Matua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Matua
Matua på kartet

Matua (russisk Матуа) eller Matsuwa er ei øy sentralt i Kurilane i Sakhalin oblast i Russland. Ho ligg ved 48°6′N 153°12′EKoordinatar: 48°6′N 153°12′E og har eit areal på 52 km².

Nordvest på øya står Sarytsjev med ei høgd på 1496 meter over havet. Han er ein av dei mest aktive vulkanane i Kurilane og har regelmessige utbrot. Toppen har hatt minst 14 utbrot sidan 1765. Det største av desse skjedde i 1924 og det siste store utbrotet kom i 1960.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Under den andre verdskrigen hadde japanarane hadde ei flybase på øya. I 1944 vart dei japanske installasjonane på øya bombardert av amerikanske styrkar. Fleire japanske transportskip vart søkt nær øya og ved hamna. 1. juni 1944 skaut eit batteri på land USS «Herring» (SS-233) i senk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Matua

Kjelder[endre | endre wikiteksten]