Simusjir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 47°N 152°E

Simusjir sett frå verdsrommet, NASA.

Simusjir (russisk Симушир, japansk 新知島) er ei vulkansk øy i Kurilane i Russland

Ei rekkje vulkanar (opp til 1539 moh) dannar øya, som er 59 km lang og 12 km brei med eit areal på 227,6 km². Ein kaldera på 7,5 km i diameter ligg nordaust på øya og delvis under vatn. Midt på øya ligg Prevotoppen og i sørvest ligg Zavaritskij kaldera med tre kalderaer inni kvarandre.

Administrativt høyrer øya til Sakhalin oblast.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den russiske sjøfararen Gerasim Izmailov var stranda på Simusjir tidleg i 1770-åra. Han var her eit heilt år og levde av «musling, gras og røter».

Ainufolket og aleutarar busette seg på Simusjir på 1800-talet.

Nordaust på øya ligg Broutonbukta som den sovjetiske marinen nytta som ein hemmeleg ubåtbase mellom 1987 og 1994. Restane av basen kan ein tydlege sjå på satellittbileta. I dag er ikkje øya busett og fleire sovjetiske landsbyar, som Kraternyj er forlatt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]