Tsjirinkotan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tsjirinkotan
Tsjirinkotan - Tsjirinkotan sett frå verdsrommet
Tsjirinkotan sett frå verdsrommet
Høgd over havet 724 moh
Ligg i/på Kurilane i Russland
Koordinatar 48°59′N 153°29′EKoordinatar: 48°59′N 153°29′E
Fjelltype Stratovulkan
Siste utbrot 1986

Tsjirinkotan (russisk Чиринкотан) er ei lita vulkanøy i Kurilane i Russland. Ho er 6 km² stor og ligg 25 km frå Ekarma. Øya har ein diameter på 3 km og ei høgd på 724 meter over havet med ein markant kaldera på 1 km i diameter. Øya har bratte fjellsider. Tsjirinkotan er framleis aktiv og det siste kjende utbrotet kom i 1986.

Administrativt høyrer øya til Sakhalin oblast.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]