Fjodor Apraksin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grev Fjodor Apraksin

Grev Fjodor Matvejevitsj Apraksin (27. oktober 166110. november 1728 i Moskva) var ein av dei første russiske admiralane og styrte i Estland og Karelia frå 1712 til 1723, generaladmiral (1708), leiar for Det russiske admiralitetet frå 1718 og kommandant over Austersjøflåten frå 1723.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Syster hans var gift med tsar Fjodor III av Russland i 1681, og tente han og sidan etterkomaren Peter. I 1692 vart Apraksin guvernør i Arkhangelsk, den viktigaste hamnebyen i Russland på den tida, og bygde skip som kunne stå i mot uvêr, til stor glede for tsaren. I 1697 oversåg han bygginga av den første russiske flåten ved Voronezj. Han vart den første russiske guvernøren i Azov i 1700.

Under den store nordiske krigen vart han sendt til Moskva, der han hadde ansvaret for myntpressinga og våpenfabrikken. I 1708 vart han øvstkommanderande i Ingermannsland for å forsvare den nye hovudstaden St. Petersburg mot svenskane, som han grundig slo, før han erobra Vyborg i Karelen. 25. februar 1710, 48 år agmmal, vart han den tredje russaren nokon gong som vart adla.

Apraksin vart øvstkommanderande for Svartehavet under Prut-felttoget (1711). I mars 1710 kommanderte han omleiringa av Vyborg. Han tok den svenske festninga i juni og vart utpeikt guvernør over dei erobra provinsane (Estland, Ingermannsland og Karelen). Han kommanderte den russiske marinen under erobringa av Helsingfors i 1713 og støtta erobringa av Finland frå sjøen og det store slaget ved Gangut (1714). Same året assisterte han tsaren i å bygge ei ny hamn i Revel. Tidlegare, i 1712, forhandla han med Tyrkia, som endra med øydelegginga av Taganrog og overgjevinga av Azov til osmanarane.

Frå 1710 til 1720 leia han personleg åtak mot Sverige, herja landet nådelaust og tvang fram freden i Nystad, der dei baltiske provinsane vart overgjeve til Russland. For dette vart han gjort til senator og generaladmiral i imperiet.

I 1715 kom Apraksin i unåde hos tsaren etter å unngått å følgje ordrar og korrupsjon i admiralitetet. Etter ei kort undersøking fekk han ei bot og vart sendt for å styre Estland. I 1719 leia han det russike sjøtoktet i Bottenviken. Under den russiske-persiske krigen 1722-1723 klarte Apraksin så vidt å unngå eit attentatforsøk av tsjetsjenarar.

Det siste oppdraget til Apraksin var til Revel i 1726 for å forsvare byen mot eit venta åtak frå britane, som hadde eit dårleg forhold til Russland i byrjinga av regjeringstida til Katarina I.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fjodor Apraksin