Älvdalens kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Älvdalens kommun
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Dalarnas län
Landskap Dalarna
Del av Dalarna, Q61607732, Q61606759
Centralort Älvdalen
Areal 7 189,45 km²
 - land 6 917,28 km²
 - vatn 272,17 km²
Folketal 7 362
Folketettleik 1 / km²
Kart
Älvdalens kommun
61°13′0″ N 14°1′0″ E
Wikimedia Commons: Älvdalen Municipality
Nettstad: www.alvdalen.se

Älvdalens kommun er ein kommune i Dalarnas län i Sverige. Kommunen grensar til to andre kommunar i Dalarnas län. Desse er Mora kommun i sør og aust og Malung-Sälens kommun i sørvest og vest. I tillegg grensar han til Härjedalens kommun i Jämtlands län i nord og kommunane Trysil og Engerdal i Noreg i vest. Administrasjonssenteret i kommunen er Älvdalen, som ligg 35 km nordvest for Mora.

Det er mange fjell over 1000 moh. nord i kommunen, og det høgaste, Storvätteshågna i Långfjället er på 1204 moh. Österdalälven renn gjennom kommunen frå nordvest til søraust. Landskapet i Älvdalens kommun har eit stort innslag av myrmark. Næringslivet er dominert av jord- og skogbruk, samt turisme, mellom anna til vintersportsstadene Idre og Grövelsjön.

Administrativ historikk[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste riksomfattande kommuneinndelingsreforma i 1952 påverka ikkje området. Ved den andre, i 1971, vart Älvdalen slått saman med Särna og Idre til ein ny kommune med namnet Älvdalens kommun.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Blasonering: På sølvbakgrunn, eit raudt fjell med tre avrunda toppar med ein armbrøst på, og øvst ei blå bølgje med ein ljå på.[1]

Våpenet vart fastsett for «gamle» Älvdalens kommun i 1946. Også Särna og Idre hadde våpen ved samanslåinga i 1971, og det gjekk heilt til 1991 før det noverande våpenet til Älvdalen vart registrert i Patent- och registreringsverket.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Det er åtte tettstader i Älvdalens kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1. Älvdalen 1 812
2. Idre 769
3. Särna 768
4. Rot 684
5. Västermyckeläng 303
6. Evertsberg 285
7. Åsen 262
8. Brunnsberg 220

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «I fält av silver ett rött treberg, belagt med ett armborst, och däröver en av en vågskura bildad blå ginstam, belagd med en lie av silver.».