Buskhund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Buskhund

Status i verda: NT Nær truga

Buskhund
Buskhund

Systematikk
Domene: Eukaryotar
Rike: Dyr
Rekkje: Ryggstrengdyr
Underrekkje: Virveldyr
Klasse: Pattedyr
Orden: Rovdyr
Familie: Hundedyr
Slekt: Speothos
Vitskapleg namn
Speothos venaticus
Buskhund
Namn på andre språk
Svensk Skogshund, buskhund
Dansk Skovhund
Engelsk Bush Dog
Tysk Waldhund
Fransk Chien des buissons
Spansk Perro venadero, zorro vinagre, zorro pitoco, yagua, ivigui, cinogalo, perro de agua, perro de monte, perro selvático
Russisk Kustarnikovaja sobaka (Кустарниковая собака)

Buskhund (Speothos venaticus) er eit dyr i hundefamilien, det einaste i slekta Speothos. Hunden veg 5-7 kg. Han har ei lengd på 57-75 cm med ein hale på 12,5-15 cm. Pelsen er tjukk og mjuk, lyst brunfarga med ein raud let, og ein lysare del på undersida av halsen.

Utbreiingsområde.

Dyret lever i eit stort område i austre Sør-Amerika som omfattar Panama, Colombia, Venezuela, Bolivia, Peru vest for Andes, Ecuador, Guiana, Paraguay, nordaustre Argentina (Misiones-provinsen) og Brasil (frå regnskogen Amazonas til staten Amazonas). Likevel er buskhunden sjeldan, og arten er klassifisert som sårbar. Lenge trudde ein at det var ein utdøydd art, ettersom det berre var funne fossil av han i brasilianske grotter.

Buskhunden er eit rovdyr som helst jakter i flokk. Hovudbyttet er den store gnagaren paka (Agouti paca), men ein flokk på 10-12 hundar kan òg leggja ned større byttedyr. Dei er dyktige til å symja, og har utvikla symjehud mellom tærne.

Ein buskhund kan bli om lag ti år. Han blir kjønnsmoden i eittårsalderen. Eit svangerskap tek 63 dagar, og ei mor kan få opptil seks kvalpar.

Dyret går under mange namn. Han blir kalla eddikhund (portugisisk: cachorro-vinagre, spansk: perro vinagre) og eddikrev (sp. zorro vinagre), villhund (port. cachorro-do-mato), vasshund (sp. perro de agua) og fjellhund (sp. perro de monte)