Anne Enger
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Anne Enger Lahnstein)
Anne Enger (tidlegare Anne Enger Lahnstein, (fødd 9. desember 1949) er tidlegare leiar for Senterpartiet og var statsråd i Kulturdepartementet (kulturminister) i Regjeringa Bondevik I. I ein periode var ho fungerande statsminister for Kjell Magne Bondevik under eit lengre sjukdomsfråver. Ho kjem opphavleg frå Trøgstad i Østfold. Ho er no fylkesmann i Østfold. Ho har tidlegare vore leiar i Redningsselskapet.
Enger var ein av dei mest innflytingsrike politikarane på 90-talet, men ho er nok mest kjend for kampen mot norsk medlemskap i EU fram mot valet i 1994. I denne perioden vart ho av media kalla «Nei-dronninga».
Enger tok artium i 1968 og har utdanning både som sjukepleiar (1972) og sosionom (1975) frå Det norske diakonhjem.
| Norske kulturministrar | |
|---|---|
| Lars Roar Langslet (1981–86) · Hallvard Bakke (1986–89) · Eleonore Bjartveit (1989–90) · Åse Kleveland (1990–96) · Turid Birkeland (1996–97) · Anne Enger Lahnstein (1997–99) · Åslaug Haga (1999–2000) · Ellen Horn (2000–01) · Valgerd Svarstad Haugland (2001–05) · Trond Giske (2005–09) · Anniken Huitfeldt (2009–) |