Kung

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kung


Kung
Kung

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Familie: Lamiáceae (leppeblomstetfamilien)
Slekt: Origanum L.
Art: O. vulgáre
Vitskapleg namn
Origanum vulgare

Kung , også kalla kungsgras eller bergmynte, er er ein fleirårig plante i slekta Origanum i leppeblomsterfamilien. Planten er mykja bruka som krydderplante.

Planten vert opptil 40 cm høg. Han har forveda, krypande rotstokk og ein oppretta stengel som greinar seg frå midten og opp. Blada er ovale og snaue ovanpå. Blomatrane er raudfiolette og sit i tette duskar.

Kung veks på tørre bakkar, i kratt og ur, gjerne på solvende stader.

I Noreg finst han på Austlandet nord til Nord-Fron og Lom, på indre Vestlandet og nordover til og med Helgeland. I Hemsedal veks han opp til 1000 m.o.h. I Sverige veks han nord til Bergslagen, i Finland berre i sørvest, i Danmark manglar han vest i landet. Kung er elles ein europeisk og nordasiatisk plante.

Som slektsnamnet origanium – Oregano] seier oss, er planten ein velluktande krydderurt som kan brukast i matlaging; gjerne til sauekjøtt. I eldre tid skal han ha vore bruka både til lækjemiddel og til trolldomsurt, eller kanskje rettare som vern mot trolldom.

[endre] Kjelder:

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kung
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk