Nils Langhelle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nils Langhelle (28. september 190728. august 1967), fødd i Bergen, var ein norsk politikar som representerte Arbeiderpartiet.

Frå 1949 var han var innvalt på Stortinget som representant frå Bergen, og møtte fast fram til han døydde i 1967. Langhelle hadde allereie frå 1945 til 1949 vore vararepresentant frå sitt distrikt - og knytt nære kontaktar til Einar Gerhardsen. I 1945 blei han arbeidsminister i den første regjeringa Gerhardsen. Frå 1946 blei han utnemnt som samferdsleminister, ein post han hadde fram til 1952 då han blei forsvarsminister. Mellom 1954 og 1955 var han handels- og skipsfartsminister.

Langhelle blei utnemnt til visepresident i Stortinget i 1955, eit verv han også hadde mellom 1965 og 1967. Då Oscar Torp døydde i 1958, blei Langhelle Stortingspresident. Det vervet hadde han fram til 1965. Nils Langhelle var óg medlem av Nobelkomiteen frå 1964 og fram til han døydde. Han var varaformann for komiteen i perioden 1965 til 1966 og formann frå 1967.

[endre] Bakgrunnsstoff

Føregjengar:
 Johan Strand Johansen 
Norske arbeidsministrar
Etterfylgjar:
 Siste arbeidsminister 
Føregjengar:
 Jens Chr. Hauge 
Norske forsvarsministrar
Etterfylgjar:
 Kai Birger Knudsen 
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk