Midtre Gauldal kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Midtre Gauldal)
Gå til: navigering, søk
Midtre Gauldal kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1648
Fylke Sør-Trøndelag
Adm.senter Støren
Areal 1865 km²
Folketal 6 145 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2007-) Erling Lenvik (Ap)
Målform Bokmål
Nettstad www.midtre-gauldal.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1648.svg
Midtre Gauldal kommune på Commons

Midtre Gauldal er ein kommune i Sør-Trøndelag. Han grensar i nord mot kommunane Melhus og Selbu, i aust mot Holtålen, i sør mot Os og Tynset, og i vest mot Rennebu og Meldal. Midtre Gauldal er i utstrekning den tredje største kommunen i Sør-Trøndelag etter Oppdal kommune og Røros kommune.

Talet på innbyggjarar var 5950 per 01.01.2009. Kommunesenteret er Støren. Midtre Gauldal ligg langs E6 fem mil sør for Trondheim.

Innhaldsliste

[endre] Historie

[endre] Kommunehistorie

Midtre Gauldal kommune vart oppretta i 1967 etter at kommunane Støren, Soknedal, Singsås og Budal slo seg saman.

[endre] Samfunn

Kommuneadministrasjonen ligg på Støren, cirka 50 km sør for Trondheim. På Støren finn ein eit utdanningssenter med barne- og ungdomsskole samt ein vidaregåande skole med ei mengde linjer. Gjennom kommunen renner fleire vassdrag, dei største er Gaula, Sokna og Bua som alle er gode lakseelvar.

Kommunen består i hovudsak av fylgjande område: Budal, Singsås, Støren og Soknedal.

[endre] Næringsliv

Kyllingindustri er ei stor næring i kommunen, særleg representert ved storbedriften Norsk Kylling. Andre store bedrifter i kommunen er Støren Trelast og Støren Treindustri

[endre] Geografi

Forollhogna nasjonalpark ligg delvis i kommunen.

[endre] Elvar, fjell og vatn

[endre] Kultur

[endre] Tusenårsstad

Kommunens tusenårsstad er Buosen (eller Buaneset), ein friluftsscene like ved elva Gaula. Staden er omtala i Snorres kongesoger.

Buosen ligger på Rognes cirka ei mil søraust for Støren i retning Røros.

[endre] Idrettslag

  • Støren Sportsklubb
  • Sokna Idrettslag
  • Rognes Idrettslag
  • Budal Idrettslag
  • Singsås Idrettslag

[endre] Korps

  • Støren Skolekorps
  • Støren Musikkorps
  • Soknedal Skolekorps
  • Budal Skolekorps

[endre] Kjende personar frå Midtre Gauldal kommune

[endre] Fotnotar

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.



Personlege verktøy
Namnerom
Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk