Magnus V av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Magnus V eller Magnus Erlingsson var konge av Noreg i tidsrommet 1162-1184.

Magnus var son åt stormannen Erling Skakke og Kristin, dotter åt Sigurd Jorsalfare. Han var difor ikkje kongsson, noko birkebeinane nytta mot han i kampen om makta. Magnus Erlingsson var den fyrste norske kongen som vart krynt, anten i 1163 eller 1164. Han var berre fem år då han vart vald til konge av lendmannspartiet under borgarkrigstida. Dei fyrste åra, medan han var umyndig, var Erling Skakke formyndarregent. Den fyrste sigeren hans på slagmarka var slaget på Re utanfor Tønsberg i 1177, der birkebeinkongen Øystein Møyla vart drepen.

Seinare same året kom Sverre Sigurdsson frå Færøyane og tok over leiinga av birkebeinane og førde kampen vidare. Erling Skakke fall i slaget på Kalvskinnet i Nidaros i 1179. Magnus Erlingsson fall i slaget ved Fimreite i Sognefjorden i 1184.