Borlänge kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Borlänge kommun
Borlänge vapen.svg
Kommunevåpenet til Borlänge kommun
Len Dalarnas län
Landskap Dalarna
Centralort Borlänge
Areal 639 km²
 – Landareal 587 km²
 – Vassareal 52 km²
Folketal 47 980
Folketettleik 81/km²
Kommunenummer 2081
Nettside www.borlange.se
Kart
Borlänge Municipality in Dalarna County.png

Borlänge kommun er ein kommune i Dalarnas län i Sverige. Kommunen grensar til Gagnefs kommun i vest, Leksands kommun og Falu kommun i nord, Säters kommun i søraust og Ludvika kommun i sørvest, alle i Dalarnas län. Administrasjonssenteret i kommunen er Borlänge.

Han inneheld ein del av det kuperte og skogkledde Bergslagsområdet i sør og sørvest, og ein del av Tunaslätten kring Dalälven i nordaust. Borlänge kommun har gamle industritradisjonar, men dei siste tjue åra har viktigskapen til industrien vorte mindre. Administrasjonsenteret Borlänge har likevel framleis nokre større industriføretak.

Administrativ historikk[endre | endre wikiteksten]

Borlänge byrja sin «kommunale karriere» som namn på eit municipalsamhälle som vart innlemma i Stora Tuna kommun i 1891. I 1898 braut det ut av kommunen og Borlänge köping vart oppretta. I Stora Tuna vart det i 1925 innlemma endå eit municipalsamhälle, Domnarvet. Dette braut i 1929 ut til ein eigen kommune. Borlänge og Domnarvet vart i 1944 slått saman til Borlänge stad. Ved kommunereforma i Sverige frå 1952 gjekk Torsångs kommun inn i storkommunen Stora Tuna. I 1971 vart Borlänge igjen sameina med Stora Tuna og Borlänge kommun vart oppretta.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Blasonering: Eit skjold delt av eit band med ein sølvstraum. Oppe eit sølvfarga jernmerke på blå bakgrunn og nede ei sølvfarga ståande øks på raud bakgrunn.[1]

Dette våpenet vart fastsett av kongen 21. januar 1938 for Domnarvets landskommun. I 1942 fekk Borlänge köping eit våpen med ein våg og ein båt. Då Borlänge stad vart oppretta i 1944 var det Domnarvet sitt våpen som vart teke i bruk. Før kommunesamanslåinga i 1971 hadde også Stora Tuna og Torsång våpen, i likskap med dei fleste landskommunane i Dalarnas län. I byrjinga vart det brukt eit våpen med ein «B» og ei bølgje, men i 1978 vart det vedteke at ein skulle registrere det gamle byvåpenet for den nye kommunen.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Det er sju tettstader i Borlänge kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1 Borlänge 39 422
2 Ornäs 1 094
3 Torsång 685
4 Halvarsgårdarna 347
5 Idkerberget 321
6 Repbäcken 230
7 Norr Amsberg 227

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]

  1. «Medelst vågskuror två gånger av blått, silver och rött styckad sköld, i första fältet ett järnmärke och i tredje en balkvis ställd yxa, båda av silver».