Antsiferov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Antsiferova / Sjirinki
Antsiferova / Sjirinki -
Høgd over havet 761 moh
Ligg i/på Kurilane i Russland
Koordinatar 50°12′N 154°59′EKoordinatar: 50°12′N 154°59′E
Fjelltype Stratovulkan
Siste utbrot ukjend

Antsiferov (russisk Остров Анциферова - Ostrov Anitsiferova) òg kalla Sjirinki (russisk Ширинки) er ei lita folketom øy i Kurilane. Ho høyrer til den nordlege øygruppa, om lag 15 km frå sørenden av Paramusjir på andre sida av Luzjinsundet og 140 km frå sørenden av Kamtsjatkahalvøya. Ho er ein nesten sirkelforma stratovulkan med ein diameter på 4,25 km. Kanten av krateret er 761 meter over havet. Administrativt høyrer øya til distriktet Severo-Kurilskij i Sakhalin oblast.

Ho er kalla opp etter kosakkarutforskaren Danila Antsiferov, som først skildra øya då han reiste langs dei nordlege Kurilane tidleg på 1700-talet.

På sørenden av Antsiferov ligg det fem store område der stellersjøløver kjem for å treffe ein make (om lag 600 dyr held til her). Sidan det ikkje er rovdyr på øya er det òg særs store fuglekoloniar med havhest og lundefugl, som hekkar i fjellsidene. Det er òg mykje krykkje og polarlomvi i klippene.

Kjelder[endre]

Bakgrunnsstoff[endre]