Tiulenij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For øya i Kaspihavet med same namn, sjå Tiulenij i Kaspihavet.

Tiulenij (russisk Ostrov Tiulenij) er ei lita øy i Okhotskhavet. Ho ligg 19 km sør for eit nes på austsida av Sakhalin i Russland. Tiulenij er 1,6 km lang og 850 meter brei.

Det er mykje sel på kysten av Tiulenij og i farvatnet omkring, og derfor har øya fått namnet sitt, som tyder nettopp 'sel' på russisk. Ho vart tidlegare kalla «Robbenøya» etter det tyske ordet for sel.[1] Det finst òg mykje sjøfugl på Tiulenij.

Administrativt høyrer Tiulenij til Sakhalin oblast.

Tiulenij i Okhotskhavet må ikkje forvekslast med Tiulenij utanfor kysten av Dagestan eller med Tiulenijøyane i Kaspihavet i Kasakhstan.

Tiulenijviruset, eit arbovirus gruppe B, vart oppdaga på Tiulenij i 1969 frå flått på fuglar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 48°30′N 144°39′E