Arcangelo Corelli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arcangelo Corelli
Corelli.jpg
Arcangelo Corelli
Fødd 17. februar 1653, Fusignano ved Ravenna, då Kyrkjestaten
Død 8. januar 1713 (59 år), Roma
Instrument Fiolin, piano, bass, trommer, mandolin, ukulele, banjo
Periode Barokken
Aktive år 1672 - 1713
Yrke Komponist

Arcangelo Corelli (fødd 17. februar 1653 i Fusignano i Ravenna, død 8. januar 1713 i Roma) var ein italiensk komponist og fiolinist.

Ein kjenner lite til det tidlege livet hans, men han fekk undervisning i fiolin hos Giovanni Battista Bassani og lærte komposisjon hos Matteo Simonelli, ein kjend songar i pavekapellet. Corelli studerte vidare i Bologna frå 1666 og vart teken opp ved Accademia Filarmonica då han var berre 17 år. I 1671 spelte han, 19 år gammal, i Paris. Dette vart ein stor suksess, noko som medførte at Corelli vart eit kjend namn i Europa. Frå Paris reiste han til Tyskland. I 1675 spelte han førstefiolin i orkesteret.

I 1681 var Corelli i teneste hos prinsen av Bayern og mellom 1680 og 1685 arbeida han saman med venen og kollegaen Cristiano Farinelli (som ein trur er onkelen til den kjente kastratsongaren Farinelli).

I 1685 var Corelli tilbake i Roma, som kammermusikar hos den svenske dronninga Christina av Sverige i Roma. Til henne tileigna han sine 12 trio sonatas da chiesa op.1 frå 1681. Corelli og dronning Christina trefte kvarandre tidleg i karrieren til Corelli og ho vart avgjerande for utviklinga til den unge komponisten - Christina vart mesénen hans. Av beundrarane hans var òg kardinal Pietro Ottoboni, grandnevø av den andre kardinal Pietro Ottoboni som i 1689 vart pave Alexander VIII). Frå 1689 til 1690 oppheldt Corelli seg i Modena, då hertugen av Modena støtta han.

Etter 1708 trekte Corelli seg tilbake frå ålmenta. Han budde i palasset til kardinal Ottoboni i Roma, men vitja kongen av Napoli same år, etter invitasjon frå kongen personleg.

Corelli laga knapt noko bruksmusikk, men fokuserte på kunstmusikk. Som fiolinlærer var han krevjande og forlangte både disiplin og skarp presisjon. Det er likevel sagt om Corelli at personlegdomen hans stemde overeins med namnet hans, han hadde tolmodet til ein erkeengel. Musikken til Corelli vart framheva av etterfølgjande kollegar til langt inn på 1800-talet. François Couperin, Vivaldi, Telemann, Giuseppe Tartini, Bach og Sergej Rachmaninov har alle hylla Corelli, gjennom i eigne verk å bygge på ideane hans.

Corelli er gravlagd i Pantheon i Roma.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Corelli var den første komponisten som vart utelukkande kjend for instrumentalmusikken sin. Verka hans var særs populære i samtida og i lang tid etterpå. Dei seks opusa hans omfattar berre 49 triosonatar, 12 concerti grossi og ein sinfonia - i kvantitet liten i forhold til til dømes Bach eller Händel, men musikken hans var likevel viktig for barokkmusikken.

Seks opus er autentisk tilskriven Corelli, i lag med nokre få andre verk.

  • Opus 1: 12 sonatas da chiesa (triosonatar for 2 fiolinar og continuo) (Roma 1681)
  • Opus 2: 12 sonatas da camera (triosonatar for 2 fiolinar og continuo) (Roma 1685)
  • Opus 3: 12 sonatas da chiesa (triosonatar for 2 fiolinar og continuo) (Roma 1689)
  • Opus 4: 12 sonatas da camera (triosonatar for 2 fiolinar og continuo) (Roma 1694)
  • Opus 5: 12 Suonati a violino e violone o cimbalo (6 sonatas da chiesa og 6 sonatas da camera for fiolin og continuo) (Roma 1700) Den siste sonaten er ei samling variasjonarLa Folia.
  • Opus 6: 12 concerti grossi (8 concerti da chiesa og 4 concerti da camera for concertino av 2 fiolinar og cello, strykarar ripieno og continuo) (Amsterdam 1714)
  • op. post.: Sinfonia i d-moll, WoO 1
  • op. post.: Sonata a Quattro, WoO 2
  • op. post.: Sonata a Quattro for trompet, 2 fiolinar & B.C, WoO 4
  • op. post.: 6 Sonate a tre, WoO 5–10 (Amsterdam 1714)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Arcangelo Corelli