Tsjastnyjeøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsjastnyjeøyane
øygrupp
Land  Russland
Kart
Tsjastnyjeøyane
52°30′ N 141°21′ E

Tsjastnyjeøyane (russisk Острова Частные; Ostrova Tsjastnyje) er ei øygruppe sør i Okhotskhavet. Ho ligg i Sakhalinbukta, like nord for Tatarsundet, mellom fastlandet og vestksyten av Sakhalin.

Øyar[endre | endre wikiteksten]

  • Pilamif (Остров Пиламиф) 52°28′N 141°21′E er den største av øyane. Ho er 5 km lang og om lag 2 km brei. Pilamif er omgjeve av fleire mindre øyar.
  • Tiurmus 52°30′N 141°21′E og Metmus (eller Khagemif) 52°30′N 141°22′E ligg om lag 5 km nord for Pilamif.
  • Giamif 52°30′N 141°15′E ligg om lag 7 km nordvest for Pilamif.
  • Bolsjoj Veliamif (eller Maltsevy) og Malij Veliamif ligg om lag 2 km sør for Pilamif.
  • Bolsjoj Tsjoma eller Bolsjoj Tsjome, (Остров Большой Чома) og Malij Tsjoma er to øyar næare kysten, sørvest for Pilamif.
  • Tsjakmut 52°17′N 141°20′E ligg eit stykke frå resten av øyane lenger sør langs kysten.
  • Uyuzyut 52°49′N 141°14′E ligg heilt aliene, om lag 40 km nord for resten av øygruppa, like utanfor kysten av fastlandet.

Sjølv om det er busetnader nær kysten, er Tsjastnyjeøyane ikkje busett.

Administrativt høyrer Tsjastnyjeøyane til Khabarovsk kraj.

Desse små øyane har eit rikt fugleliv.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 52°30′N 141°21′E