Kløyv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Flogopitt-glimmer med kløyv (spalteflate)
Denne artikkelen handlar om terminologien som beskriver ein krystall eller mineralklump si evne til å kløyve (splitte) seg gjennom visse plan eller svake soner. For kløyv i bergartar, sjå kløyv i geologi.
Grøn fluoritt med utprega kløyv.

Kløyv eller engelsk cleavage i mineralogien er tendensen til eit krystallinsk mineral å kløyvast eller splittast langs bestemte krystallografiske strukturelle plan. Desse relativt svake plana skuldast at atom og ion i krystallen dannar glatte, parallelle flater som er synlege både i eit mikroskop og til det nakne auge.[1]

Nokre mineral er meir spaltbare enn andre, for eksempel glimmer som har eit veldig tydeleg fint kløyv på tvers av krystallen. Kløyv må ikkje forvekslast med brot som viser til eit mineral si evne til å dele seg i andre retningar enn kløyvretningane.

Typar kløyv[endre | endre wikiteksten]

Kløyv dannast parallelt med dei krystallografiske plana:[1]

Biotitt med basalt kløyv.
  • Basal eller pinacoidal kløyv finn ein parallelt til basen av ein krystall. Denne orienteringa er gitt av {001}-planet i krystallgitteret (sjå Miller-indeksar) og er den same som {0001}-planet i Bravais-Miller indeksar som ofte er nytta for rhombohedriske og heksagonale krystallar. Basal kløyv er finn ein i glmmer-gruppa og i grafitt.
  • Kubisk kløyv finn stad langs {001} plana, parallelt med overflata på ein terning for ein krystall med kubisk symmetri. Dette er årsaka den kubiske forma ein ser i krystallar av male bordsalt, mineralet halitt. Mineralet blyglans(galenitt) syner ofte òg perfekt kubisk kløyv.
  • Oktahedrisk kløyv skjer langs {111} krystallplana og dannar oktahedriske former i ein krystall med kubisk symmetri. Diamant og fluoritt syner perfekt oktahedrisk kløyv. Oktahedrisk kløyv ser ein i vanlege halvleiarar. I krystallar med låg symmetri er det færre {111} plan.
  • Dodekahedrisk kløyv finn ein langs {110} krystallplana og dannar dodekahedriske i ein krystall med kubisk symmetri. I krystallar med låg symmetri er det færre {110} plan.

Krystalloppdeling[endre | endre wikiteksten]

Krystalloppdeling (parting) skjer når mineral bryt langs svake strukturelle plan på grunn av ytre stress eller langs tvilling samansettande plan. Oppdelingsbrot er ser like ut som kløyv, men dei skjer berre på grunn av ytre stress. Eksempel omfatter magnetitt som syner oktahedrisk oppdeling, den rombohedriske oppdelinga i korund og basal oppdeling i pyroksenar.[1]

Kvaliteten på kløyven[endre | endre wikiteksten]

For å identifisere eit mineral er det viktig å kunne beskrive kvaliteten på kløyven.[2] :

  • Kor lett det er å kløyve eit mineral avheng av kompaktiteten til mineralet. Kløyven blir kalla lett, vanskeleg eller særs vanskeleg (easy, hard og difficult, på engelsk);

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Kløyv er ein fysisk eigenskap som tradisjonelt har vore nytta til identifisering av stein og mikroskopiske undersøkingar av stein og mineralstudiar. Som eit døme er vinklane mellom prismeaktig kløyvplan for pyroksens (88-92°) og hornblende (amfibol) (56-124°) er diagnostiske.[1]

Krystallkløyv er teknisk viktig i elektronikkindustrien og ved kutting av edelsteinar.

Edle steinar er generelt kløyv med eit lite slag som i diamantkutting.

Syntetiske einkrystallar av halvleiar materialar er vanlegvis seld som tynne waferar (skiver) som er mykje lettare å kløyve. Ved å presse ein silisium wafer mot ei mjuk overflate og å ripe waferkanten med ein diamant rissestift er vanlegvis nok til å kløyve waferen. For å ha betre kontroll med splitta nyttar ein heller rivning og bryting når ein deler waferen opp i brikker. Halvleiarar av berre eit grunnstoff (Si, Mal:Germanium og diamant) er diamant kubisk, ei romgruppe som gir opphav til oktahedrisk kløyv. Dette tyder at for nokre orienteringar av wafer krystallen kan ein få nesten perfekte rektanglar etter kløyving. Dei fleste andre kommersielle halvleiarar (GaAs, InSb, osv.) kan bli kløyvd ved hjelp av den tilsvarande sinkblendestruktur, etter liknande kløyveplan.

Galeri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 * Hurlbut, Cornelius S.; Klein, Cornelis, 1985, Manual of Mineralogy, 20th ed., Wiley, ISBN 0-471-80580-7
    • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av ein artikkel frå Engelsk Wikipedia .

    Mal:Lien web

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]