Andreas Widhölzl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Andreas Widhölzl i Holmenkollen i 2006

Andreas Widhölzl (fødd 14. oktober 1976) er ein austerriksk, tidlegare skihoppar frå i Fieberbrunn i forbundslandet Tirol, og representerte skiklubben der.

I sesongen 1999/2000 kom han på andre plass, og to gonger (sesongane 1997/98 og 2002/03) har han kome på tredje plass i verdscupen i hopp. Under OL i 1998 tok han bronse i normalbakken, og under VM på ski 2005 i Oberstdorf var han med på å ta gull for Austerrike i lagkonkurransen i normalbakken.

Under OL 2006 i Torino var han med på å sikra austerriksk gull i laghoppinga.

Widhölzl har òg to andreplassar frå verdsmeisterskapen i skiflyging, i 2000 og 2006. I 1999/2000 vann han den tysk-austerrikske hoppveka.

Han mista plassen på det austerrikske laget før sesongen 07/08, og fekk han ikkje tilbake, trass stor suksess i Kontinentalcupen. Etter at han ikkje kvalifiserte seg til rennet i Planica i 2008, valde han å legga opp som skihoppar.