Age of Empires II: The Conquerors Expansion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Age of Empires II: The Conquerors Expansion
Age of Empires 2 The Conquerors Logo.svg
Utviklar(ar) Ensemble Studios
Utgjevar(ar) Microsoft Game Studios,
Konami
Serie Age of Empires
Sjanger Sanntidsstrategispel, krigsspel
Spelmodus Einspelar, fleirspelar
Plattform(er) Microsoft Windows,
Apple Macintonsh
Utgjeving 24. august 2000[1]
Medium CD; programfil[2]
Stødde einingar Datamus og datatastatur
Aldersgrense PEGI: 18+
ESRB: M

Age of Empires II: The Conquerors Expansion (ofte forkorta til AoC eller The Conquerors) er ein tilleggspakke til strategispelet Age of Empires II: The Age of Kings frå 1999. The Conquerors er den fjerde Age of Empires-utgjevnaden til Microsoft Game Studios og Ensemble Studios. Spelet baud fyrst og fremst på fem nye sivilisasjonar: aztekarane, mayaene, spanjolane, koreanarane og hunarane.[1][3][4] Utvidinga kunne òg by fire nye felttog, elleve nye militære einingar, tjueseks nye teknologioppgraderingar og atten nye banar.

Gongen i spelet[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emne, sjå The Age of Kings.

Som forgjengaren, The Age of Kings, går spelet ut på å samla ressursar, byggja landsby, samla ihop ein armé og øydeleggja soldatane samt bygningane til fienden – raskast mogleg. Spelarane har moglegheiten til å velja ein av dei atten sivilisasjonane som finst på spelet. Alle desse har sitt eige særpreg. Gjennom å avansera gjennom fire æraer – Dark Age, Feudal Age, Castle Age og Imperial Age – kan ein lettare knekka fienden, og gjera seg sjølv til vinnar.

Endringar i speledelen[endre | endre wikiteksten]

Ein kan ikkje seia at ein The Age of Kings-spelar ville oppfatta The Conquerors som noko heilt utanforståande, fordi spelet skil seg ikkje enormt ut frå sin forgjengar. I staden for introduserte spelet mange tillegg. The Conquerors introduserte nye spelfunksjonar, som "Defend the Wonder" ("Beskytt underverket"), "King of the Hill" ("Kongen på haugen") og "Wonder Race" ("Kappløp om underverket"). Fleire nye kart basert på ekte verdsleg geografi, snølandskap og tropisk landskap vart lagt til. I sjølve spelefunkjsonen fekk ein no høve til å danna formasjonar for meir effektiv strid og krigføring. Til dømes kunne spelaren splitta hirden sin i to.

Mikroforvalting er gjort lettare ved hjelp av ein betra kunstig intelligens (AI) hjå landsbybuarane og kringsetjingsvåpen. Dette inneber til dømes at innbyggjarane vil automatisk samla ressursar dersom dei har bygd eit depot for ressursinnsamling.[5][6] Eit anna døme på styrkt AI er når arbeidarane byggjer ein mur, så vil dei spreia seg, i staden for å hamra på den same plassen – som i det førre spelet. For betre kommunikasjon og samarbeid mellom spelarane, kunne ein no chatte med kvarandre.

Felttog[endre | endre wikiteksten]

I The Conquerors kan ein ta rolla som El Cid, og spela gjennom historiebaserte scenario.

Fire nye einspelarfelttog vart lagt til The Conquerors. Desse er basert på eventyret til El Cid (Rodrigo Diaz) i Spania, Montezuma sin forsvarsoperasjon mot Hernán Cortés og Attila sin maktkamp.[4][6] Det fjerde felttoget, kalla "Battles of the Conquerors" er ei samling av oppdrag (enkeltscenarium) basert på viktige historiske slag. Desse historiske slaga inkluderte «slaget ved Agincourt», «slaget ved Hastings» og «slaget ved Noryang», soga om Eirik Raude, «slaget ved Tours», «slaget ved Manzikert» og «slaget ved Lepanto». Samstundes kunne ein spela dei opphavlege felttoga frå The Age of Kings.[7]

Online-speling[endre | endre wikiteksten]

I juni 2006 vart «The MSN Gaming Zone» – spelet sitt eige online-forum for CD-ROM – lagd ned.[8] Men det finst andre sørvarar for Age of Empires II: via tenesteprogram som Voobly, Gameranger og GameSpy Arcade kan ein enno spela online.[9] Microsoft har offisielt omdirigert online-spelinga til GameSpy Arcade, men tilhengarar av Age of Empires-serien har sidan danna programmet Voobly. Trass denne omdirigeringa, føretrekker mange tilhengarar å bruka Voobly, på grunn av eit betre grafisk brukargrensesnitt og antijuksesystem, mellom anna. Tenesteprogrammet har òg eit klassifiserings- og rekordsystem.[10]

I online-verda kunne ein ikkje berre spela på innebygde banar, men òg scenario laga av spelarar.

Nye tillegg[endre | endre wikiteksten]

Sivilisasjonar[endre | endre wikiteksten]

Slike aztekiske soldatar, såkalla «Ocēlōmeh» var oftast kledd i jaguarskinn og bar ei treklubbe med skarpe steinblad nagla inn.[11] Aztekkrigaren i The Conquerors er tydeleg tufta på ein «Ocēlōmeh».

Fem nye sivilisasjonar fylgde med i denne utvidinga, inkludert mayaene og aztekarane, som stifta ein ny arkitektonisk stil.[1]

Arkitektonisk stil Sivilisasjon
Vesteuropeisk Spanjolane
Sentraleuropeisk Hunarane
Orientalsk Koreanarane
Mesoamerikansk Aztekarane
Mayaene


Illustrasjonen syner mesoamerikanske krigarar, liknande som i The Conquerors

Desse to sivilisasjonane skilde seg ikkje berre ut ein ny arkitektonisk stil: dei manglar evna til å trena kavaleri.[3][6] Denne ulempa vert noko jamna ut sidan dei startar med ein ørnekledd speidar, som har nokre fordelar som ein speidar på hest har. Dei manglar òg tilgang til krutt. Spelaren må difor setja sin lit til eit sterkt infanteri. Hunarane er ikkje mindre unike. Ein treng ikkje å laga hus for å ha ein høg populasjon, noko som gjev spelaren større fokus på å auka økonomien og militæret.[1] Likevel kan ikkje sivilisasjonen gå utanom populasjonsgrensa som blir bestemt før kvart parti.[12]

Einingar[endre | endre wikiteksten]

Med nye sivilisasjonar fylgjer nye "unique units", altså ein særeigen soldat – som kan trenast i borga. Den unike eininga for mayaene er "Plumed archer", ein lett armert, fjærpynta bogeskotar – raskare enn andre fotsoldatar på spelet. Aztekarane på si side har ein tyngre armert "Jaguar warrior"; motstandsdyktig mot piler. Samstundes har desse sivilisasjonane evna til å laga ein såkalla "Eagle warrior".[4] Spanjolane har også to særeigne einingar: conquistador og misjonær – begge sitjande på ridedyr. Fyrstnemnde er utstyrt med eit gevær, med låg rekkevidde.

Koreanare har to unike einingar:
"War Wagon" og "Turtle Ship".[13] Sistnemnde, som ein kan sjå på biletet, er ein fregatt som kan skyta livsfarlege kanonkuler i The Conquerors, noko som gjer koreanarane til ein øydeleggjande marinesivilisasjon.

Nye felleseiningar[endre | endre wikiteksten]

Nye unike einingar[endre | endre wikiteksten]

  • "Eagle Warrior", hurtig ørnekledd fotsoldat
  • "Plumed Archer", unik bogeskotar til mayaene
  • "War Wagon", koreanarane sin unike kringsetjingseining
  • "Turtle Ship", skjelpaddeskip; unik for koreanarane
  • "Conquistador", ryttar; unik for spanjolane
  • "Missionary", munkesel som lækjar og konverterer. Unik for spanjolane
  • "Tarkan", kavaleri utstyrt med fakkel; unik for hunarane.[14]

Underverk[endre | endre wikiteksten]

Eit underverk er eit symbol; store bygningar som idealiserer ein sivilisasjon og personar som har betydd mykje for eit folk. Det representerer kulturen til sivilisasjonen. Alle underverka i Age of Empires II er basert på ekte bygningar.[15]

Under visse vinnarvilkår, kan ein vinna eit parti med å ha eit underverk ståande i ein viss periode.[16] Som i forgjengaren har kvar sivilisasjon eit eige underverk (kalla "Wonder"). Med fem nye sivilisasjonar, vart fem slike nye underverk medrekna:

Sivilisasjon Underverk
Aztekarane Templo Mayor
Hunarane Arcus Augusti (Romersk triumfboge bygd av Keisar Augustus)
Koreanarane Hwangnyongsa
Mayaene Tikaltempelet
Spanjolane Torre del Oro
Torre del Oro, eit tårn påverka av arabisk byggestil, ståande i Sevilla. I The Conquerors er dette tårnet symbolet på spanjolane sitt velde.
(Foto: Anna Cervova)

Nye teknologiar og oppgraderingar[endre | endre wikiteksten]

The Conquerors introduserte i alt tjueseks nye oppgraderingar til The Age of Kings. Som i The Age of Kings kan desse teknologiane verta innhenta i mange ulike bygningar, men særleg frå borga – som gjev spelaren høgare bonus. Det å ha tilgang til oppgraderingar i borga var nytt for Age of Empires II.[6]

Me kan skilja oppgraderingane i spelet til fellesoppgraderingar og særskilde oppgraderingar. Fellesoppgraderingane kan kjøpast i dei bygningane alle sivilisasjonane har tilgang til, medan unike oppgraderingar kan berre bli kjøpt i borga. Eit døme på ei slik fellesoppgradering er "Thumb ring", som fører til at bogeskotarane kan skyta piler fortare. Vikingane, til dømes, kan i oppgradera "Berserkergang"; ein unik oppgradering, som fører til at deira unike eining – Berserkaren – lækjer seg sjølv dobbelt så fort.[17] Slike oppgraderingar fører til meir effektiv krigføring, fordi spelaren med størst armé vil ikkje alltid slå armeen til motstandaren, utan dei rette oppgraderingane.

Utarbeidinga[endre | endre wikiteksten]

På grunn av visse tekniske haker med Age of Empires II: The Age of Kings, gav Ensemble Studios ut fleire "bandasjer" (alternativt: "patches") for spelet.[4] Det var mykje som var usalomonisk: visse sivilisasjonar vart urimeleg betre enn andre. Den nyaste og mest heilskaplege er 1.0c patch.[18] Før denne utgjevnaden fanst det fleire offisielle og uoffiselle patches. 1.0b patch, til dømes, gjorde at tårn kunne lettare ta ned rambukkar. Ein uoffisiell, fanlaga patch kalla 1.0e gjorde juksing umogleg. Til slutt utgav Ensemble Studios den offisielle utvidinga: Age of Empires II: The Conquerors Expansion.[2]

Det var stor usemje blant utviklarane i Ensemble Studios om kva for nokre sivilisasjonar dei skulle velja. Sidan det allereie fanst vesteuropeiske, sentraleuropeiske, arabiske og orientalske sivilisasjonar i The Age of Kings, var det ein sjølvfylgje å inkludera minst éin ny sivilisasjon i kvar kategori – for så å inkludera så mange som mogleg i ein ny arkitektonisk stil.[19] Spanjolane representerte til slutt den nye vesteuropeiske sivilisasjonen, sjølv om italienarane var ein valmoglegheit dei òg. Grunnen til dette var at spanjolane passa godt i hop med Den nye verda. Den nye verda-inspirert arkitekturstil vart valt – og aztekarane og mayaene vart ambassadørane for han. Når det gjaldt den orientalske var det noko vanskelegare: det stod mellom khmerfolket, tibetanarane og koreanarane. På grunn av skjelpaddeskipa til koreanarane, vart dei det endelege valet. Hunarane vart konsulen for den sentraleuropeiske stilen, trass det stod mellom slavarane, habsburgarane, madjarane og sveitsarane.[19] Grunnen til dette var at ingen av dei andre sivilisasjonane hadde ein tydeleg helt, noko som hunarane hadde. På ei anna side vart ingen arabiske sivilisasjonar lagd til.

Spelet inkluderte fire nye felttog. Då Ensemble Studio laga spelet, fokuserte dei på dei stridane som kunne visa fram dei nye sivilisasjonane best. I tillegg var det viktig å leggja til dei erobrarane spelarane mest ville portrettera. Tre store namn vart resultatet: El Cid, Attila og Montezuma. Det oppstod eit spørsmål om kva ein skulle gjera med viktige slag i mellomalderen som ikkje var robuste nok til å støtta ein eigen felttog, fortel Greg Street, ein av designarane til Ensemble Studios.[7] Svaret blei ei samling med åtte ulike enkeltscenarium; kalla "The Battles of the Conquerors".

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Med dei nye sivilisasjonane vart følgeleg nye lydspor inkludert. Også songane frå The Age of Kings vart erstatta; for å passa betre med dei nye sivilisasjonane. Stephen Rippy, Duncan McKissick, Kevin McCullan og Chris Rippy stod bak musikken i The Conquerors.[20]

# Tittel
Andre titlar
Lengd
1. «Pork Parts»     3:06
2. «Pudding Pie»     3:11
3. «Tide Me Over Warm 'em Ups»     2:51
4. «Voodoodoodoo»     2:55
5. «The Bovinian Derivative»     3:10
6. «Case in Point: Paste»     2:58
7. «Mountain Lie On»   Seamus and Chamois 3:24
8. «Subotai Defeats the Knights Templar»     3:06
9. «Roi-r!»   Basura! Basura! 2:42
10. «Neep Ninny Bod»     3:16

Omtale[endre | endre wikiteksten]

Omtalekritikk
Meldingar
Kjelde Karakter
ActionTrip 9.1/10[4]
Allgame 4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[3]
Eurogamer 8.4/10[21]
GameSpot 8.5/10[1]
GameVortex 95%[2]
IGN 8.2/10[6]
Independent Gamer 4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[22]
MetaCritic 88/100[23]
Mod DB 9.2/10[24]
Software Informer 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[25]

Mottakinga til The Conquerors var eintydig positiv: spelet utvida forgjengaren på ein treffande måte. Spelkritikaren Greg Kasavin oppsummerte spelet som ei «passande utmerka utviding som forblir ein av dei beste sanntidsstrategispela til dags dato.»[1] Han prisa spesielt dei nye oppgraderingane som «balanserte spelet og framheva dei unike fordela til kvar sivilisasjon.» Daily Radar samanfatta spelet som om «Michelangelo kom att, plukka opp eit allereie vakkert måleri, og gjorde det til eit meistarverk.»[23] Stephen Butts skildra i sin omtale at «The Conquerors er eit fortreffeleg døme på ein tilføying med drøssevis av nye funksjonar, utan å endra særpreget eller å øydeleggje balansen totalt.»[6] Ein sterk oppfordring kom frå spelkritikaren Jeremy Kelso: «Dersom du eig Age of Empires II: The Age of Kings så ville du vera dum å ikkje få tak i The Conquerors Expansion[2]


Dei nye spelefunksjonane som spelet tilbaud, som "King of the Hill" og "Wonder Race", vart prisa av Stephen Butts. Dette gav spelet variasjon.[6] Butts sette òg pris på dei nye felttoga som vart introdusert. Desse felttoga kan tilby ei rekke utfordringar for ein erfaren The Age of Kings-spelar. Trass i dette irriterte han seg over at «det ikkje fanst nye oppdrag for mayaene og koreanarane»[6] Branislav Babovič seier seg samd, og skriv i omtalen at «Eitt felttog til ville ikkje vore dumt.»[4] Jeremy Kelso, på ei anna side, syntest at «felttoga samsvarar tydeleg med dei nye sivilisasjonane.»[2] Gjeldande for kvart dataspel er sjølve speleopplevinga; og felttoga i The Conquerors forsynte spelarane akkurat dette.

Diverre hadde forgjengaren The Age of Kings mange tekniske haker, noko som øydela den viktige speleopplevinga. Jeremy Kelso sette pris på dei funksjonane som betra speleopplevinga, som til dømes den korrigerte, kunstige intelligensen – spesielt hjå arbeidarane.[2] Babovič prisa òg AI-en til spelet, fordi dette «betra spel-tempoet markant, og lèt deg konsentrera om det taktiske.»[4]

Jamvel om dei nye felttoga og speleopplevinga vart rost mest med spelet, blei til dømes grafikken. Grafikken til Age of Empires var revolusjonærande; og The Conquerors var ingen unntak. «Dei nye einingane, bygningane og landskapet ser skikkeleg ut og har fine, jamne animasjonar. (...) Faktisk er det vanskeleg å finna noko gale med spelet, grafisk sett,» skreiv Jeremy Kelso i sin omtale.[2] Mariano Gelgado nemnte den storarta grafikken som ein av fordelane til The Conquerors.[25] Branislav Babovič gjorde merksam på at spelet er «éin av dei få gjenverande sanntidsstrategispela som er i stand til å tevla med dagens [september 2000] 3D hardware-kolossar, med sine skarpe og detaljerte 2D-grafikk.»[4]

Modifikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Fil:AoC mod Rome at War.png
Modifikasjonen Rome at War byta ut sivilisasjonane med romarane, karthagarane, grekarane og gallarane, til dømes. Nye bygningar og detaljar vert og lagde til: bannera, legionærane og telta er tydelege forandringar. Modifikasjonen er laga av Wildfire Games.

Sjølv om The Conquerors gav The Age of Kings ein grundig utviding og fordjupning, kan ein likevel finna modifikasjonar (vert oftast kalla for "Mod Packs") til spelet. Med ein modifikasjon kan spelarar endra utsjånad på soldatar, bygningar, landskap og leggja til detaljar. Somme kan både leggja til minimale og grundige forandringar.[26] Til dømes kan visse mod berre leggja til ein ekstra eining.[27] Andre, som Rome at War til dømes, bytta ut dei mesoamerikanske sivilisasjonane med romarane og grekarane. Denne modifikasjonen kom ut så tidleg som i juni 2001.[28][29]


Grundigare modifikasjonar vert oftast kalla for "Total Conversion Mod", altså ein total omlegging. Vanlegvis er det private entusiastar og speldesignarar som tek seg fridomen til å modifisera spelet. Med programmet "Mod Pack Studio", kan ein dela opp spelet og skilja ut einingar i The Conquerors.[30] Ein slik mod erstattar sivilisasjonane, einingane, bygningane og oppgraderingane. Den mest gjennomførte "Total Conversion Mod"-en er kanskje Age of Chivalry: Hegemony. Hegemony erstattar alle sivilisasjonane og aukar fokuset på europeisk mellomalderhistorie.[31] Modifikasjonen er laga av Kor Bosch og Andrew Dunn, og har over 20 000 nedlastingar.[32]

Liste over modifikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Lista inneheld populære "Total Conversion Mods":

  • Age of Chivalry: Hegemony[31]
  • Age of Empires II: Feudal Warfare[33]
  • All Roads Lead to Rome[34]
  • Middle Earth Total Conversion

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Kasavin, Greg (2000). Age of Empires II: The Conquerors Expansion Review. GameSpot. Vitja 5. august 2012.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Kelso, Jeremy (2000). Age of Empires II: The Conquerors Expansion. GameVortex. Vitja 13. august 2012.
  3. 3,0 3,1 3,2 Knight, Kyle (2000). Age of Empires II: The Conquerors Expansion. Allgame. Vitja 5. august 2012.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 Babovic, Branislav (2000). Age of Empires 2: The Conquerors Review. Actiontrip. Vitja 8. august 2012.
  5. Ilumiknight. (2011). How to Play Age of Empires 2 Tutorial on The Basics – Narrated. Youtube. Vitja 9. august 2012.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 6,7 Butts, Stephen (2000). Age of Empires II: The Conquerors. IGN. Vitja 6. august 2012.
  7. 7,0 7,1 Street, Greg (2000). Age of Empires II: The Conquerors. IGN. Vitja 15. august 2012.
  8. Age of Empires matchmaking on MSN Games has been retired – thank you so much for playing!. MSN Games. Vitja 2. juli 2012.
  9. How to play Age of Empires 2 Online and use Voobly. Youtube. Vitja 1. august 2012.
  10. Age of Empires II: The Conquerors. Voobly. Vitja 9. august 2012.
  11. Tharoor, Ishaah. (2011). Top 10 Elite Fighting Units – The Jaguar Warriors. Time. Vitja 10. august 2012.
  12. Game Reference – Age of Empires II: The Age of Kings. Microsoft Corporation, s. 28
  13. Koreans. Age of Empires Wiki. Vitja 12. august 2012.
  14. (2000). Conquerors Expansion. Age of Kings Heaven. Vitja 8. august 2012.
  15. Wonder. Age of Empires Wiki. Vitja 12. august 2012.
  16. Wonders. Age of Kings Heaven. Vitja 12. august 2012.
  17. Berserkergang. Age of Empires Wiki. Vitja 15. august 2012.
  18. Mether, Nicklas (2001). Age of Empires II: The Conquerors patch 1.0c. Game reactor Norge. Vitja 15. august 2012.
  19. 19,0 19,1 Conquerors Expansion. Age of Kings Heaven. Vitja 13. august 2012.
  20. Age of Empires II: The Conquerors Expansion – Game Credits. GameFaqs. Vitja 8. august 2012.
  21. Age of Empires II: The Conquerors Expansion. Eurogamer. Vitja 15. august 2012.
  22. Age of Empires II: The Conquerors Expansion – Critic Reviews. GameFaqs. Vitja 8. august 2012.
  23. 23,0 23,1 (2000). Age of Empires II: The Conquerors Expansion. MetaCritic. Vitja 8. august 2012.
  24. Age of Empires II: The Conquerors Expansion. Mod DB. Vitja 15. august 2012.
  25. 25,0 25,1 Delgado, Mariano. Age of Empires II – The Conquerors Expansion 3.1. Software Informer. Vitja 15. august 2012.
  26. Kücklich, Julian (2005). Precarious Playbour: Modders and the Digital Game Industry. Fibreculture Journal. Vitja 15. august 2012.
  27. Ivayl, Khan (2012). Szlachcic. Age of Kings Heaven. Vitja 15. august 2012.
  28. Rome at War. Mod DB. Vitja 22. august 2012.
  29. Rome at War. Wildfire Games. Vitja 22. august 2012.
  30. Mod Pack Studio 2.0. Age of Kings Heaven. Vitja 22. august 2012.
  31. 31,0 31,1 Cadarn, Derfel (2008). Age of Chivalry: Hegemony. Age of Kings Heaven. Vitja 22. august 2012.
  32. Bosch, Kor (2008). Age of Chivalry. Wordpress. Vitja 22. august 2012.
  33. (2012). Age of Empires II: Feudal Warfare. Age of Kings Heaven. Vitja 22. august 2012.
  34. (2002). All Roads Lead to Rome. Age of Kings Heaven. Vitja 22. august 2012.