Sjumsju

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjumsju

Sjumsju (russisk Шумшу) er den nordlegaste øya i Kurilane i Russland. Ho ligg berre 11 km sør for Kapp LopatkaKamtsjatkahalvøya og har eit areal på 388 km². Øya er den lågaste av alle øyane i øygruppa og det høgaste punktet er 189 meter over havet. Terrenget på den lågtliggande øya er dekt av mange innsjøar og myrområde.

Sidan ho ligg nær Kamtsjatka var Sjumsju den første av Kurilane som kosakkane kom til dei første åra av 1700-talet. Det frå denne basen at russiske pelsjegerar og kjøpmenn gradvis flytta seg til dei andre øyane i øygruppa og Sakhalin. Byen Bajkovo (Kataoka) er den største busetnaden og det administrative senteret på Sjumsju.

I 1945 var øya åstad for det siste slaget under den andre verdskrigen mellom Sovjetunionen og Japan. Slaget starta 18. august, tre dagar etter at keisar Hirohito hadde bede om overgjeving.

Administrativt høyrer øya til Sakhalin oblast.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 50°44′N 156°19′E