Hunky Dory

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hunky Dory
Studioalbum av David Bowie
Utgjeve 17. desember 1971
Innspelt april 1971 i Trident Studios i London
Sjanger Glamrock, folkrock
Lengd 39:04
Selskap RCA
Produsent Ken Scott, David Bowie
Kritikk
David Bowie-kronologi
The Man Who Sold the World
(1970)
Hunky Dory The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars
(1972)

Hunky Dory er det fjerde studioalbumet til den britiske artisten David Bowie, gjeven ut på RCA Records i 1971. Det var det første albumet til Bowie på RCA, som vart plateselskapet hans dei neste ti åra. Albumet vart skildra av Allmusic som «ei blanding av mange popstilartar, berre knytt i saman av visjonen til Bowie: ei feiande, filmaktig blanding av høg og låg kunst, tvetydig seksualitet, kitsch og klasse.»[2]

Stilen på plateomslaget var inspirert av ei fotobok av Marlene Dietrich som Bowie tok med seg til fotograferinga.[3][4]

Innhaldsliste

[endre] Produksjon

Med Tony Visconti ute av Bowie-leiren, tok Trevor Bolder over på bass og Hunky Dory vart det første albumet med alle medlemmane i bandet som året etter vart kjend som Ziggy Stardust's Spiders From Mars. Utan Visconti som produsent, var albumet òg det første som vart produsert av ein annan viktig person i Ziggy-fasen, Ken Scott. På plateomslaget stod det «Produsert av Ken Scott (assistert av skodespelaren)» «Skodespelaren» var Bowie sjølv, som i følgje NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray likte «tanken om seg sjølv som ein skodespelar».[5]

[endre] Stil og tema

Forfattaren David Buckley har sagt dette om albumet: «Det er nesten easy listening og musikken på albumet trekk fokuset bort frå at tekstmessig sett er denne plata grunnlaget for den framtidige karrieren til Bowie.»<[6] Opningssporet «Changes» fokuserer på ein artist sin trong til å fornye seg («Strange fascination, fascinating me / Changes are taking the pace I'm going through») og det å ta avstand frå hovudstraumen i rock («Look out, you rock ’n’ rollers»). Men Bowie tok seg òg tid til å hylle sine eigne heltar i songane «Song for Bob Dylan», «Andy Warhol» og The Velvet Underground i «Queen Bitch».

Bowie flyttar seg her bort frå hardrocken som prega det førre albumet, The Man Who Sold the World, og går i staden mot pop og folkrock, som òg prega albumet Space Oddity. Her var lette songar som «Kooks» (som Bowie tileigna sonen Duncan Jones (då kalla Zowie Bowie), og som han skreiv dagen han vart fødd) og Bowie si utgåve av «Fill Your Heart» i lag med den buddhismeinspirerte «Quicksand», og den delvis sjølvbiografiske «The Bewlay Brothers». I mellom ytterpunkta finn ein «Oh! You Pretty Things», der popmusikken delvis gøymde teksten (inspirert av Nietzsche), som varsla at den moderne mannen kom til å verte erstatta av «the Homo Superior», og som kritikarane meinte peika fram mot songen «Starman» på Bowie sitt neste album The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars.[7]

[endre] Utgjeving og etterverknad

Bowie hadde vore utan platekontrakt då han starta innspelinga av albumet ved Trident Studios i april 1971. RCA Records i New York høyrde lydbanda og signerte han for ein avtale for tre album, som vart signert den 9. september 1971. Hunky Dory kom ut to månader seinare.[6] Albumet kom ut samstundes med singelen «Changes» og fekk generelt god kritikk og selde forholdsvis bra då det kom ut, utan at det vart den heilt store suksessen.[5] Melody Maker kalla det «det mest nyskapande musikkstykket som har kome ut på plate på lang tid», medan NME skildra det som Bowie på «sitt mest briljante».[8] Rolling Stone meinte at «Hunky Dory ikkje berre er det mest vinnande albumet til Bowie musikalsk sett, men han skriv òg gode nok tekstar til at lyttaren kan utforske ideane hans på komfortabelt vis, utan å stå i mot sperringa av tilsynelatande ugjennomtrengelege tomme ord før dei forstår ideen.»[9] Men det var først etter det kommersielle gjennombbrotet med Ziggy Stardust i 1972 at Hunky Dory òg vart ein hitt, og klatra til tredjeplassen i Storbritannia.[10] I 1973 gav RCA ut «Life on Mars?» på singel, og denne nådde òg tredjeplassen i Storbritannia.[11]

I 1998 stemde lesarane i musikkmagasinet Q fram Hunky Dory som det 43. beste albumet gjennom tidene, medan det same magasinet plasserte albumet på 16. plass over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene. I 2003 vart albumet rangert på 107. plass av Rolling Stone på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene. Same året plasserte TV-kanalen VH1 albumet på 47. plass og på Virgin All-Time Top 1000 Albums-lista hamna det på 16. plass. I 2004 vart det rangert på 80. plass av Pitchfork Media på lista deira over dei 100 beste albuma frå 1970-åra. I 2006 valte TIME ut albumet som eit av dei 100 beste gjennom tidene.[12]

Bowie sjølv reknar albumet som eit av dei viktigaste i karrieren. I 1999 sa han: «Hunky Dory gav meg særs god underdønning. Eg reknar med det gav meg, for første gong i livet mitt, eit faktisk publikum - eg meiner, folk kom faktisk opp til meg og sa, 'Bra album gode songar' Det hadde ikkje skjedd meg før. Det var som, 'Ah, no byrjar eg å forstå det. Eg starta å kommunisere det eg ønskte å gjere. No, kva er det eg ønskjer å gjere??' Det var alltid to sider der.»[13]

[endre] Innhald

Alle songar er skrivne av David Bowie, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Changes»   3:37
2. «Oh! You Pretty Things»   3:12
3. «Eight Line Poem»   2:55
4. «Life on Mars?»   3:53
5. «Kooks»   2:53
6. «Quicksand»   5:08
Side to
# Tittel Lengd
7. «Fill Your Heart» (Biff Rose, Paul Williams) 3:07
8. «Andy Warhol»   3:56
9. «Song for Bob Dylan»   4:12
10. «Queen Bitch»   3:18
11. «The Bewlay Brothers»   5:22

I 1990 gav RykoDisc ut albumet på CD med ekstra bonusspor.

[endre] Bonusspor

  1. «Bombers» (Innspeling frå 1971 som ikkje var gjeven ut tidlegare) – 2:38
  2. «The Supermen» (Alternativ versjon spelt inn i 1971) – 2:41
  3. «Quicksand» (Demoversjon frå 1971) – 4:43
  4. «The Bewlay Brothers» (Alternativ miks) – 5:19

[endre] Medverkande

[endre] Kjelder

  1. Weisbard & Marks, 1995. s.55
  2. Erlewine, Stephen Thomas. "(((Hunky Dory > Review)))". allmusic. http://www.allmusic.com/album/r2480. Henta 1. mai 2011. 
  3. Dimery, Robert (2005). 1001 albums you must hear before you die. London: Quintet Publishing. s. 254. ISBN 9781844033928. 
  4. "500 Greatest Albums: Hunky Dory – David Bowie". http://www.rollingstone.com/music/lists/500-greatest-albums-of-all-time-19691231/hunky-dory-david-bowie-19691231. Henta 1. mai 2011. 
  5. 5,0 5,1 Carr, Roy; Murray, Charles Shaar (1981). David Bowie: An Illustrated Record. New York: Avon Books. s. 7–11. ISBN 0380779668. 
  6. 6,0 6,1 Buckley, David (2000) [1999]. Strange Fascination – David Bowie: The Definitive Story. London: Virgin Books. s. 112. ISBN 075350457X. 
  7. Carr, Roy; Murray, Charles Shaar (1981). David Bowie: An Illustrated Record. New York: Avon Books. s. 44. ISBN 0380779668. 
  8. Pegg, Nicholas (2004) [2000]. The Complete David Bowie. London: Reynolds & Hearn Ltd. s. 265–272. ISBN 1903111730. 
  9. Mendelsohn, John. "Hunky Dory". Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/artists/davidbowie/albums/album/237402/review/6067648/hunky_dory. Henta 24 June 2008. 
  10. Sheppard, David (February 2007). "60 Years of Bowie". MOJO Classic: 24. 
  11. Buckley, David (2000) [1999]. Strange Fascination – David Bowie: The Definitive Story. London: Virgin Books. s. 624. ISBN 075350457X. 
  12. Josh Tyrangiel; Alan Light (13. november 2006). "The All-TIME 100 Albums". TIME (Time, Inc). 
  13. Chris Roberts interview with David Bowie in Uncut, October 1999, Issue 29.
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk