Bolsjoj Sjantar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjantarøyane i Okhotskhavet.

Bolsjoj Sjantar er ei øy i Okhotskhavet i Russland. Ho er den største av Sjantarøyane og har eit areal på 1766 km². Ho er om lag 72 km lang og 49 km brei. Nord på øya ligg ein stor brakkvassjø (Bolsjojesjøen) som har ein smal passasje til havet. I denne innsjøen finn ein nors (Hypomesus japonicus) og Hypomesus olidus.[1]

Det er granskogar på Bolsjoj Sjantar.[2]

Administrativt høyrer øya til Khabarovsk kraj.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sjantarøyane vart utforska av russiske utforskarar mellom 1711 og 1725.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bolsjojesjøen, arkivert frå originalen 3. mars 2016, henta 15. juli 2008 
  2. Taiga på Sjantarøyane, arkivert frå originalen 23. juli 2011, henta 15. juli 2008 
  3. A.V. Efimov Historia om dei store russiske oppdagingane i Arktis og Stillehavet

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 54°56′N 137°30′E