Haute-Saône

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haute-Saône
Våpenskjoldet til Haute-Saône
Plassering
Plasseringa til Haute-Saône i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 70
Region: Franche-Comté
Préfecture: Vesoul
Sous-préfectures: Lure
Arrondissement: 2
Kantonar: 32
Kommunar: 545
Président du conseil général: Yves Krattinger
Statistikk
Folketal Rangering 82.
 -1999 229 732
Folketettleik: 43/km²
Landareal¹: 5 360 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Haute-Saône er eit departementet nordaust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Franche-Comté og er kalla opp etter elva Saône.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Departementet vart oppretta 22. desember 1789 under den franske revolusjonen frå delar av den tidlegare franske provinsen Franche-Comté

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Departementet ligg mellom Lorraine og Alsace i nord og Bourgogne i sør, og grensar til departementa Haute-Marne i nordvest, Vosges i nord, Territoire de Belfort i aust, Doubs og Jura i sør og Côte-d'Or i vest.

Nord i departementet ligg dei sørlege områda av fjellkjeda Vogesane. Her har elva Saône sitt utspring, som har gjeve namn til departementet, og renn sørvestover.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Hovudnæringa i departementet er jordbruk, nesten halvparten av overflata er dyrkande jord og beiteland. Ein tredjedel er dekt av skog. Eit kjent produkt frå regionen er osten Comté.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Haute-Saône