Krøkle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Krøkle

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Ei krøkle på kroken
Ei krøkle på kroken

Systematikk
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Actinopterygii
Infraklasse: Teleostei
Orden: Osmeriformes
Familie: Osmeridae
Slekt: Osmerus
Art: O. eperlanus
Vitskapleg namn
Osmerus eperlanus
Krøkle
Norske dialektnamn
Kot, nors, slom
Namn på andre språk
Svensk Nors
Engelsk Smelt
Tysk Stint
Fransk Éperlan
Spansk Eperlano, eperlón
Russisk Korjusjka (Корюшка)

Krøkle er ein fisk i loddefamilien. Han finst både i anadrome og ferskvasstasjonære bestandar i Europa frå Biscaya til Russland. I Noreg finn me arten utelukkande som ferskvassfisk frå Mjøsa og sørover på Austlandet til Skiensvassdraget.

Krøkla er for lita her i landet til å bety noko særleg som matressurs for menneske, men ho er særs viktig som byttedyr for aure og annan rovfisk.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Krøkla er lita og sølvblank med mørk rygg og lys buk. Kroppen er særs slank, med rygg- og bukfinnar plassert om lag midt mellom hovud og hale. Mellom rygg- og halefinnen har ho ei lita feittfinne utan strålar. Snuta er spiss med svakt underbitt gap. Gjellegitteret er særs tett, noko som er typisk for planktonetarar, men ho har òg kraftige tenner. I gytesesongen har dei små vortar som gjer at huda kjennest ru ut, særleg hjå hannar.

Norsk krøkle er vanlegvis opp til 15 cm lang, sjeldan meir enn 20 cm. Anadrome variantar kan bli så mykje som 45 cm.

Krøklekjøt luktar ikkje så ulikt agurk.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Krøkla er ein altetar som ofte lever pelagisk. Mellom anna i Mjøsa og Tyrifjorden lever dei òg som botnfisk. I levesett er dei særs mangfaldige gjennom livet, og har fleire ulike stadium.

Nyklekt krøkle på om lag 6 mm tek med ein gong til å eta planteplankton. Ho tek snart til å innlemma planktondyr som hjuldyr og ung hoppekreps i kosthaldet, før ho gradvis går heilt over på ymse planktonkreps. I vatn kor desse dyra finst tek ho til å beita på større krepsdyr som Mysis relicta og Pallasea quadrispinosa ved ei lengd på om lag 6 cm. Frå ho er 9 cm lang et ho òg mykje fiskeyngel, gjerne artsfrendar.

Krøkle gyter om våren i elveos eller i strandsona. Egga er særs små og klistrar seg fast på botnen. Kvar ho produserer særs mykje rogn; ofte heile 22-25 % av kroppsvekta hennar. Dette tyder i praksis 2500-30 000 egg per ho. Det tek om lag 3 veker før larvane klekker, dei er då 6 mm lange og tek til å ta til seg føde med ein gong. Yngelen lever pelagisk i stim, og vert vanlegvis kjønnsmogne i sitt tredje leveår.

Krøkla er ein utprega stimfisk om dagen for å beskytta seg mot rovfisk. Stimane kan bli særs store, men løyser seg vanlegvis opp når det vert mørkt om kvelden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sandlund, Odd Terje & Næsje, Tor F.: «Komplekse, laksefisk-dominerte fiskesamfunn på Østlandet» i Borgstrøm, Reidar & Hansen, Lars Petter (red): Fisk i ferskvann - et samspill mellom bestander, miljø og forvaltning Landbruksforlaget 2000
  • Næsje, Tor Fredrik: «Krøkle» i Norges dyr - fiskene 1
  • FishBase