Alfred Russel Wallace

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alfred Russel Wallace, ca. 1985
Foto: London Stereoscopic & Photographic Company)

Alfred Russel Wallace (8. januar 18237. november 1913) var ein britisk naturforskar, oppdagingsreisande, geograf, antropolog og biolog. Han er best kjent for uavhengig å ha utvikla teorien om evolusjon gjennom naturleg utval, som han publiserte saman med Charles Darwin i 1858.[1] Dette skynda på Charles Darwin til å publisere sine eigne idéar i On the Origin of Species. Wallace gjorde omfattande feltarbeid, først i Amazonasbassenget, og deretter i Malayarkipelet, der han identifiserte Wallace-linja som deler den indonesiske øygruppa i to åtskilte delar: ein vestleg del, der dyra i stor grad har asiatisk opphav, og ein austleg del der faunaen reflekterer Australasia.

På 1800-talet vart han sett på som den leiande eksperten på den geografiske fordelinga av dyreartar, og blir nokre gonger kalla faren til biogeografien.[2] Wallace var ein av dei leiande evolusjonistiske tenkjarar på 1800-talet og gjorde mange andre bidrag til utviklinga av evolusjonsteorien utanom å vere oppdagaren av naturleg utval saman med Darwin. Desse inkluderte omgrepet varselfarger hos dyr, og Wallace-effekten, ein hypotese om korleis naturleg utval kan bidra til artsdanning ved å oppmuntre til utvikling av barrierar mot hybridisering.

Wallace var sterkt tiltrekt av ukonvensjonelle idéar. Forsvara hans av spiritisme og trua hans på eit ikkje-materielt opphav for høgare sjelsevner hos menneske, dei anstrengte tilhøva hans til nokre av medlemmene av det vitskaplege etablissementet. I tillegg til det vitskaplege arbeidet hans, var han ein sosial aktivist som var kritisk til det han såg som eit urettferdig sosialt og økonomisk system i Storbritannia på 1800-talet. Interessa hans for naturhistorie resulterte i at han blei ein av dei første framtredande forskarar å ytre otte over dei miljømessige konsekvensane av menneskeleg aktivitetar.

Wallace var ein produktiv forfattar som skreiv både vitskaplege og sosiale publikasjonar; skildringa hans av opplevingar og observasjonar gjennom eigne granskingar i Singapore, Indonesia og Malaysia, The Malay Archipelago, er rekna som kanskje det beste av alle utgjevingar av vitskaplege undersøkingar på 1800-talet.

Wallace hadde økonomiske problem gjennom store delar av livet. Reisene hans til Amazonas og Det fjerne austen vart støtta av salet av prøver han samla inn og, etter at han mista det meste av den betydelege pengane han laga frå desse sala i mislukka investeringar, måtte han støytte seg hovudsakleg frå dei publikasjonane han produserte.

I motsetnad til nokre av sine samtidige i det britiske vitskaplege samfunnet, slik som Darwin og Charles Lyell, hadde han ingen familierikdom til å falle tilbake på, og han ikkje klarte å finne ein langsiktig lønt stilling, mottok inga fast inntekt før han vart tildelt ein liten statleg pensjon i 1881, etter innsats frå Darwin.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Alfred Wallace vart fødd i den walisiske landsbyen Llanbadoc, nær Bristol i England.[3] Han var den sjuande av ni born av Thomas Vere Wallace og Mary Anne Greenell. Thomas Wallace tok jusutdanning, men praktiserte aldri som jurist. Han arva ein inntektsbringande eigedom, men dårlege investeringar og mislukka forretningsføretak resulterte i ein jamn forverring av den økonomiske situasjonen til familien.

Mora hans var frå ein engelsk middelklassefamilie frå Hertford, nord for London[4] Då Wallace var fem år gammal, flytta familien til Hertford. Der gjekk han på Hertford Grammar School fram til økonomiske problem tvinga familien hans til å trekkje han ut frå skolen i 1836.[5]

Eit fotografi frå Wallace sin sjølvbiografi viser bygningen Wallace og broren hans John utforma og bygde for Neath Mechanics Institute.
Foto: Alfred Russel Wallace (public domain)

Wallace flytta deretter til London for å bu saman med den eldre broren John, ein 19 år gammal lærling i byggjefag. Dette var eit mellombels tiltak fram til William, den eldste broren hans, var klår til å ta han med som takstmannlærling. Samstundes gjekk han på forelesingar og las på London Mechanics Institute. Her vart han utsett for radikale politiske idéane til dei walisiske sosialreformatorane Robert Owen og Thomas Paine. Han forlèt London i 1837 for å leve med William og fungere som lærlingen hans i seks år.

Etter ein kort periode utan arbeid, vart han tilsett som ein lærar på Collegiate School i Leicester for å undervise i teikning, kartografi, og oppmåling. Wallace brukte mykje tid på det offentlege biblioteket i Leicester: han las An Essay on the Principle of Population av Thomas Malthus, og ein kveld møtte han entomologen Henry Bates. Bates var nitten år gammal, og i 1843 hadde han publisert ein artikkel om biller i tidsskriftet Zoologist. Som ven av Bates og byrja òg Wallace å samle insekt.[6][7] William døydde mars 1845, og Wallace forlèt lærarstillinga for å ta kontroll over firmaet til broren sin i Neath, men han og broren hans John var ute av stand til å gjere verksemda lønsam. Etter eit par månader, fann Wallace arbeid som bygningsingeniør for eit nærliggande firma som jobba på ei undersøking for ein prospektert jernbane i Vale of Neath.

Wallace sitt arbeid med undersøkinga førte med seg mykje tid utandørs på landsbygda, slik at han kunne gje seg til den nye lidenskapen sin for å samle insekt. Wallace overtalte broren John til å bli med på å starte eit nytt firma innan arkitektur og anlegg, som gjennomførte ei rekkje prosjekt, blant anna utforminga av ein bygning for Neath Mechanics Institute, grunnlagt i 1843.[8] William Jevons, grunnleggjaren av at instituttet vart imponert over Wallace og overtalde han til å gje førelesingar der i vitskapsfag og ingeniørfag. I ein alder av 23 år flytta han hausten 1846 saman med bror, syster og mor i eit hus som broren John kjøpte i nærleiken av Neath. Faren hadde døydd i 1843.[9][10]

I denne perioden las han ivrig, brevveksla med Henry Bates om den anonymt publiserte evolusjonistiske avhandlinga til Robert Chamber, Vestiges of the Natural History of Creation, Charles Darwin si bok The Voyage of the Beagle, og Charles Lyell si Principles of Geology.[11][12]

I nyare tid har det vore kontroversar om nasjonaliteten åt Wallace. Ettersom Wallace vart født i Monmouthshire, har nokre kjelder rekna han å vere walisisk.[13] Andre som ein engelsktalande person av engelsk nasjonalitet fødd i Wales. [14]

Utforsking og studium av naturen[endre | endre wikiteksten]

Eit kart frå The Malay Archipelago viser den fysiske geografien i øyriket og Wallace reiser rundt området. Den tynna svarte strekar viser der Wallace reiste, og dei raude linjene indikerer kjedar av vulkanar.

Inspirert av forteljingane frå tidlegare reisande naturforskarar, inkludert Alexander von Humboldt, Charles Darwin og William Henry Edwards, fann Wallace at han òg ynskte å reise utanlands som ein naturhistorikar.[15] I 1848 reiste Wallace og Henry Bates til Brasil med skipet «Mischief». Intensjonen deira var å samle insekt og andre dyreprøver i regnskogen i Amazonas og selje dei til samlarar når dei var tilbake i Storbritannia. Wallace håpte òg å samle prov for omdanning av artar.

Wallace og Bates heldt seg nær Belém do Pará mesteparten av det første året, deretter skilde deg lag og utforska innlandet kvar for seg, av og til møttest dei for å diskutere funna dei gjorde. I 1849 vart dei i ein kort periode vitja av ein annan ung oppdagingsreisande, botanikaren Richard Spruce, saman med Wallace sin yngre bror, Herbert. Herbert forlèt dei snart, han døydde to år seinare av gulfeber. Spruce derimot, akkurat som Bates, kom til å bli verande i Sør-Amerika i ti år for å samle prøver.[16]

Wallace heldt fram med å kartleggje Rio Negro i fire år, samle prøver og gjorde nedskrivingar om folk og språk han møtte samt geografi, flora og fauna.[17] Den 12. 1852 juli tok Wallace fatt på tilbakereise til Storbritannia med briggen «Helen». Etter 26 dagar på sjøen, tok lasten i skipet fyr og mannskapet vart tvinga til å forlate skipet. Alle prøvene Wallace hadde med seg skipet, for det meste samla i løpet av dei siste, og mest interessante åra av turen, gjekk tapt. Han redda berre ein del av dagbøkene og nokre få skisser.

Wallace og mannskapet låg i ein open båt i ti dagar før dei vart plukka opp av briggen «Jordeson», som seglte frå Cuba til London. Forsyningane på båten vart knappe av dei uventa passasjerane, men etter ein vanskeleg passasje på svært små rasjonar, nådde endeleg båten fram den 1. oktober 1852.[18][19]

Etter heimkomsten til Storbritannia, brukte Wallace 18 månader i London der han levde på forsikringsutbetalingar for den tapte samlinga. Han selde òg nokre eksemplar som hadde vorte sendt tilbake til Storbritannia før han starta utforskinga si av Rio Negro. Trass i å ha mista nesten alle notata frå den søramerikanske ekspedisjonen, skreiv han i denne perioden seks akademiske artiklar inkludert On the Monkeys i Amazonas, og to bøker, Palm Trees of the Amazon og Their Uses and Travels on the Amazon.[20] Han refererte til ei rekkje andre britiske naturforskarar, og mest vesentleg, Darwin.[19][21][22]

Ein illustrasjon frå boka The Malay Archipelago skildrar den flygande frosken som Wallace oppdaga

I perioden 1854 til 1862, i alderen frå 31 til 39, reiste Wallace gjennom Malayarkipelet eller Aust-India, no Singapore, Malaysia og Indonesia, for å samle prøver for sal og for å studere naturhistorie. Eit sett av 80 fugleskjelett han samla i Indonesia med tilhøyrande dokumentasjon kan finnast i Cambridge University Museum of Zoology.[23] Observasjonane hans av dei merkte zoologiske skilnadene på tvers av det smale sundet i øyriket førde til framlegget hans om ei biogeografisk grense no kjent som Wallace-linja.

Wallace samla inn meir enn 126 000 eksemplar i Malayarkipelet, meir enn 80 000 biller åleine. Fleire tusen av dei representerte nye artar for vitskapen.[24] Ein av hans betre kjende artsskildringar frå denne turen er av den glidande skogfrosken Rhacophorus nigropalmatus, kjent som Wallace sin flygande frosk. Mens han utforska øyriket, raffinerte han tankane sine om evolusjon og fekk innsikta si om naturleg utval som han er kjent for. I 1858 sende han ein artikkel til Darwin som skildrar denne teorien. Artikkelen vart publisert, saman med ei skildring av Darwin sin eigen teori om emnet, same året.

Forteljingar om studiane og opplevingane der vart til slutt gjevne ut i 1869 som The Malay Archipelago, dette vart ei av dei mest populære bøkene innan vitskapleg utforsking på 1800-talet, og ho har aldri vore utseld. Verket vart rost av forskarar som Darwin, som boka var dedisert til, og av Charles Lyell, vidare av ikkje-forskarar som romanforfattaren Joseph Conrad, som kalla boka «favorittsengelektyren» og brukte ho som kjelde til informasjon for fleire av romanane sine, spesielt Lord Jim.[25]

Tilbake til England, ekteskap og born[endre | endre wikiteksten]

Eit fotografi av A.R. Wallace tatt i Singapore i 1862.
Ukjent fotograf

I 1862 returnerte Wallace til England, der han flytta inn hos systera si, Fanny Sims, og ektemannen Thomas. Mens han kom seg etter reisene sine, organisert Wallace samlingane sine og gav mange føredrag om opplevingane og oppdagingane til vitskaplege samfunn som Zoological Society of London. Seinare same år vitja han Darwin på Down House, og vart ven med både Charles Lyell og Herbert Spencer.[26] I løpet av 1860-talet, skreiv Wallace artiklar og heldt førelesingar til forsvar av naturleg utval. Han korresponderte med Darwin om ei rekkje emne, inkludert seksuell seleksjon, varselfarger, og den moglege effekten av naturleg seleksjon på hybridisering og divergens av artar.[27] I 1865 byrja han å undersøkje spiritisme.[28]

Etter eit år med frieri, vart Wallace i 1864 trulova med ei ung kvinne som han i sjølvbiografien berre identifiserer som Miss L. Men til Wallace si store forskrekking, braut ho trulovinga. [30] I 1866, ekta Wallace Annie Mitten. Wallace hadde vorte introdusert til Mitten gjennom botanikaren Richard Spruce, som hadde vorte venner Wallace i Brasil og som òg var ein god ven av faren til Annie Mitten, William Mitten, ein ekspert på mosar. I 1872 bygde Wallace 'the Dell', eit hus av betong, på ein eigedom han leidde i Grays i Essex, der han budde fram til 1876. Ekteparet Wallace fekk tre born: Herbert (1867-1874), Violet (1869-1945), og William (1871-1951).[29]

Økonomiske vanskar[endre | endre wikiteksten]

På slutten av 1860-talet og utover 1870-talet var Wallace svært ottesam for den økonomiske tryggleiken til familien hans. Medan han var i Malayarkipelet, hadde salet av prøver tent inn ein monaleg sum pengar, som hadde vorte nøye investert av agenten som selde eksemplar for Wallace. Men då han kom tilbake til Storbritannia, gjorde Wallace ei rekkje dårlege investeringar i jernbaner og gruver. Dette øydsla bort mesteparten av pengane, og han fann seg sjølv sårt i trong etter inntekter frå utgjevinga av The Malay Archipelago.[30]

Trass hjelp frå venene sine, vart han aldri i stand til å sikre ein fast lønt stilling som til dømes museumsleiar. For å halde seg økonomisk solvent, jobba Wallace med *gradering offentlege undersøkingar*, skreiv 25 publikasjonar mellom 1872 og 1876 for ulike audmjuke summar, og vart betalt av Lyell og Darwin for å redigere nokre av deira verk.[31]

I 1876 trong Wallace £500 i forskot frå utgjevaren av The Geographical Distribution of Animals, for å unngå sal av personleg eigedom. [34] Darwin var veldig klår over Wallace finansielle vanskar og lobba lengje og hardt for å få Wallace tildelt ein statspensjon for dei livslange bidraga hans til vitskapen. Når £200 årleg pensjon vart tildelt frå 1881, hjelpte det å stabilisere Wallace sin finansielle posisjon ved å supplere inntekta frå publikasjonane hans.[32]

Sosial aktivisme[endre | endre wikiteksten]

John Stuart Mill var imponert over kommentarane Wallace tok med i The Malay Archipelago, der han kritiserer det engelske samfunnet. Mill bad han om å bli med i generalkomiteen Tenure Reform Association, men samskipnaden blei oppløyst etter Mill sin død i 1873. Wallace skreiv berre ein handfull artiklar om politiske og sosiale spørsmål mellom 1873 og 1879, då han i ein alder av 56 byrja å ta del i debattar om handelspolitikk og jordreformer for alvor. Han meinte at landlege land burde vere ått av staten og utleidd til folk som ville gjere bruk av jorda slik at det gagna flest mogleg menneske, og dermed braut den ofte misbrukte makta som velståande landeigarar i det britiske samfunnet naut. I 1881 vart Wallace valt til den første leiaren i det nyleg skipa Land Nationalisation Society.

I løpet av det neste året publiserte han ei bok, Land Nationalisation; Its Necessity and Its Aims, om dette emnet. Han kritiserte frihandelspolitikken i Storbritannia for den negative effekten han hadde på arbeidarklassemenneske.[22][33] I 1889 las Wallace den utopiske sciens fiction-romanen Looking Backward av Edward Bellamy og erklærde seg sosialist.[34] Slike idéar førde han til å opponere mot rasehygiene (eugenikk), ein idé som vart støtta av andre framtredande evolusjonistiske tenkjarar på 1800-talet, med den grunngjevinga at dagens samfunn var for korrupt og urettferdig å la nokre fastsette kven som var tilpassa eller ueigna.[35]

I artikkelen Human Selection frå 1890, skreiv han «Dei som lukkast i kampen om rikdom er på ingen måte dei beste eller dei mest intelligente ...».[36] I 1898 skreiv Wallace ein artikkel kor han argumenterte for eit reint papirpengesystem, som ikkje er stødd av sølv eller gull. Artikkelen imponerte økonomen Irving Fisher så mykje at han dediserte boka si frå 1920, Stabilizing the Dollar , til Wallace.[37] Wallace skreiv artiklar om andre sosiale og politiske emne, inkludert stønad til røysteretten til kvinner, og han skreiv kritisk om militarisme.[38][39]

I 1899 publiserte Wallace ei bok med tittelen The Wonderful Century: Its Successes and Its Failures om utviklinga på 1800-talet. Den første delen av boka dekte dei store vitskaplege og tekniske framsteg i hundreåret, den andre delen dekte kva Wallace tykte å vere feil ved samfunnet, inkludert: øydelegging og avfall frå krig og våpenkappløp, framveksten av urbane fattige, og dei farlege tilhøva fattige budde og arbeidde under, ein hardt rettssystem som ikkje klarte å forbetre kriminelle, overgrep i mentalhelsesystemet på privatåtte sanatorium, miljøskadane årsaka av kapitalismen, og vondskapen av europeisk kolonialisme.[40][41]

Gjennom resten av livet heldt Wallace fram som sosial aktivist, han publisere boka The Revolt of Democracy berre veker før han døydde.[42]

Samstundes som Wallace kom med dei sosiale kommentarane sine, heldt han fram med det vitskaplege arbeidet. I 1880 publiserte han Island Life som ein oppfølgjar til The Geographic Distribution of Animals. I november 1886 starta Wallace ein ti månaders tur gjennom USA for å gje ei rekkje populære føredrag. Dei fleste av forelesingane var om darwinismen, evolusjon gjennom naturleg utval, men han gav òg føredrag om biogeografi, spiritualisme og sosioøkonomiske reformer. I løpet av turen vart han sameina med broren John som hadde emigrert til California årane før. Han heldt seg òg ei veke i Colorado, med den amerikanske botanikaren Alice Eastwood som guide, kor dei utforska flora i Rocky Mountains og samle prov som ville føre han til ein teori om korleis istidene kan forklare visse fellestrekk mellom fjellflora i Europa, Asia og Nord-Amerika, som han publiserte i 1891 i artikkelen English and American Flowers.

Han møtte mange andre prominente amerikanske naturforskarar og såg på deira samlingar. Informasjon han samla på den amerikanske turen og frå forelesingane brukte han i boka Darwinism (1889).[43][44]

Gjennom livet samla Wallace ei stor samling av flora og fauna, halde i fleire kabinett. Berre ei av desse samlingane finst i sitt opphavlege kabinett. Ho består av totalt 1700 prøvar, av dei ei rekkje insekt, inkludert sommarfuglar, biller, møll, skjel, fluger, bier, knelarar, tarantellar, frøhus, eit vepsebol, og ein liten fugl. Samlaren Robert Heggestad fann dette kabinettet / samlinga i Washington DC i 1979 og kjøpte samlinga for USD 600 utan å vite kven som hadde samla ho. Heggestad byrja å dokumentere referansar i Wallace sitt arbeid til prøvene i kabinettet, noko som resulterte i ein rapporten på 62 sider som stør teorien om at samlinga ein gong tilhøyrde Wallace. Han har òg tilsett grafologisten Beverley East til å verifisere handskrifta i samlinga. Dette er Wallace si einaste kjende personleg samling som enno finst i eit opphavleg kabinett.

Død[endre | endre wikiteksten]

Wallace grav i Broadstone Cemetery, Broadstone, Dorset, som vart restaurert av A. R. Wallace Memorial Fund i 2000. Han har ein 2,1 meter høg fossil trestamme frå Portland montert på ei blokk med Purbeck-kalkstein.
Arbeid av George W. Beccaloni

Den 7. november 1913 døydde Wallace heime i det han kalla Old Orchard, eit hus han hadde bygd eit tiår tidlegare.[45] Han var 90 år gammal. Døden hans vart vidt rapportert i pressa. The New York Times kalla han «den siste av gigantane som tilhøyrer den fantastiske gruppa intellektuelle som inkluderte blant anna, Darwin, Huxley, Spencer, Lyell og Owen, som med sine vågale undersøkingar revolusjonerte og utvikla tenkinga for hundreåret.» Ein annan kommentator i same utgåve sa «Ingen unnskyldning turvast for dei få litterære eller vitskaplege feilsteg forfattaren av den store boka Malay Archipelago gjorde.»[46]

Nokre av Wallace sine venner la framlegg om at han måtte gravleggjast i Westminster Abbey, men kona hans følgde ynskja hans og fekk han gravlagt på den vesle kyrkjegarden ved Broadstone i Dorset.[45] Fleire prominente britiske forskarar danna ein komité for å skaffe ein medaljong av Wallace til Westminster Abbey nær Darwin sin gravstad. Medaljongen vart avduka 1. november 1915.

Evolusjonsteorien[endre | endre wikiteksten]

Tidleg evolusjonistisk tenking[endre | endre wikiteksten]

I motsetnad til Darwin, byrja Wallace karrieren sin som ein reisande naturhistorikar som allereie trudde på omdanning av artar. Konseptet hadde vorte forfekta av mellom andre Jean-Baptiste Lamarck, Geoffroy Saint-Hilaire, Erasmus Darwin og Robert Grant. Fenomenet omdanning av artar var blitt mykje diskutert, men ikkje generelt akseptert av leiande naturforskarar, og det vart rekna å ha radikale, jamvel revolusjonerande konnotasjonar.[47][48]

Prominente anatomistar og geologar som Georges Cuvier, Richard Owen, Adam Sedgwick og Charles Lyell gjorde kraftige åtak på idéen om dette konseptet.[49][50] Det har vore ymta om at Wallace akseptert idéen om omdanning av artar delvis fordi han alltid var huga på å favorisere radikale idéar i politikk, religion og vitskap,[47] og fordi han var usedvanleg open for marginale idéar i vitskapen.[51]

Han var òg sterkt prega av Robert Chambers sitt arbeid Vestiges of the Natural History of Creation, eit svært kontroversielt populærvitskapleg verk utgjeve anonymt i 1844. Verket forfekta ein evolusjonistisk opphav for solsystemet, jorda og alle levande ting.[52] Wallace skreiv til Henry Bates i 1845:

Eg har ei litt meir positiv oppfatning av 'Vestiges' enn du synest å ha. Eg ser ikkje dette som ei forhasta generalisering, men heller som ein genial hypotese sterkt stødd av nokre slåande fakta og analogiar, men som gjenstår å bli prova av fleire fakta og av at kommande forsking må kaste klårare lys over problemstillinga. Det stiller krav til kvart og eit oppdrag for naturforskarar, kvart faktum forskaren observerer vil anten vere argument for eller mot hypotesen, dermed fungerer hypotesen både som ei oppfordring til innsamling av fakta, og som eit objekt som innsamla fakta kan brukast til.[51]

I 1847 skreiv han til Bates:

Eg vil gjerne ta for meg ein utvald billefamilie for å studere han grundig, hovudsakleg med tanke på teorien om opphavet til artane. Eg har ei sterk overtyding om at ein slik studie kan gje klåre resultat.[53]

Wallace planla noko av feltarbeida sine for å teste hypotesen om at i eit evolusjonistisk scenario, så vil nært nærskylde artar finne livsområde i tilgrensande territorium.[47] Under arbeidet sitt i Amazonasbassenget, kom han til å innsjå at geografiske barrierar, til dømes Amazonaselva og dei store sideelvane, ofte åtskilt leveområda for nært nærskylde artar, og han tok med desse observasjonane i artikkelen sin frå 1853, On the Monkeys of the Amazon.[54] Mot slutten av artikkelen set han fram spørsmålet: «Er veldig nært nærskylde artar nokosinne åtskilt av eit breitt intervall på land?»

Medan han arbeidde i Sarawak på øya Borneo i februar 1855, skreiv Wallace On the Law which has Regulated the Introduction of New Species, ein artikkel publisert i Journal of Natural History i september 1855.[55] I denne artikkelen diskuterte han observasjonar med omsyn på den geografiske og geologiske fordelinga av både levande og fossile artar, det som skulle bli kjent som biogeografi. Konklusjonen hans at «alle nye artar som har oppstått har ein nært nærskylt art som lever samstundes i felles rom og tid», seinare kjent som 'Sarawak-loven'. Wallace svarte dermed på spurnaden han hadde stilt i den tidlegare artikkelen sin om apene i Amazonas. Jamvel om artikkelen ikkje inneheldt omtale av eventuelle mekanismar for evolusjonen, hinta artikkelen om den viktige publikasjonen han ville skrive tre år seinare.[56]

Utgjevinga riste Charles Lyell i trua hans om at artar var uforanderlege. Sjølv om venen Charles Darwin hadde skrive til han i 1842 og uttrykt stønad for omdanning, hadde Lyell heldt fram motstanden imot idéen. Rundt byrjinga av 1856 fortalde han Darwin om Wallace sin artikkel, det gjorde òg Edward Blyth som trudde «- Good! Upon the whole!...» «.. eg trur Wallace har lagt fram saka godt, og ifølgje teorien hans, har dei ulike innanlandske dyrerasane gradvis utvikla seg til artar.» Trass i desse tipsa, feiltolka Darwin Wallace sin konklusjon for den progressive kreasjonismen på denne tida.

Lyell var meir imponert, og starta på eit notat om artar der han stridde med konsekvensane, spesielt for menneskeleg opphav. Darwin hadde allereie vist teorien sin til den felles venen deira, botanikaren Joseph Hooker, og for første gongen, la han ut alle detaljane om naturleg seleksjon til Lyell. Sjølv om Lyell ikkje var samd, oppfordra han Darwin til å publisere teorien for å etablere prioritet. Darwin nekta først, deretter byrja han å skrive opp ei artsskisse av det framhaldande arbeidet sitt sidan mai 1856.[57]

Naturleg utval og Darwin[endre | endre wikiteksten]

Ut frå resultata av eiga biogeografiske forsking i Malayarkipelet, vart Wallace innan februar 1858 overtydt om røyndomen av evolusjon. Som han seinare skreiv i sjølvbiografien:

Problemet var ikkje berre korleis og kvifor artar endrar seg, men korleis og kvifor dei blir til nye og godt definerte artar, som skil seg frå kvarandre på så mange måtar, kvifor og korleis dei blir så nøyaktig tilpassa ulike modi av livet; og kvifor døyr alle dei mellomliggande formene ut (geologistudiar viser at dei har døydd ut), og la berre klårt definerte og godt merkte artar, slekter og høgare dyregrupper?[58]

Ifølgje sjølvbiografien, var det medan han var febersjuk at Wallace tenkte på Thomas Malthus sin idé om positive kontrollar på menneskeleg befolkningsvekst og kom opp med idéen om naturleg utval.[59] Wallace skildrar korleis han oppdaga naturleg utval som følgjer:

Deretter slo det meg at desse årsakene, eller ekvivalentane deira, stadig opptrer i tilfelle av dyr òg, og ettersom dyra vanlegvis reproduserer mykje raskare enn menneskje, må øydeleggingane kvart år frå desse årsakene vere enorme for å halde ned tala av kvar art, sidan dei tydelegvis ikkje aukar regelmessig frå år til år, for elles ville verda for lengst ha vore overfylt av dei som reproduserer raskast. Når eg tenkjer vagt over den enorme og stadig øydelegging som dette førte med seg, kom eg til å stille spurnaden, kvifor nokre døyr og andre lever? Og svaret var klårt, i det store og heile vil den best tilpassa leve ... og om ein vurderer kor mykje individuell variasjon som eksisterer i følgje røynsla mi som ein samlar, følgjer at alle endringane som er naudsynte for tilpassing av artane til dei skiftande tilhøva ... På denne måten kan alle delar av ei dyregruppe kunne modifiserast nøyaktig som ynskt, og i denne endringsprosessen vil ikkje-modifiserte artar døy ut, og såleis kan ein forklare dei eintydige karakteristikkane og den klåre isoleringa av kvar ny art.[60]
Darwin-Wallace-medaljen vart utgjeve av Linnean Society of London på 50-årsdagen for Darwin og Wallace sine artiklar om naturleg utval

Wallace hadde ein gong eit kort møte med Darwin, og Wallace var ein av korrespondentane der Darwin brukte brevvekslaren sine observasjonane til å stø eigne teoriar. Sjølv om Wallace sitt første brev til Darwin er gått tapt, tok Wallace nøye vare på breva han fekk.[61] I det første brevet, datert 1 mai 1857, kommenterte Darwin brevet av 10. oktober som han nyleg hadde fått frå Wallace, og dessutan Wallace sin artikkel On the Law which has regulated the Introduction of New Species frå 1855, viste at dei både tenkte likt og til ei viss grad nådde liknande konklusjonar, og sa at han førebudde sitt eige arbeid for publisering om omtrent to års tid.[62] Det andre brevet, datert 22. desember 1857, sa kor glad han var at Wallace teoretiserte om distribusjon, og la til at «utan spekulasjon er det ingen gode og originale observasjonar», men kommenterte at «eg trur eg går mykje lengjer enn deg».[63] Wallace stolte på Darwin si meining om saka og sende han essayet frå februar 1858, On the Tendency of Varieties to Depart Indefinitely From the Original Type, med spørsmål om at Darwin kunne vurdere det og gje det vidare til Charles Lyell, om han trudde det var verd det.[1] Den 18. juni 1858 mottok Darwin manuskriptet frå Wallace. Medan Wallace sitt essay ikkje brukte omgrepet «natural selection», skisserte det mekanismen i ein evolusjonistisk divergens av liknande artar grunna påtrykk frå miljøet. I den forstand, var Wallace sin teori svært lik teorien som Darwin hadde jobba på i tjue år, men enno ikkje var publisert. Darwin sende manuskriptet til Charles Lyell med eit brev som seier «han kunne ikkje ha gjort eit betre samandrag! Sjølv vilkåra hans står no som overskrifter av kapitla mine ... han seier ikkje han vil at eg skal publisere, men sjølvsagt skal eg det, eg vil straks skrive og tilby manuskriptet til eit fagtidsskrift».[64] Uroa av sjukdomen til den vesle sonen, sende Darwin oppgåva til Charles Lyell og Joseph Hooker, som tok avgjersla om å publisere essayet i ein felles presentasjon saman med upubliserte skrift som utheva prioritet for Darwin. Wallace hadde ikkje bede om offentliggjøring av essayet sitt, men å publisere innhald i brev frå fjerne naturforskarar var ei vanleg hending på denne tida. Wallace sitt essay vart presentert for Linnean Society of London den 1. juli 1858, saman med utdrag frå eit essay som Darwin hadde lagt med privat til Hookar i 1847, og eit brev Darwin hadde skrive til botanikaren Asa Gray i 1857.[65]

Kommunikasjon med Wallace som heldt til i det fjerne Malayarkipelet var umogleg utan månader med forseinkingar, så han var ikkje merksam på denne raske publiseringa. I ettertid aksepterte Wallace ordninga dei gjorde, glad for at han vart tatt med i det heile, og han har aldri offentleg eller privat gjeve uttrykk for agg. Darwin sin sosiale og vitskaplege status var langt større enn Wallace sin, og det var usannsynlig at Wallace sitt syn på evolusjon hadde blitt tatt på alvor utan hjelpa frå Darwin. Lyell og Hookar reduserte Wallace si stilling til medoppdagar, og han var hadde ikkje den sosiale statusen tilsvarande Darwin og andre prominente britiske naturvitskapsfolk. Men publikasjonen om naturleg utval sette Wallace saman med den meir kjende Darwin. Dette, kombinert med stønaden frå Darwin, og dessutan frå Hookar og Lyells, ville gje Wallace enklare tilgjenge til dei høgaste nivåa innanfor det vitskaplege samfunnet.[66] Reaksjonen på publikasjonen var avdempa, med presidenten i Linnean Society, uttalte i mai 1859 at året ikkje hadde vore prega av nokre slåande funn.[67] Med utgjevinga av Darwins On the Origin of Species seinare i 1859, vart verdet og betydninga av teorien merkande. Då Wallace returnerte til Storbritannia møtte han Darwin. Sjølv om nokre av Wallace sine uttrykte markerte meiningar i dei påfølgjande åra kom til å teste tålmodet til Darwin, heldt dei på den venskaplege omgangen resten av Darwins levetid. Gjennom åra har nokre få menneske undersøkt denne framstillinga av hendingane. På byrjinga av 1980-talet kom to bøker som ikkje berre ymta om ein konspirasjon for å rane den rettsmessige kredit frå Wallace, men òg at Darwin faktisk hadde stole nøkkelidéen frå Wallace for å fullføre sin eigen teori. Desse påstandane er seinare undersøkt i detalj av ei rekkje forskarar som ikkje har funne dei overtydande.[68][69][70] Forsking på transporttider har vist at Wallace sine brev ikkje kan ha blitt levert tidlegare enn datoen som blir lagt fram i Darwin sitt brev til Lyell.[71]

Forsvar av Darwin og idéane hans[endre | endre wikiteksten]

Etter utgjevinga av Darwins On the Origin of Species, vart Wallace ein av dei mest standhaftige forsvararar då han kom tilbake til England i 1862. I ein episode i 1863 som gjorde Darwin spesielt nøgd, publiserte Wallace det korte notatet Remarks on the Rev. S. Haughton's Paper on the Bee's Cell, And on the Origin of Species for å irettesetje ein artikkel av professor i geologi ved Universitet i Dublin som hadde kritisert kraftig kommentarane til Darwin i Origin om korleis sekskanta honningbieceller kunne ha utvikla seg gjennom naturleg seleksjon.[72]

Eit endå lengre forsvar av verket til Darwin var Creation by Law, ein omtale av boka The Reign of Law, som Wallace gjorde i 1867 for fagtidsskriftet The Quarterly Journal of Science. Boka var skriven av politikaren George Campbell som ein tilbakevisning av naturleg utval.[73] Etter eit møte i British Association i 1870, skreiv Wallace til Darwin og klaga «det er ingen motstandarar igjen som veit noko om naturforsking, slik at det ikkje blir fleire gode diskusjonane slik vi pleidde å ha.»[74]

Skilnader mellom Darwin og Wallace om naturleg utval[endre | endre wikiteksten]

Vitskapshistorikarar har merkt at medan Darwin såg idéane til Wallaces å vere i hovudsak dei same som sine eigne, det var skilnader.[75] Darwin la vekt på konkurranse mellom individ av same art for å overleve og reprodusere, medan Wallace understreka påverknaden frå miljøet på variantane, og at artar blir tvinga til å tilpassa seg det lokale miljøet.[76][77]

Andre har merkt at ein annan skilnad var at Wallace syntest å ha tenkt seg naturleg seleksjon som ein slags tilbakekoplingsmekanisme for å halde artane og variantane tilpassa miljøet sitt.[78] Dei peikar på eit stor i grad oversett segment i Wallace sitt berømte 1858-skrift:

Utføringa av dette prinsippet er akkurat som i sentrifugalregulatoren i dampmaskinen, som sjekkar og korrigerer eventuelle uregelvisse fenomen nesten før dei blir tydelege, og på same måte som at ubalanserte manglar i dyreriket ikkje kan kome opp i iaugefallande storleik nokon gong, ....[1]

Kybernetikaren og antropologen Gregory Bateson observerte på 1970-talet at sjølv om han berre skreiv det som eit døme, hadde Wallace «sikkert komme med det mektigaste utsegna som hadde blitt sagt på 1800-talet».[79] Bateson rørte temaet i boka Mind and Nature: A Necessary Unity frå 1979, og andre forskarar har heldt fram med å utforske samanhengen mellom naturleg utval og systemteori.[78]

Varselfarger og seksuell seleksjon[endre | endre wikiteksten]

I 1867 skreiv Darwin til Wallace om eit problem kor han formulerte ei forklaring på korleis nokre larvar har utvikla iaugefallande farger. Darwin hadde kome til å tru på at seksuell seleksjon, ei mekanisme som Wallace ikkje registrere den same tyding av som Darwin gjorde, forklarte mange iaugefallande farger på dyr. På den andre sida innsåg Darwin at forklaringa ikkje kan gjelde for larvar. Wallace svarte at han og Henry Bates hadde observert at mange av dei mest spektakulære sommarfuglane hadde særeigen lukt og smak, og at ornitologen John Jenner Weir fortalde at fuglane ikkje vil ete av ein bestemt art av vanlege kvite møll fordi dei fann dei usmakelege. «No, som den kviten møllen er like synleg i skumringa som ei farga larve i dagslys», skreiv Wallace tilbake til Darwin, og at det verka sannsynleg at iaugefallande farger fungerte som ei åtvaring til predatorar, og dermed kunne ha utvikla seg gjennom naturleg seleksjon. Darwin var imponert over idéen. På eit seinare møte i Entomological Society, spurde Wallace om kva som helst av prov som nokon kunne ha om emnet. I 1869 publiserte Weir data frå eksperiment og observasjonar som involverer fargerike sommarfugllarvar som støtta Wallace sin idé. Konseptet varselfarge er eit av fleire bidrag Wallace kom med i fagområdet utvikling av farger på dyr generelt, og spesielt området vernande fargemønster.[80] Dette var òg ein del av ei livslang usemje Wallace hadde med Darwin over tydinga av seksuell seleksjon. I boka frå 1878, Tropical Nature and Other Essays, skreiv han mykje om farger på dyr og plantar og la fram forslag til alternative forklaringar for ei rekkje tilfelle som Darwin hadde tilskrive seksuell seleksjon.[81] Han tok opp at emna i full breidd i 1889-boka Darwinism. I 1890 skreiv han ein kritisk omtale i Nature om utgjevinga The Colours of Animals av venen Edward Bagnall Poulton, kor Poulton støtta Darwin i teorien om seksuell seleksjon. Wallace åtaka spesielt Poulton sine påstandar om «estetiske preferansar i insektverda».[82]

Wallace-effekten[endre | endre wikiteksten]

I 1889 skreiv Wallace boka Darwinism, som forklarte og forsvarte naturleg utval. I boka la han fram ein hypotese om at naturleg utval kan drive isoleringa av to variantar ved å oppmuntre til utvikling av barrierar mot hybridisering. Slik kan naturleg utval bidra til utvikling av nye artar. Han foreslo følgjande scenario: Når to populasjonar av ei art hadde skilt lag utover eit visst punkt, kvar populasjon tilpassa til sine spesielle tilhøve, ville hybride avkom vere mindre veltilpassa enn kvar av dei overordna formene, og i slike tilfelle, vil naturleg utval gje ein tendens til å eliminere hybridane. Dessutan, under slike tilhøve, ville naturleg seleksjon favorisere utviklinga av barrierar mot hybridisering, slik at individ som unngjekk hybridparingar ville tendere til å ha meir tilpassa avkom, og dermed bidra til å styrke isoleringa av dei to byrjande artane. Denne idéen kom til å bli kjent som Wallace-effekten.[83] Så tidleg som i 1868 hadde Wallace foreslått til Darwin i privat korrespondanse, at naturleg utval kan spele ei rolle i å førebyggje hybridisering, men han hadde ikkje skildra konseptet ut til dette detaljnivået.[84] Framleis er Wallace-effekten eit tema for forsking i evolusjonistisk biologi, med både datasimulering og empiriske resultat som støttar gyldskapen.[85]

Vurdering av Wallace si rolle i historia om evolusjonsteorien[endre | endre wikiteksten]

I mange skildringar om utvikling av evolusjonsteorien, er Wallace nemnt berre i forbifarten som rett og slett å vere stimulans til publisering av Darwins eigen teori.[86] I røyndomen utvikla Wallace sine eigne distinkte evolusjonistiske synspunkt som avveik frå Darwin sine, og vart sett på av mange (spesielt av Darwin) for å vere ein leiande tenkjar på evolusjon i tida si, med idéar som ikkje kan bli ignorerte. Ein vitskapshistorikar har peika på at både gjennom privat korrespondanse og publiserte arbeid, utveksla Darwin og Wallace kunnskap og stimulert kvarandre sine idéar og teoriar over ein lengre periode.[87] Wallace er den mest siterte naturhistorikar i Darwin si bok Descent of Man, ofte i sterk usemje.[88] Wallace heldt fram som ein ivrig forsvarar av naturleg utval gjennom resten av livstida si. På 1880-talet vart evolusjon allment akseptert i vitskaplege kretsar, men Wallace og August Weismann var nesten åleine blant framtredande biologar i å tru at naturleg utval var den viktigaste drivkrafta bak evolusjonen.[89][90] I 1889 publiserte Wallace boka Darwinism som eit svar på dei vitskaplege kritikarane av naturleg utval.[91] Av alle Wallace sine bøker, er ho den mest siterte i vitskaplege publikasjonar.[92]

Andre vitskaplege bidrag[endre | endre wikiteksten]

Biogeografi og økologi[endre | endre wikiteksten]

Eit kart over verda frå den geografiske fordelinga av dyr viser Wallace seks biogeografiske regionar

På oppfordring frå mange vener, inkludert Darwin, Philip Sclater, og Alfred Newton, byrja Wallace i 1872 på forsking for ein generell gjennomgang av den geografiske fordelinga av dyr. I den første tida var han ikkje i stand til å gjere stor framgang, dels fordi klassifiseringssystema for mange dyregrupper var i endring på denne tida.[93] Etter at ei rekkje nye verk om klassifisering var komen ut, tok han for alvor opp arbeidet i 1874.[94] Ved å utvide Sclater sitt system for fuglar til i tillegg å dekkje pattedyr, krypdyr og insekt, skapte Wallace grunnlaget for økosonene som er i bruk i dag. Han diskuterte alle tilhøva som då var kjente for å påverke den noverande og tidlegare geografiske fordelinga av dyr innanfor kvart geografisk område. Desse inkluderte effektane av framvekst og forsvinning av landbruer, som til dømes ho som i dag bind Nord-Amerika saman med Sør-Amerika, og effektar av periodar med utbreidd istid. Han gav ut kart som viste faktorar, som til dømes fjellheving, havdjupn, og det typiske ved regional vegetasjon som påverka dyredistribusjonen. Han oppsummerte òg alle kjende familiar og slekter av høgtståande dyr og han lista dei innanfor sine kjende geografiske fordelingar. Teksten vart organisert slik at det ville vere enkelt for ein reisande å lære kva dyr han kan vente å finne på ein bestemt stad. I 1876 blei resultata publiserte i eit verk i to bind, The Geographical Distribution of Animals, og verket skulle tene som den definitive teksten på økosoner dei neste 80 åra.[95]

I 1880 publiserte Wallace boka Island Life som ein oppfølgjar til The Geographical Distribution of Animals. Ho kartlegg fordelinga av både dyre- og planteartar på øyar. Wallace klassifiserte øyar i tre ulike grupper. Dei oseaniske øyane, slik som Galapagosøyane og Hawaii danna i midten av havet hadde aldri vore del av noko stort kontinent. Slike øyar var prega av ein fullstendig mangel på terrestriske pattedyr og amfibium, og innbyggjarane deira, med unntak av trekkfuglar og introduserte artar, var vanlegvis eit resultat av utilsikta kolonisering og seinare utvikling. Han delte kontinentale øyar i to separate klasser avhengig av om dei hadde nyleg vore ein del av eit kontinent, slik som Storbritannia, eller mindre nyleg, slik som Madagaskar, og han diskuterte korleis denne skilnaden påverka flora og fauna. Han snakka om korleis isolasjon påverka utviklinga og korleis det kunne resultere i bevaring av dyreklasser, til dømes lemurar på Madagaskar som var restar av den ein gong utbreidde kontinentale faunaen. Han gjorde omfattande utgreiing om korleis klimaendringar, særleg gjennom periodar med auka istid, kan ha påverka fordelinga av flora og fauna på einskilde øyar, og den første delen av boka drøftar moglege årsaker til desse store istidene. Island Life vart rekna som eit svært viktig arbeid på den tida boka vart gjeve ut. Ho vart mykje diskutert i vitskaplege kretsar både i publisert kritikk og i privat korrespondanse.[96]

Miljøspørsmål[endre | endre wikiteksten]

Astrobiologi[endre | endre wikiteksten]

Kontroversar[endre | endre wikiteksten]

Spiritisme[endre | endre wikiteksten]

Veddemålet om jordkrumminga[endre | endre wikiteksten]

Anti-vaksinasjonskampanjen[endre | endre wikiteksten]

Arven og den historiske oppfatninga[endre | endre wikiteksten]

Eit portrett av Alfred Russel Wallace blir vist over signaturen hans på framsida av Darwinismn (1889).
Foto: Ukjent (i public domain)

Som eit resultat av forfattarskapen hadde Wallace vore ein kjend figur gjennom mange år då han døydde, både som forskar og som ein sosial aktivist. På grunn av standpunkta i ei rekkje saker vart han ofte oppsøkt av journalistar og andre.[97] Han fekk æresdoktorgradar og ei rekkje profesjonelle ærevisingar, som til dømes val til Royal Society, Copley medaljen, og ei heidring frå den britiske monarken: Order of Merit.[98] Framfor alt hadde han utmerka seg som ein eksepsjonell person i rolla som medoppdagaren av naturleg utval og i arbeidet på zoogeografi. Han var utvilsamt ein av dei største naturforskarar på 1800-talet. Trass dette, falma ryet hans raskt etter at han gjekk bort. I lang tid vart han handsama som ein relativt obskur karakter i vitskapshistoria.[86] Det har vore trekt fram ei rekkje årsaker for å forklare denne mangelen på merksemd, medrekna eigenskapar som å vere stillfarande, viljen hans til kjempe for upopulære saker utan omsyn til eiget omdømme, og ubehag etter reaksjonar frå det vitskaplege samfunnet på nokre av dei ukonvensjonelle idéane Wallace hadde. Nyleg har namnet hans blitt meir kjent etter utgjevinga av fleire biografiar om han, og dessutan antologiar av skrifta hans. I 2007 observerte ein litteraturkritikar for New Yorker magazine at fem Wallace-biografiar og to antologiar var gjeve ut etter 2000.[99] Det er òg oppretta ei nettside som er dedisert til Wallace og arbeidet hans.[100]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • Bowler, Peter J.; Iwan Rhys Morus (2005). Making Modern Science. The University of Chicago Press. ISBN 0-226-06861-7. 
  • Browne, Janet (1995). Charles Darwin: Voyaging: Volume I of a Biography. Princeton University Press. ISBN 1-84413-314-1. 
  • Browne, Janet (2002). Charles Darwin: The Power of Place: Volume II of a Biography. Princeton University Press. ISBN 0-691-11439-0. 
  • Darwin, Charles. Darwin, F. ed. The life and letters of Charles Darwin, including an autobiographical chapter. Vol. 2. London: John Murray. 
  • Desmond, Adrian; Moore, James (1991). Darwin. London: Michael Joseph, Penguin Group. ISBN 0-7181-3430-3. 
  • Larson, Edward J. (2004). Evolution: The Remarkable History of Scientific Theory. Modern Library. ISBN 0-679-64288-9. 
  • Marchant, James (1916). Alfred Russel Wallace: letters and reminiscences. New York: Harper & Brothers. 
  • McGowan, Christopher (2001). The Dragon Seekers. Cambridge: Perseus Pub. ISBN 0-7382-0282-7. 
  • Raby, Peter (1996). Bright Paradise: Victorian Scientific Travellers. Princeton University Press. ISBN 0-691-04843-6. 
  • Raby, Peter (2002). Alfred Russel Wallace: A Life. Princeton University Press. ISBN 978-0-691-10240-5. 
  • Shermer, Michael (2002). In Darwin's Shadow: The Life and Science of Alfred Russel Wallace. Oxford University Press. ISBN 0-19-514830-4. 
  • Slotten, Ross A. (2004). The Heretic in Darwin's Court: the life of Alfred Russel Wallace. New York: Columbia University Press. ISBN 0-231-13010-4. 
  • Wallace, Alfred Russel (1881). Island Life. Google Books. 
  • Wallace, Alfred Russel (1905). My Life. Chapman and Hall, London.  Vol. 1, Vol. 2.
  • Bueno Hernández A. & J. Llorente Bousquets (2003). "El Pensamiento Biogeográfico de Alfred Russel Wallace." Bogotá: Academia Colombiana de Ciencias, Colección Luis Duque Gómez I.
  • Bueno Hernández A. & J. Llorente Bousquets (2005). "L'Evoluzione di un Evoluzionista. Alfred Russel Wallace e la Geografia della Vita." M. Zunino (Ed.). Torino, Italia: Bollati Boringhieri Editore.
  • Wilson, John (2000). The Forgotten Naturalist: In search of Alfred Russel Wallace. City: Arcadia/Australian Scholarly Publishing Pty Ltd. ISBN 1-875606-72-6. 
  • "The Forgotten Naturalist: Alfred Russel Wallace". By David Bressan | 18. august 2013.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Wallace, Alfred. «On the Tendency of Varieties to Depart Indefinitely From the Original Type». The Alfred Russel Wallace Page, nettside hos Western Kentucky University. Arkivert frå originalen den 29. april 2007. http://web.archive.org/web/20070429183411/http://www.wku.edu/%7Esmithch/wallace/S043.htm. Henta 18. august 2013. 
  2. Smith, Charles H.. «Alfred Russel Wallace: Evolution of an Evolutionist Introduction». The Alfred Russel Wallace nettstad hos Western Kentucky University. http://www.wku.edu/~smithch/wallace/chsarwin.htm. Henta 18. august 2013. 
  3. Wilson The Forgotten Naturalist s. 1.
  4. Smith, Charles H.. «Alfred Russel Wallace: A Capsule Biography». The Alfred Russel Wallace Page, nettside hos Western Kentucky University. Arkivert frå originalen den 5. april 2007. http://web.archive.org/web/20070405170132/http://www.wku.edu/~smithch/index1.htm. Henta 18. august 2013. 
  5. Wilson s. 6–10.
  6. Shermer In Darwin's Shadow s. 53.
  7. Slotten s. 22–26.
  8. Neath Mechanics' Institute Swansea University. Retrieved 21st April 2013.
  9. Slotten s. 26–29.
  10. Wilson s. 19–20.
  11. Raby s. 78.
  12. Wallace My Life s. 254, 256
  13. «28. Alfred Russel Wallace». 100 Welsh heroes. http://www.100welshheroes.com/en/biography/alfredrussellwallace. Henta 2008-09-23. 
  14. Smith, Charles H.. «Responses to Questions Frequently Asked About Wallace: Was Wallace actually a Welshman, as seems to be increasingly claimed?». The Alfred Russel Wallace Page. http://www.wku.edu/~smithch/wallace/FAQ.htm#Welsh. Henta 2008-01-20. 
  15. Slotten s. 34–37.
  16. Wilson s. 36; Raby s. 89, 98–99, 120–21.
  17. Raby s. 89–95.
  18. Shermer s. 72–73.
  19. 19,0 19,1 Slotten s. 84–88
  20. Wilson s. 45.
  21. Raby s. 148.
  22. 22,0 22,1 Wallace, Alfred. «Bibliography of the Writings of Alfred Russel Wallace». The Alfred Russel Wallace Page, nettside hos Western Kentucky University. http://people.wku.edu/charles.smith/index1.htm. Henta 18. august 2013. 
  23. «University Museum of Zoology, Cambridge | Historical significance». Museum.zoo.cam.ac.uk. 2009-04-18. http://www.museum.zoo.cam.ac.uk/collections.archives/historical.significance/. Henta 18. august 2013. 
  24. Shermer s. 14.
  25. Slotten s. 267.
  26. Shermer s. 151–52.
  27. Slotten s. 249–58.
  28. Slotten s. 235.
  29. Slotten s. 239–40.
  30. Slotten s. 265–67.
  31. Slotten s. 299–300.
  32. Slotten s. 361–64.
  33. Slotten s. 365–72.
  34. Slotten s. 436.
  35. Slotten s. 436–38.
  36. Wallace, Alfred. «Human Selection (S427: 1890)». The Alfred Russel Wallace Page, nettside hos Western Kentucky University. http://people.wku.edu/charles.smith/wallace/S427.htm. Henta 18. august 2013. 
  37. Wallace, Alfred. «Paper Money as a Standard of Value (S557: 1898)». The Alfred Russel Wallace, nettside hos Western Kentucky University. http://www.wku.edu/~smithch/wallace/S557.htm. Henta 18. august 2013. 
  38. Slotten s. 366, 453, 487–88.
  39. Shermer s. 23, 279.
  40. Slotten s. 453–55.
  41. Wallace, Alfred. The Wonderful Century: Its successes and failures. Google books. 
  42. Wallace, Alfred. «The Revolt of Democracy (S734: 1913)». The Alfred Russel Wallace Page, nettside hos Western Kentucky University. http://www.wku.edu/~smithch/wallace/S734.htm. Henta 18. august 2013. 
  43. Shermer s. 274–78.
  44. Slotten s. 379–400.
  45. 45,0 45,1 Slotten s. 490.
  46. Slotten s. 491.
  47. 47,0 47,1 47,2 Larson Evolution s. 73.
  48. Bowler & Morus "Making Modern Science" s. 141.
  49. McGowan The Dragon Seekers s. 101, 154–55.
  50. Larson s. 23–24, 37–38.
  51. 51,0 51,1 Shermer s. 54.
  52. Slotten s. 31.
  53. Wallace Family Archive, 11 Oct. 1847, quoted in Raby 2002, s. 1.
  54. Slotten s. 94.
  55. «Wallace Collection - Wallace's 'Sarawak law' paper». Natural History Museum, London. 2012. http://www.nhm.ac.uk/nature-online/collections-at-the-museum/wallace-collection/closeup.jsp?itemID=138&theme=Evolution. Henta 14 February 2012. 
  56. Wallace, Alfred Russel (1855). «On the Law Which has Regulated the Introduction of Species». The Alfred Russel Wallace Page, nettside hos Western Kentucky University. Arkivert frå originalen den 28. april 2007. http://web.archive.org/web/20070428194531/http://www.wku.edu/~smithch/wallace/S020.htm. Henta 18. august 2013. 
  57. Desmond & Moore Darwin 1991, s. 438;
       Browne Charles Darwin: Voyaging s. 537–46.
  58. Wallace My Life s. 361.
  59. Slotten s. 144–45.
  60. Wallace My Life s. 361–62.
  61. Marchant, 1916. s. 105
  62. Darwin, Francis, 1887, The life and letters of Charles Darwin s. 95
  63. Darwin, Francis, 1887, The life and letters of Charles Darwin s. 108
  64. Slotten s. 153–54
      Darwin, Francis, 1887, The life and letters of Charles Darwin s. 116
  65. Browne Charles Darwin: The Power of Place s. 33–42.
  66. Shermer s. 148–50.
  67. Browne Charles Darwin: The Power of Place s. 40–42.
  68. Slotten s. 157–62.
  69. Shermer, Michael. «In Darwin's Shadow: Excerpt». michaelshermer.com. http://www.michaelshermer.com/darwins-shadow/excerpt/. Henta 18. august 2013. 
  70. Smith, Charles. «Responses to Questions Frequently Asked About Wallace: Did Darwin really steal material from Wallace to complete his theory of natural selection?». The Alfred Russel Wallace Page, nettstad hos Western Kentucky University. Arkivert frå originalen den 9. mai 2008. http://web.archive.org/web/20080509183747/http://www.wku.edu/~smithch/wallace/FAQ.htm. Henta 18. august 2013. 
  71. Ball, Philip (12 December 2011). «Shipping timetables debunk Darwin plagiarism accusations». Nature News & Comment. http://www.nature.com/news/shipping-timetables-debunk-darwin-plagiarism-accusations-1.9613. Henta 18. august 2013. 
  72. Slotten s. 197–99.
  73. Wallace, Alfred. «Creation by Law (S140: 1867)». The Alfred Russel Wallace Page, nettside hos Western Kentucky University. Arkivert frå originalen den 2. juni 2007. http://web.archive.org/web/20070602121908/http://www.wku.edu/~smithch/wallace/S140.htm. Henta 18. august 2013. 
  74. Slotten s. 261.
  75. Kutschera, U. (19. desember 2003). «A comparative analysis of the Darwin–Wallace papers and the development of the concept of natural selection». Theory in Biosciences 122 (4): 343–59. doi:10.1007/s12064-003-0063-6. 
  76. Larson s. 75.
  77. Bowler & Morus s. 149.
  78. 78,0 78,1 Smith, Charles H.. «Wallace's Unfinished Business». Complexity (publisher Wiley Periodicals, Inc.) Volume 10, No 2, 2004. http://www.wku.edu/~smithch/essays/UNFIN.htm. Henta 22. september 2013. 
  79. Brand, Stewart. «For God's Sake, Margaret». CoEvolutionary Quarterly, June 1976. Arkivert frå originalen den 15 April 2007. http://www.oikos.org/forgod.htm. Henta 22. september 2007. 
  80. Slotten pp. 251–54.
  81. Slotten pp. 353–56.
  82. Wallace, Alfred Russel (24. juli 1890). «The Colours of Animals». Nature S424: 289–91. 
  83. Slotten pp. 413–15.
  84. Slotten s. 404.
  85. Ollerton, J. «Flowering time and the Wallace Effect» (PDF). Heredity, august 2005. Arkivert frå originalen den 5. juni 2007. http://oldweb.northampton.ac.uk/aps/env/lbrg/journals/papers/OllertonHeredityCommentary2005.pdf. Henta 22. september 2013. 
  86. 86,0 86,1 Slotten s. 6.
  87. Shermer s. 149.
  88. Slotten pp. 289–90.
  89. Larson s. 123.
  90. Bowler & Morus s. 154.
  91. Slotten s. 409.
  92. Shermer s. 18.
  93. Slotten s. 301.
  94. Slotten s. 315.
  95. Slotten pp. 320–25.
  96. Slotten s. 361.
  97. Shermer s. 292–94.
  98. The London Gazette: (Supplement) no. 28194. s. 8162. 9 November 1908. Lest 18. august 2013.
  99. Rosen, Jonathan. «Missing Link: Alfred Russel Wallace, Charles Darwin's neglected double». The New Yorker Feb 2007. http://www.newyorker.com/arts/critics/atlarge/2007/02/12/070212crat_atlarge_rosen. Henta 2007-04-25. 
  100. «The Alfred Russel Wallace Page». Nettside hos Western Kentucky University. http://www.wku.edu/~smithch/wallace/chsarwin.htm. Henta 18. august 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]