Det internasjonale havforskingsrådet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Det internasjonale havforskingsrådet (International Council for the Exploration of the Sea (ICES) eller Conseil International de l'Exploration de la Meir (CIEM)) vart skipa 22. juli 1902 i København av åtte nordeuropeiske kyststatar: Danmark, Finland, Nederland, Noreg, Russland, Storbritannia, Sverige og Tyskland. Organisasjonen har sete i København.

ICES har i dag 19 medlemsland, idet Belgia, Canada, Estland, Frankrike, Irland, Island, Latvia, Polen, Portugal, Spania og USA seinare har slutta seg til organisasjonen. I tillegg har seks land observatørstatus: Australia, Chile, Hellas, New Zealand, Peru og Sør-Afrika. To internasjonale ikkje-statlege organisasjonar har fått observatørstatus: Worldwide Fund for Nature og BirdLife International.

I byrjinga var ICES ein vitskapleg organisasjon som arbeidde med praktiske fiskerispørsmål, og eit tverrfagleg forum for marine studium. I dag er ICES ein moderne, mellomstatleg organisasjon for havforsking, og eit rådgjevande organ for fiskeriforvaltninga i medlemslanda. Det siste arbeidsområdet er delegert til ein rådgjevande komite for fiskeriforvaltning - Advisory Committee on Fishery Management (ACFM).

ACFM har definert nivå på dei ulike gytebestandane til fiskeartane, der dei opererer med ei nedre grense som ikkje kan underskridast utan at bestanden svekkast. Han definerer òg ein føre-var-grense som ligg noko høgare, og der styresmaktene ved underskriding blir tilrådd å iverksetje tiltak som kan få bestanden opp på eit tryggare nivå.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]