Basel-Landschaft
| Basel-Landschaft Tysk: Basel-Landschaft Fransk: Bâle-Campagne Italiensk: Basilea Campagna Retroromansk: Basilea-Champagna |
|
|---|---|
| Hovudstad | Liestal |
| Folketal | 275 536 (2011) |
| Areal | 517,56 km² |
| Folketettleik | 532/km² |
| Forkorting | BL |
| Kanton sidan | 1501 |
| Høgaste topp | Hinteri Egg (1169 moh) |
Basel-Landschaft er ein kanton i det nordvestlege Sveits. Kantonen har eit areal på 518 km2 og 275 536 innbyggarar i 2011. Liestal er hovudstad i kantonen Basel-Landschaft.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Kantonen grensar til regionen Alsace i Frankrike i vest, og delstaten Baden-Württemberg i Tyskland i nord. Dessutan grensar Basel-Landschaft til kantonane Basel-Stadt, Aargau, Solothurn og Jura. Høgste punktet er Hintere Egg på 1 169 meter over havet. Lågastliggande punktet er der elva Birs renn ut i Rhinen, 246 moh.
[endre] Språk og samfunn
Tysk er både talemål og embetsspråk. Folk har rett på svar på eige språk frå embetsverket, dersom ein brukar eit av dei andre offisielle språka i Sveits. 20% av innbyggarane i kantonen er utanlandske statsborgarar. Italienarar og tyskarar utgjer dei klart største utanlands-kontingentane, men det finst òg mange frå Tyrkia og Serbia. Om lag 43% av innbyggarane er protestantar, 32% soknar til den romersk-katolske kyrkja. Både den reformerte og den romersk-katolske kyrkja har status som statskyrkjer (Landeskirche).
[endre] Distrikt og kommunar
Basel-Landschaft består av fem distrikt (Bezirke), som er delt opp i til saman 86 kommunar. Dei fem distrikta har namn etter administrasjonsbyane, og er Arlesheim, Laufen, Liestal, Sissach og Waldenburg.
[endre] Historie
Basel-Landschaft gjekk inn i det sveitsiske eidsforbundet i 1501. Inntil 1833 utgjorde Basel-Landschaft saman med Basel-Stadt kantonen Basel. Dei to kantonane vart, fram til 1999, då det omgrepet vart fjerna frå Sveits si grunnlov, omtala som 'halvkantonar'. Basel-Landschaft er like autonom som alle andre kantonane, men kantonen har ei røyst i Sveits sitt stenderråd, medan dei fleste andre kantonane har to røyster.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Basel-Landschaft» frå Wikipedia på tysk, den 9. august 2011.
[endre] Bakgrunnsstoff
|
Originaltekst av Basel-Landschaft ved Wikisource. |
| Slå opp Basel-Landschaft i Wiktionary, den frie ordboka. |
| Kantonane i Sveits | |
|---|---|
| Aargau | Appenzell Ausserrhoden | Appenzell Innerrhoden | Basel-Stadt | Basel-Landschaft | Bern | Fribourg | Genève | Glarus | Graubünden | Jura | Luzern | Neuchâtel | Nidwalden | Obwalden | Schaffhausen | Schwyz | Solothurn | St. Gallen | Thurgau | Ticino | Uri | Valais | Vaud | Zug | Zürich | |