbahn. |
|
Karl Manne Georg Siegbahn (3. desember 1886–26. september 1978) var ein svensk fysikar. I 1924 vart han tildelt Nobelprisen i fysikk «for sine funn og forsking innan røntgenspektroskopi».[1]
Siegbahn tok ein filosofisk doktorgrad ved Universitetet i Lund i 1911, avhandlinga fekk tittelen Magnetische Feldmessungen. Han var konstituert professor for Johannes Rydberg då helsa hans svikta, og han etterfølgde han som professor i 1920.
Etter doktorgraden, fortsette Siegbahn forskinga på røntgenspektroskopi. Han fortsette arbeidet òg etter at han flytta til Universitetet i Uppsala i 1923. Her utvikla og forbetra han eksperimentelle apparat som tillet han å utføre særs presise målingar av røntgenstrålinga bølgjelengder, skapt av atom frå ulike stoff. Han utvikla ein konvensjon for å namngje dei ulike spektrallinjene som er karakteristiske for stoffa i røntgenspektroskopi. Dei presise målingane til Siegbahn medverka mykje til utviklinga innan kvanteteori og atomfysikk.[2]
Han var far til Kai Siegbahn som sjølv fekk Nobelprisen i fysikk i 1981.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Manne Siegbahn» frå Wikipedia på bokmål, den 21. februar 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: