Tsjornie Bratja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tsjornie Bratja
Høgd over havet 742 moh
Ligg i/på Kurilane i Russland
Koordinatar 46°31′30″N 150°52′30″EKoordinatar: 46°31′30″N 150°52′30″E
Fjelltype Stratovulkan / Kaldera
Siste utbrot 1982

Tsjornie Bratja er to vulkanske øyar, Tsjirpoj og Brat Tsjirpojev (russisk for 'broren åt Tsjirpoj') i Kurilane. Dei ligg mellom Simusjir og Urup. Dei to naboøyane vert kalla Tsjirpoj etter den største av dei to.

Dei to øyane er omgjeve av mange mindre holmar og i lag vert heile øygruppa kalla Tsjernyje Bratia (russisk for «Svarte brør»). Tsjirpoj, den nordlegaste av dei to øyane, har eit areal på 21 km², medan Brat Tsjirpojev har eit areal på 16 km². Mellom øyane ligg Snousundet.

Vulkanen Tsjernoga er den høgaste vulkanstrukturen på øya Tsjirpoj og det høgaste punktet på øya med ei høgd på 691 meter over havet. Den høgaste strukturen på begge øyane er på Brat Tsjirpojev der den 749 meter høge Brat dominerer øya. Brat har ikkje hatt utbrot i historisk tid, menda vulkanen Tsjernoga vert rekna som aktiv.

Øyane og dei små holmane rundt er dei einaste eksisterande delane av ein delvis undersjøisk kaldera, som er 8-9 km brei.

Brat Tsjirpojev er den sørlegaste av fem store stellersjøløvekoloniar på Kurilane.

Administrativt høyrer øyane til Sakhalin oblast.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]