Onekotan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 49°30′N 154°30′E

Onekotan sett frå verdsrommet i oktober 1994. Nord øvst på bilete.

Onekotan (russisk Онекотан), òg kalla Onekotan To, er ei øy heilt nord i Kurilane i Sakhalin oblast i Russland. Onekotan er ei vulkansk øy og ein del av «Eldringen» som krinsar Stillehavet. Ho har eit areal på 315 km², er 42,5 km lang og 11-16 km brei.

Onekotan er unik fordi ho har ein kaldera fylter med vatn både nord og sør på øya. Den største av desse to ligg i sør og har igjen ei øy midt i innsjen. Dette vert kalla Tao-Rusyr-kalderaen. Det høgaste punktet på Onekotan er Krenitsyn på 1325 meter over havet, og ligg på øya som ligg i kalderaen. I nyare tid er det danna sekundære vulkankjegler i begge kalderaer og den nordlegaste er nesten heilt fyllt att av ein slik, kalla Nemotoppen.

Det er aure i Tsjiornojesjøen, ein av dei to innsjøane på Onekotan.

Mellom naboøyane og Onekotan ligg Det fjerde kurilsundet, Jevreinovsundet og Krenitsynsundet. Naboøyane er Makanrusji med ein vulakn på 1170 moh i nordvest og Kharimkotan med ein 1210 meter høg vulkan i sør.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]