Feklistova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjantarøyane i Okohtskhavet.

Feklistova (russisk Остров Феклистова eller Ostrov Feklistova) er ei av Sjantarøyane i Okhotskhavet. Ho høyrer administrativt til Khabarovsk kraj i Russland. Med eit areal på 372 km² er ho den nest største øya i øygruppa.

Feklistova ligg om lag 20 km vest for Bolsjoj Sjantar, hovudøya i øygruppa. Feklistova er dekt av taiga og har ein om lag 3 km lang innsjø på nordkysten.

Øya er ein del av «Kondjor-Felikstov metallogenbelte» og har vaskemalmførekomstar [1] med mineral som «svartsandplatina».[2] Beltet er eit av dei store metallogenbelta i Nordaust-Asia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 55°019′N 136°999′E