Kurt Mosbakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kurt Mosbakk (fødd 21. november 1934) i Orkdal er ein tidlegare norsk offentleg tenestemann og Arbeidarparti-politikar. Han er utdanna siviløkonom, og var konsulent 1959–1968, kontorsjef i AOF 1968-1969 og i LO 1969–1974, fylkeskontorsjef i Finnmark 1974–1975, fylkesrådmann i Finnmark 1976–1986, fungerande fylkesmann i Finnmark i 1990, samt fylkesrådmann i Østfold 1988–1997. Han var spesialrådgjevar i Østfold fylkeskommune 1997–1999.

Mosbakk var nestformann i AUF 1964–1967, personleg sekretær i Forsvarsdepartementet 1964–1965, medlem av Akershus fylkesting 1972–1974, varaordførar i Lørenskog 1972–1974, og formann i Akershus Arbeidarparti 1969–1974.

Kurt Mosbakk var statsråd og sjef for Handels- og skipsfartsdepartementet 9. mai 1986 - 31. desember 1987 (handelsminister) i Gro Harlem Brundtland si andre regjering. Han var deretter handelsminister og sjef for Handelsavdelinga i Utanriksdepartementet 1. januar 1988 - 13. juni 1988 i same regjering.

Kurt Mosbakk mottok Kongens fortenstmedalje i gull i 2006.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

.