Kantonen Schwyz
| Schwyz Tysk: Schwyz Fransk: Shwytz Italiensk: Svitto Retroromansk: Sviz |
|
|---|---|
| Hovudstad | Schwyz |
| Språk | tysk |
| Folketal | 146 730 (2011) |
| Areal | 908 km² |
| Folketettleik | 162/km² |
| Forkorting | SZ |
| Kanton sidan | 1291 |
| Høgaste topp | 2802 m (Bös Fulen) |
Schwyz er ein kanton i det sentrale Sveits. Han har eit areal på 908 km2 og hadde 144 686 innbyggarar i 2009. Byen Schwyz er hovudstad i kantonen.
Schwyz er ein av dei tre urkantonane som har vore med i det sveitsiske eidsforbundet sidan landet vart danna i 1291. Både namnet og flagget til Sveits stammar frå denne kantonen.
Innhaldsliste |
Geografi [endre]
Schwyz grensar i nord mot kantonane Zug og Zürich, i nordaust mot St. Gallen, i aust mot Glarus, i sør mot Uri og i vest mot Luzern. Delar av Vierwaldstättersjøen, Zugsjøen og Zürichsjøen ligg i kantonen.
Landskapet er meir prega av åsar enn fjell. Om lag tre fjerdedelar er produktive landområde, 26% av flatevidda er skogdekt. Høgste fjellet, Bös Fulen på 2 802 moh, ligg på grensa mot Glarus.
Språk og samfunnn [endre]
Skriftspråket i Schwyz er tysk, talemålet høyrer til den sveitsartyske dialekta. 17,2% av innbyggarane er utanlandske statsborgarar. 72% av folket er romersk-katolske, medan 13% soknar til protestantismen.
Distrikt og kommunar [endre]
Schwyz består av 6 distrikt (Bezirke), som er delt opp i til saman 30 kommunar. Dei seks distrikta er: Einsiedeln, Gersau, Höfe, Küssnacht, March og Schwyz.
Historie [endre]
Germanarar vandra inn i området for om lag 1 400 år sidan. Desse var ganske snart omvende til kristen tru. I det 10. hundreåret hadde klosteret i Einsiedeln utvida si makt over heile det omkringliggande landområdet. Handelen over Gotthardpasset var då ein viktig økonomisk faktor i Schwyz.
Den 1. august i 1291 slutta Schwyz seg, saman med kantonane Uri og Unterwalden, til Rütiavtalen, noko som vert rekna for grunnleggjinga av Sveits. Schwyz hadde til 1320 ei leiande rolle i samanslutninga, og ei forvansking av namnet på kantonen vart i 1803 namnet på konføderasjonen Sveits. Det sveitsiske flagget er identisk med flagget til Schwyz.
Schwyz sette seg mot reformasjonen. I slaget ved Kappel i 1531 sigra Schwyz-hæren over hæren til reformasjonsleiaren Huldrych Zwingli. Zwingli sjølv var ein av dei som fall i slaget.
Mellom 1798 og 1803 var Schwyz med i republikken Helvetia, danna av Napoleon. I 1845 gjekk kantonen saman med dei andre katolske kantonane i eit Sonderbund, ein utbrytar frå den sveitsiske konføderasjonen. Etter ein kort borgarkrig hausten 1847 vart separatistkantonane slegne, og i 1848 var Schwyz ein av kantonane som gjekk med i den nydanna føderalstaten.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Kanton Schwyz» frå Wikipedia på tysk, den 10. august 2011.
Bakgrunnsstoff [endre]
| Kantonane i Sveits | |
|---|---|
| Aargau | Appenzell Ausserrhoden | Appenzell Innerrhoden | Basel-Stadt | Basel-Landschaft | Bern | Fribourg | Genève | Glarus | Graubünden | Jura | Luzern | Neuchâtel | Nidwalden | Obwalden | Schaffhausen | Schwyz | Solothurn | St. Gallen | Thurgau | Ticino | Uri | Valais | Vaud | Zug | Zürich | |