Toni Nieminen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Toni Nieminen (fødd 31. mai 1975) er ein tidlegare finsk skihoppar.

I 1992 blei hoppsesongen fullstendig dominert av Nieminen, då han berre var 16 år. Som ein av dei fyrste V-stilhopparane vann han hoppveka, tok to gullmedaljar under OL i Albertville og vann òg verdscupen samanlagt.

Seinare greidde Nieminen aldri å leva opp til slike resultat. Vektproblem på grunn av framleis vekst, og den øvrige verdseliten si overgang til V-stil er to av forklaringane.

Han skreiv idrettshistorie 17. mars 1994, då han i slovenske Planica (Letalnica-bakken) gjennomførte det fyrste, ståande skihoppet i historia på over 200 meter. Tidlegare same dag hadde Andreas Goldberger strekt seg til 202 meter, men han greidde ikkje å halda seg oppreist etter nedslaget.

Nieminen la opp som skihoppar etter 2002-OL, etter å ha oppnådd ein 16. plass.