Inge I av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Inge I Krokrygg var konge av Noreg frå 1136 til 1161. Han vart fødd i 1135 som son av kong Harald IV Gille. Inge vart vald til konge på Borgartinget i 1136. Samstundes vart broren Sigurd II Haraldsson Munn teken til kongen på Øyratinget. Inge Krokrygg kjempa mot brørne Øystein II Haraldsson og Sigurd, og klarde å få teke livet av dei begge. Inge Krokrygg fall i eit slag i 1161 mot Sigurd Munn sin son Håkon II Herdebreid.

I borgarkrigstida var det vanleg at fleire kongssøner kjempa mot kvarande om makta i Noreg. I Heimskringla av Snorre Sturlason kan ein lesa norske kongesoger. Mellom anna om Inge Krokrygg.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]