Tin Machine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tin Machine
Aktiv1988–1992
SjangerHardrock
PlateselskapEMI, Victory Music
Siste medlemmerDavid Bowie
Reeves Gabrels
Tony Sales
Hunt Sales

Tin Machine var eit hardrockband starta i 1988 og kjend for å ha David Bowie som frontmann. Gruppa spelte inn to studioalbum før dei vart oppløyste i 1992 og Bowie gjekk attende til solokarrieren sin.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Albumet Never Let Me Down og den påfølgjande Glass Spider-turneen fekk hard kritikk av kritikarane, og Bowie var klar over synet han hadde fått. Han ønskte no å vende attende til å lage musikk for seg sjølv, og ikkje for det store publikummet han hadde fått etter Let's Dance, og byrja å samarbeide med Reeves Gabrels (som pressa songaren til å gjenoppdage den eksperimentelle sida si) og multi-instrumentalisten Erdal Kizilcay med nye songar i 1988. Det første resultatet av dette var ein ny versjon av Bowie-songen «Look Back in Anger» frå 1979, som vart framført på Intruders At The Palace den 1. juli 1988. Dei byrja så å planlegge eit konseptalbum basert på Steven Berkoff-skodespelet East, som eit soloalbum for Bowie, men ideen vart skrinlagd. Bowie og Gabrels byrja å arbeide med produsent Tim Palmer på nye songar. Bowie hyrte så inn brørne Hunt og Tony Sales (sønene til komikaren Soupy Sales) som rytmeseksjon. Bowie hadde arbeidd i lag med dei på Iggy Pop-albumet Lust for Life og møtte dei på ein fest i Los Angeles på denne tida.

Sales-brørne flytta stilen på innspelingane i Compass Point Studios i Nassau bort frå kunstrock og meir mot hardrock, og Bowie såg mot eit av favorittbanda sine på denne tida, The Pixies, for inspirasjon. Sales-brørne pressa Bowie til større spontanitet, og dei fleste songane vart spelt inn i eit opptak, og teksten var uferdig, noko som gav bandet ein ru, punkrock-stil liknande the Pixies.[1]

Gruppa valde namnet Tin Machine etter ein av songane dei hadde skrive. Gruppa gjorde at Bowie kunne få ein viss grad av anonymitet, som han sterkt trengde etter overeksponeringa i 1980-åra. Han var glad for å la resten av badnet (hovudsakleg Hunt Sales) å ta hovudrolla i intervju.

Det første albumet deira fekk blanda, men generelt positiv kritikk då det kom ut i mai 1989. Mange kritikarar var derimot hånleg mot forsøket til Bowie på å finne seg sjølv på ny som eit skjeggete bandmedlem. I starten selde albumet bra og nådde tredjeplass i Storbritannia, men salet forsvann raskt. Bandet gjorde ein liten turne på midnre stader mellom 14. juni og 3. juli i 1989, og gjekk så i studio i Sydney i Australia. Under desse innspelingane medverka Tin Machine til eit surfealbum, Beyond the Beach, med ein ny instrumentalsong kalla «Needles on the Beach».

Gruppa tok ein pause medan Bowie utførte soloturneen sin Sound+Vision-turneen. I desember 1990 forsvann Bowie frå EMI. Begge partar sa at brotet var venleg, men ein trur at EMI nekta å gje ut eit nytt Tin Machine-album i eit desperat forsøk på å sikre eit nytt album liknande Let's Dance. I mars 1991, signerte gruppa med Victory Music, ein ny etikett av JVC, distribuert av London Records og Polygram, og spelte inn fleire songar, som kom ut som Tin Machine II. Denne gongen selde albumet dårleg frå starten av, og Bowie byrja å bli trøytt av å vere binden til ei gruppe. Frå 5. oktober 1991 til 17. februar 1992 gjorde gruppa ein større turne, kjend som It's My Life-turneen. Bandet hadde då med seg gitaristen Eric Schermerhorn, som seinare spelte med Bowie-venen Iggy Pop.

Innspelingar frå turneen kom ut i juli 1992 som albumet Tin Machine Live: Oy Vey, Baby. Kort tid etter gjekk Bowie attende til solokarrieren sin med singelen «Real Cool World» og bandet vart oppløyst.

Han heldt fram å arbeide med Gabrels på fire album etter Tin Machine: Black Tie White Noise (Gabrels medverka berre til ein song), Outside, Earthling og 'hours...' Etter det siste albumet, følte Gabrels at Bowie var på veg mot meir dempa musikk og ønskte ikkje å vere med vidare.

Bandmedlemmar[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Plassering Album
Storbritannia[2] US Modern Rock US Mainstream Rock
1989 «Under the God» 51 4 8 Tin Machine
«Heaven's in Here» 12
«Tin Machine»/«Maggie's Farm (live)» 48
«Prisoner of Love» 78
1991 «You Belong in Rock n' Roll» 33 Tin Machine II
«Baby Universal» 48 21
«One Shot» 3

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2004, ISBN 1-903111-73-0
  • 2,0 2,1 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 560. ISBN 1-904994-10-5. 
  • Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]