Orsa kommun
| Orsa kommun | |
Kommunevåpenet til Orsa kommun |
|
| Len | Dalarnas län |
| Landskap | Dalarna |
| Centralort | Orsa |
| Areal | 1 808,13 km² |
| – Landareal | 1 742,27 km² |
| – Vassareal | 65,86 km² |
| Folketal | 7 091 |
| Folketettleik | 4,07/km² |
| Kommunenummer | 2034 |
| Nettside | www.orsa.se |
| Kart | |
|---|---|
Orsa kommun er ein kommune i Dalarnas län i Sverige. Kommunen grensar til to andre kommunar i Dalarnas län, Rättviks kommun i aust og Mora kommun i sør og vest. I tillegg grensar kommunen til Ljusdals kommun i Gävleborgs län i nord og Härjedalens kommun i Jämtlands län i nordaust. Administrasjonssenteret i kommunen er Orsa, som ligg 15 km nord for Mora.
Nord i Orsa kommun finn ein mykje furuskog i næringsfattig morenejord, men i sør er det ein meir fruktbar og artsrik sedimentberggrunn, mellom innsjøane Skattungen og Orsasjön. Det er også mykje myrmark i kommunen. Næringslivet er dominert av treindustri og turisme. Ein kjend attraksjon i kommunen er Orsa Grönklitt, som er eit skisenter og ein bjørnepark.
Innhaldsliste |
Administrativ historikk [endre]
Orsa kommun omfattar i dag det same området som ved innføringa av kommunar i 1863. Administrasjonssenteret Orsa var municipalsamhälle frå 1902 til 1966.
Kommunevåpenet [endre]
Blasonering: På gullbakgrunn, tre raude orsaslipesteinar, to øvst og éin nedst.[1]
Slipesteinproduksjon har føregått svært lenge i området og slipesteinen finst òg på eit soknsegl frå 1720. Våpenet vart fastsett av kongen i 1943. [2]. Det vart ikkje gjort nokon endringar i kommunen i samband med inndelingsreformene på 1950- og 1970-talet, men våpenet vart registrert hjå Patent- och registreringsverket ifølgje dei nye reglane for kommunevåpen i 1974.
Tettstader [endre]
Det er to tettstader i Orsa kommun.
Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.
| Nr. | Tettstad | Folketal |
|---|---|---|
| 1. | Orsa | 5 278 |
| 2. | Skattungbyn | 266 |
Kjelder [endre]
- Artikkelen var opphavleg basert på ei omsetjing av «Orsa kommun» på Wikipedia på svensk.
- «Orsa» på Store Norske Leksikon.
Fotnote [endre]
|
|
||
|---|---|---|
| Avesta · Borlänge · Falun · Gagnef · Hedemora · Leksand · Ludvika · Malung-Sälen · Mora · Orsa · Rättvik · Smedjebacken · Säter · Vansbro · Älvdalen | ||
| Sjå òg: Liste over Sveriges kommunar | ||