Helmut Recknagel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Helmut Recknagel hoppar i Oberhof i 1955

Helmut Recknagel (fødd 20. mars 1937) er ein aust-tysk, tidlegare skihoppar, som vart både olympisk meister og verdsmeister. Tre gongar vart han samanlagtvinnar av den tysk-austerrikske hoppveka. Han var fødd i Steinbach-Hallenberg i Thüringen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Recknagel slo gjennom då han vann hopprennet i Holmenkollen 3. mars 1957, framfor finnane Eino Kirjonen og Juhani Kärkinen. I 1958-sesongen vann han den tysk-austerrikske hoppveka. Etter å ha vunne dei to siste renna, hoppa han seg forbi Nikolaj Sjamov, Nikolaj Kamenskij, begge frå Sovjet, og landsmannen Werner Lesser, som alle var mindre enn åtte poeng bak han på totallista. Same sesongen kom Recknagel på bronseplassen under verdsmeisterskapen i Lahti, bak den suverene meisteren Juhani Kärkinen og Ensio Hyytiä, begge frå vertslandet. I Holmenkollrennet kom Recknagel på andreplassen, bak Nikolaj Kamenskij frå Sovjet. Også i 1959-sesongen sigra Recknagel i den tysk-austerrikske hoppveka, då etter å ha vunne dei tre første renna.

Under dei olympiske vinterleikane i Squaw Valley 1960 vart Recknagel den første tyske skihopparen som tok OL-gull i skihopping. Seinare i sesongen vann han Holmenkollrennet for andre gong, med 224 poeng slo han Toralf Engan med 0,5 poeng. Han vart då tildelt Holmenkollmedaljen. Også i Svenska skidspelen gjekk han til topps. I 1961 tok Recknagel sin tredje samanlagtsiger i den tysk-austerrikske hoppveka, han vann då rennet i Bischofshofen og kom elles to gongar på andreplass.

Recknagel utmerka seg lite under hoppveka året etter, 1962, ein einsleg andreplass i Bischofshofen etter Willi Egger var det einaste som viste at han var å rekne med. Grunna bygginga av muren mellom DDR og Vest-Tyskland fekk ikkje dei aust-tyske hopparane delta i dei to renna i Bayern på mange år. Nokre veker seinare tok Recknagel ein overlegen siger i storbakken under verdsmeisterskapen i Zakopane. I rennet i normalbakken kapra han bronsemedaljen, bak verdsmeisteren Toralf Engan og sølvvinnaren Antoni Laciak frå Polen.

Under hoppveka 1963 kom Recknagel på andreplassen under rennet i Innsbruck, men var langt bak den suverene hoppvekevinnaren det året, Toralf Engan. I sin siste sesong, 1964, kom han på delt tredjeplass med Torbjørn Yggeseth under hopprennet i Bischofshofen. Han deltok i begge renna under vinter-OL i Innsbruck og vart nummer seks og sju.

Recknagel hoppa heile si aktive tid med armane strekt ut framom seg. Han tok såleis ikkje etter den såkalla finne-stilen, der hopparen hadde armane langsmed kroppen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]