Albumet Lust for Life

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lust for Life
Studioalbum av Iggy Pop
Utgjeve 29. august 1977
Innspelt April-juni 1977, Hansa Studio by the Wall, Berlin
Sjanger Rock, hardrock
Lengd 41:53
Selskap RCA
Produsent David Bowie, Iggy Pop, Colin Thurston
Kritikk
Iggy Pop-kronologi
The Idiot
(1977)
Lust for Life TV Eye Live 1977
(1978)

Lust for Life er eit album frå 1977 av Iggy Pop, det andre soloalbumet hans og det andre samarbeidet med David Bowie, etter The Idiot som kom ut nokre månader før, tidlegare på året. Albumet vart kritikarrost då det kom ut og er det mestseljande albumet hans så langt. Han oppnådde den høgaste plasseringa si på listene i Storbritannia med albumet. Tittelsporet vart ytterlegare populært i 1990-åra då han vart nytta i filmen Trainspotting (1996).

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Innspelingane for Lust for Life fann stad like etter ein konsertturne for The Idiot var over. Turneen enda 16. april 1977.[5][6] Pop har sagt at «David og eg ønskte å spele inn det albumet særs raskt, som me skreiv, spelte inn og miksa på åtte dagar, og fordi me gjorde det så raskt, hadde me mykje pengar til overs frå forskotet, som me delte mellom oss.»[7] Songaren sov lite under innspelinga og sa «Høyr her, Bowie jobbar enormt raskt... Eg skjønte at eg måtte vere raskare enn han, elles kven sitt album ville det ha vore?»[5] Dei spontane tekstane til Pop inspirert Bowie til å improvisere sine eigne tektstar på det neste prosjektet hans "Heroes".[6]

Bowie, Pop og lydteknikar Colin Thurston produserte Lust for Life under pseudonymet «Bewlay Bros.» (som er namnet på den siste songen på Bowie-albumet Hunky Dory).[5] Innspelinga vart gjort i Hansa Studio by the Wall i Berlin med Ricky Gardiner og Carlos Alomargitarar med Hunt og Tony Sales på høvesvis trommer og bass. Med Bowie på tangentinstrument og korvokal, utgjorde teamet tre fjerdedelar av den framtidige besetninga til Tin Machine;[5] Den store krafta til Sales-brørne gjorde at Bowie inviterte dei med i det nye bandet sitt tolv år seinare («Sjekk ut Lust For Life», sa han då til gitarist Reeves Gabrels, «Eg har funne rytmeseksjonen!»).[8] Biletet på plateomslaget vart teken av Andy Kent, som òg tok biletet på The Idiot.[5]

Stil og tema[endre | endre wikiteksten]

Lust for Life vert generelt rekna meir som eit Iggy Pop-album enn det Bowie-dominated The Idiot, og var mindre musikalsk eksperimentelt og lente meir mot rock and roll.[9][10][11] Nokre av temaa var derimot like mørke, som på «The Passenger», som i følgje NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray er ein av dei mest uforgløymelege songane til Pop[9] samt «Tonight» og «Turn Blue», som begge omhandla heroinmisbruk. I kontrast har ein meir livlege songar som «Success» og «Lust for Life». Sistnemnde vart av Rolling Stone skildra som Pop si «overlevingsmelding til folket».[11][12][13]

I følgje Iggy Pop var det hylla riffet til Bowie på «Lust for Life» inspirert av morsekodeopninga til dei nyhendenettverket til dei amerikanske styrkane i Berlin.[14] Forskjellige stader i songen spelar heile bandet melodien. I følgje Carlos Almoar: «Du kan ikkje spele ein motrytme til det, du må berre følgje.»[6][15] Joy Division- og New Order-trommeslagar Stephen Morris erklærte «På Lust For Life var ikkje trommelyden svær, men massiv! Dei mest høglydte cymbalane kjend for menneske, det riffet! Eg ønskte å høyrast slik ut, og ønskjer det framleis».[10]

«The Passenger» var inspirert av eit Jim Morrison-dikt som såg på «det moderne livet som ei bilreise».[16] Teksten er òg tolka som «Iggy sin vitande kommentar om den kulturelle vampyrismen til Bowie».[10] Musikken, «tilbakelent ... spenstig rytme», var komponert av gitarist Ricky Gardiner.[17] Han vart gjeven ut som B-sida til den einaste singelen på albumet, «Success». Singelen er skildra av Allmusic som «ein strålande bruk-og-kast song» og av Rolling Stone som «ein smittande bruk-og-kast-song» og ein munter song med kall-og-svar-synging.[13][18]

«Turn Blue» er like under sju minuttar lang og den lengste på albumet, og er eit utflytande skriftemål som går tilbake til tida då Bowie og Pop prøvde å spele inn musikk i mai 1975, då sistnemnde hadde alvorlege dopproblem. Han heitte opphavleg «Moving On», og var komponert av Bowie, Pop, Walter Lacey og Warren Peace.[12][19] Teksten til songen var den einaste som ikkje var med på plateomslaget til originalutgjevinga. Dei andre songane på albumet er «Sixteen», den einaste songen som er skriven av Iggy Pop aleine, «Some Weird Sin», ein hardrocksong med ein «tapt-gut-tekst»,[20] «neo-punksongen» «Neighborhood Threat»,[11] og «Fall in Love with Me», som vart utvikla frå ein improvisert jam av bandet, som Pop så skreiv ein tekst til om hans dåverande flamme, Esther Friedmann.[6]

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Lust for Life nådde 28. plass på den britiske albumlista og er framleis den høgasteplasseringa til Iggy i det landet.[21] I starten selde albumet bra i USA, men då Elvis Presley døydde gav RCA raskt ut heile Presley-katalogen på ny og Pop fekk ikkje noko promotering av albumet.[6] Det gjord det etter kvart bra i Amerika, men nådde berre 120. plass på Billboard då det kom ut.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Lust for Life»   David Bowie 5:13
2. «Sixteen»   Pop 2:26
3. «Some Weird Sin»   Bowie 3:42
4. «The Passenger»   Ricky Gardiner 4:44
5. «Tonight»   Bowie 3:39
6. «Success»   Bowie, Gardiner 4:25
7. «Turn Blue»   Bowie, Warren Peace 6:56
8. «Neighborhood Threat»   Bowie, Gardiner 3:25
9. «Fall in Love with Me»   Bowie, Hunt Sales, Tony Sales 6:30

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic review
  2. Blender review
  3. Robert Christgau review
  4. Rolling Stone review
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.383-384
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 Paul Trynka (2007). Iggy Pop: Open Up and Bleed: pp.263-272
  7. Joe Ambrose (2004). Gimme Danger: The Story of Iggy Pop: s.173
  8. David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.451
  9. 9,0 9,1 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.118
  10. 10,0 10,1 10,2 Joe Ambrose (2004). Op Cit: s.185-186
  11. 11,0 11,1 11,2 Allmusic album review
  12. 12,0 12,1 Allmusic song review: "Turn Blue"
  13. 13,0 13,1 Billy Altman (12 januar 1978). «Lust for Life». Rolling Stone. 
  14. Nicholas Pegg (2000). Op Cit: s.137
  15. Allmusic song review: "Lust for Life"
  16. Nicholas Pegg (2000). Op Cit: p.160
  17. Allmusic song review: "The Passenger"
  18. Allmusic song review: "Success"
  19. Nicholas Pegg (2000). Op Cit: s.223
  20. Allmusic review: "Some Weird Sin"
  21. Paul Trynka (2007). Op Cit: s.417-426