Havert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Havert

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga

Havert
Havert

Systematikk
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Mammalia
Orden: Carnivora
Underorden: Pinnipedia
Familie: Phocidae
Slekt: ''Halichoerus''

Nilsson1820

Art: ''H. grypus''
Vitskapleg namn
Halichoerus grypus
Havert, haverkn, gråsel
Namn på andre språk
Norrønt Erknselr
Svensk Gråsäl
Dansk Gråsæl
Engelsk Grey Seal
Tysk Kegelrobbe
Fransk Phoque gris
Spansk Foca gris
Russisk Dlinnomordyj tjulen (Длинномордый тюлень), seryj tjulen (Серый тюлень), tevjak (Тевяк)

Havert, haverkn eller gråsel (Halichoerus grypus) er ein stor sel som lever i temperert til kjølig vatn langs den nordlege Atlanterhavskysten. Det er òg ein liten bestand i Østersjøen. I Noreg er han vanlegast frå Trøndelag og nordover, med ei lita stamme ved kysten av Rogaland. Ein reknar med at det finst ein bestand på om lag 4500-5000 dyr i norske farvatn.

Haverten vert jakta på etter kvoter som overstig det Havforskningsinstituttet tilrår. Norsk raudliste 2006 reknar han som nært truga, det vil seie at bestanden kan bli truga om få år.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Haverten er ein stor sel i norsk samanheng, men middelsstor viss ein reknar med arktiske og antarktiske artar. Hannar kan bli 2,5-3,3 m lange med ei vekt på opp til 300 kg, medan hoene oftast er mykje mindre; vanlegvis vert dei 1.6–2.0 m lange og veg 100–150 kg.

Haverten varierer i farge frå brun til grå, og er lett å kjenna att på den lange, krumme snuta. Hannen har i tillegg ei rekkje store hudfaldar på halsen. Oversida på dyret er dekt av små svarte flekkar.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Haverten lever som oftast i små flokkar ytst i skjærgarden. Der lever dei av fisk og blekksprut, som dei fangar på djupner ned til 70 m. I paringstida, som er om hausten hjå dei norske bestandane, samlar dei seg i større grupper.

Hoa går drektig i 8 månadar etter ei forseinka innplanting på 3 1/2 månad, og før ungane sine kort tid før paringa. Dei kan para seg både i vatn, på land og på is. Hannen samlar 6-7 hoer i eit harem, men ei ho kan la seg befrukta av meir enn ein hann.

Dei fleste ungene som vert fødd døyr unge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]