Muhammad Ali Jinnah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Muhammad Ali Jinnah
Mohammad Ali Jenah Iran stamp.jpg
Generalguvernør for Pakistan
Regjeringstid 15. august 1947–11. september 1948
Fødd 25. desember 1876 i Karachi i British Raj Red Ensign.svg Britisk India
Død 11. september 1948 i Karachi i Flag of Pakistan.svg Pakistan
Føregjengar Ingen (Lord Mountbatten som visekonge av India)
Etterfølgjar Khawaja Nazimuddin
Gift med Emibai Jinnah (1892-93) Rattanbai Petit (1918-1929)
Born Dina Jinnah (f. 1919. Gift Wadia)

Muhammed Ali Jinnah (25. desember 187611. september 1948) var ein advokat og politikar som blei den første leiaren av Pakistan. Der er han offisielt og på folkemunne kalla 'den store leiaren' (Quaid-e-Azam) og 'far åt nasjonen' (Baba-e-Qaum) .

Familie og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Jinnahbhai Poonja, far til Jinnah.

Jinnah var fødd i provinsen Sind i Britisk India, no i Pakistan. Han var den eldste av dei sju ungane til Mithibai og Jinnahbhai Poonja. Familien var gujaratiar, og faren Jinnabhai var ein velståande kjøpmann som hadde flytta til Sind frå Kathiawar i Gujarat.


Jinnah fekk grunnskuleutdanninga si ved skular i Karachi og Bombay. Han fekk deretter ei stilling som lærling ved Graham's Shipping and Trading Company i London som faren hadde hatt mykje forretningskontakt med. Før han reiste til England gifta han seg (skreiv under ekteskapskontrakten), etter mora sitt ønske, med det fjortenårige søskenbarnet sitt, Emibai Jinnah. Ho døydde åtte månader seinare, og det gjekk lang tid før Jinnah gifta seg igjen.

Etter kort tid i London forlét Muhammed Ali Jinnah lærlingestillinga og byrja i staden studera juss ved Lincoln's Inn. Tre år seinare, som nittenåring, blei han autorisert som skrankeadvokat, den yngste indaren som hadde oppnådd dette. I England blei Jinnah kjend med samtidige liberale idear. Han var ein tilhengjar av William Gladstone og John Morley. Han støtta også indiske politikarar som Pherozeshah Mehta og Dadabhai Naoroji, og tok del i arbeidet med å få sistnemnde vald inn i det britiske parlamentet, som den første indaren. Under opphaldet i England byrja Jinnah også bruka europeiske herreklede, eit trekk som seinare skilde han frå den khadikledde indiske sjølvstenderørsla.

I 1896 vende Jinnah tilbake til India. I løpet av tida hans i England var mor hans død og faren sin forretning gått konkurs. Jinnah gjorde likevel stor lukke som advokat, han forsvarte mellom anna sjølvstendekjemparen Bal Gangadhar Tilak som var tiltalt for oppvigleri (sedition) i 1908. Jinnah argumenterte at for ein indar å be om fridom og sjølstyre i sitt eige land ikkje kunne vera oppvigleri, men som andre fridomskjemparar fekk Tilak likevel ei streng fengselsstraff.


Jinnah slo seg ned på Malabar Hill i sentrale Bombay. Der bygde han eit luksuriøst hus som seinare er blitt kjend som Jinnah House. I 1918 gifta han seg med Rattanbai «Ruttie» Petit, den tjuefire år yngre dottera av venen og parsaren Dinshaw Petit. Den liberale faren hadde uventa mykje imot eit ekteskap på tvers av religionar, og Ruttie, som konverterte til islam og tok namnet Maryam, blei utstøytt av parsarane. Paret fekk eitt barn, Dina, i 1919.

Gjennom 1920-åra var Jinnah djupt involvert i indisk politikk og sjølvstendestrev, og han og kona glei frå kvarandre. Han og Ruttie separerte seg i 1927, og ho blei teken tilbake av familien sin. Ho døydde i 1929. Jinnah fekk hjelp til å oppdra dottera og halda huset av søster si, Fatima. Dina Jinnah valde seinare å gifta seg med ein kristen parsisk-fødd forretningsmann, Neville Wadia, mot faren sitt ønske. Far og dotter fekk eit anstrengd tilhøve etter dette, men braut ikkje kontakten fullstendig. Då Jinnah blei leiar for det nye Pakistan, valde Dina å fortsetja å bu i Bomaby i India.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Same året han kom tilbke til India gjekk også Jinnah inn i det indiske Kongresspartiet. Han blei medlem av Imperial Legislative Council, ei lovgjevande koloniforsamling med nokså lita innverknad. Han kunne likevel medverka til å innføra Child Marriages Restraint Act, som fastsette lågalderen for ekteskapssinngåing til 14 år for jenter, og legitimiseringa av waqf, ei muslimsk ordning for religiøse gåver.

Jinnah med grunnleggjarane av Den indiske muslimske ligaen.

Medan Jinnah lenge heldt seg i den moderate fløyen i Kongresspartiet, gjekk han i 1913 inn i All India Muslim League, som ønska ein eigen muslimsk stat for dei indiske muslimane. I 1916 blei han vald til president for partiet for første gong. Han var med på å utforma Lucknow Pact, ein avtale mellom Ligaen og Kongresspartiet om å ståsaman mot den britiske kolonimakta. Han var også delaktig i grunnlegginga av All India Home Rule League i 1916.

Jinnah fekk meir og meir imot standpunkta og verkemidla til Kongresspartiet under Gandhi si leiing , og i 1920 braut han med partiet. I 1925 takka han nei til ein britisk riddartittel då Lord Reading tilbaud han då denne gjekk av som britisk-indisk visekonge og guvernør-general.

I 1927 blei Simonkommissjonen, ei gruppe av sju britiske parlamentsmedlemmer, skipa for å vurdera grunnlovsendringar for India. Begge dei indiske sjølvstendepartia gjekk imot denne kommisjonen med berre britar, men klarte ikkje semjast om eitt motforslag. Kongresspartiet la fram Nehru Report som la vekt på likestilling mellom folkegruppene i landet som ikkje opna for særbehandling for minoritetar. Ligaen mislikte forslaget fordi dei meinte det ikkje gav muslimane god nok representasjon, som eigne valkrinsar, slik dei allereie hadde etter den britisklaga loven. Jinnah la fram ei list minmumskrav, kjend som Fourteen Points of Jinnah, som gav provinsane større makt i høve til dei føderale styresmaktene, slo fast at muslimar skulle ha ein tredjedel av setene i nasjonalforsamlinga og la inn vern for muslimar elles.[1] Dei andre indiske partia godtok ikkje desse punkta, og forhandlingane mellom partia braut saman.

Jinnah tek imot Periyar E.V. Ramaswamy og B.R. Ambedkar i heimen sin i Bombay i 1940.

Jinnah deltok på første Round Table Conference i London i 1931, men då denne ikkje førte fram trekte han seg tilbake frå indisk politikk i nokre år. Framståande muslimske leiarar overtalte han til ikkje å praktisera juss i London, som han hadde tenkt, men venda tilbake til politikken. I 1934 kom Jinnah tilbake til India og omorganiserte Den muslimske ligaen saman med Liaquat Ali Khan. Ved valet til Central Legislative Assembly (den lovgjevande forsamlinga underlagt kolonistyre) fekk partiet fleire sete. Nye forhandlingar med Kongresspartiet om ein samla front førte ikkje fram.

Pakistan[endre | endre wikiteksten]

Ideen om ein eigen stat for dei indiske muslimane var blitt lagt fram av Muhammad Iqbal i 1930. I 1933 gav Choudhary Rahmat Ali ut ein pamflett der han kravde ein slik stat, som han gav namnet «Pakistan». Etter sine mislukka samarbeidsforsøk med Kongresspartiet byrja også Jinnah å sjå på to statar, ein for hinduar og ein for muslimar, som den beste løysinga I 1940 gjekk Den muslimske ligaen inn for å ha tostatsløysinga som mål. Både Kongresspartiet og mange muslimske leiarar var imot ei slik løysing. Ei ekstrem muslimsk rørsle, Khaksar Tehrik, stod bak eit attentatforsøk der Jinnah blei knivstukken den 23. juli 1943.

Gandhi og Jinnah i 1944.

I 1941 grunnla Jinnah avisa Dawn som hjelpte han med å leggja fram synspunkta til Ligaen. Under andre verdskrigen gjekk han inn for å støtta britane, og var imot Gandhi sin Quit India-kampanje.

Ved valet til den indiske grunnlovsforsamlinga i 1946 fekk Ligaen dei fleste av dei muslimske seta. Den britiske regjeringskommisjonen la fram to forslag til deling som Ligaen støtta, men Nehru frå Kongresspartiet erklærte at dei ikkje såg seg bundne av. I protest trekte Jinnah og Ligaen seg frå grunnlovsforsamlinga og gjekk inn for «Direct Action». 16. august skulle støttespelarar utføra ein generalstreik (hartal). Kongresspartirepresentantar oppfordra til å ikkje streika. Konflikten førte til valdsame opptøyar i Calcutta, der fleire tusental døydde og opptil 100 000 blei skadde. Både hinduar og muslimar var offer. Også område elles i Bengal og i Bihar opplevde opptøyar. Den muslimske ligaen blei skulda for å ha forårsaka valdshandlingane, sjølv om den dåverande visekongen Archibald Wavell hevda det ikkje fanst prov for dette. I oktober 1946 gjekk representantar frå Ligaen inn i den fungerande regjeringa. Dette var rekna som ein politisk siger for Jinnah, sjølv om sjølv ikkje hadde nokon ministerpost. Seint i 1946 gjekk Kongresspartiet med på å dela landet.

Siste viseregenten av India, Lord Mountbatten, Jinnah og Lady Mountbatten i 1947.

Då Pakistan blei oppretta i 1947 blei Jinnah generalguvernør for den nye staten og president for grunnlovsforsamlinga. Medan han la vekt på å byggja ein stat på islamske verdiar, hevda han også minoritetar sin rett til å følgja sin kultur. Jinnah gjekk inn for at urdu skulle vera det nasjonale språket i Pakistan, og kalla ved eit høve bengali for eit hinduspråk – denne rifta mellom Vest og Aust-Pakistan skulle seinare medføra at austdelen blei skild ut som ein eigen stat, Bangladesh. Han gjekk inn for å bruka makt til å slå ned eit opprør i Balutsjistan, og godtok at den muslimske herskaren av Junagadh, som hovudsakleg var hinduisk og låg inne i India, valde å innlemma seg i Pakistan. Då Kashmir valde å innlemmast i India, ønskte han å senda inn den pakistanske hæren, men blei overtalt til ikkje å gjera dette av britiske general Auchinleck. Han klaga i staden saka inn for SN.

Sjukdom og død[endre | endre wikiteksten]

Det kvite mausoleet Mazar-e-Quaid opplyst i eit nattemørkt Karachi.

Jinnah leid av tuberkulose gjennom 1940-åra, men berre dei næraste visste at han var sjuk. I 1948 blei han dårlegare, kanskje som resultat av den tunge arbeidsbyrden som leiar av nyskapte Pakistan. Han tilbrakte mange månader i kvile i fjellområdet Ziarat, men fekk ei blødning her 1. september og blei flogen tilbake til Karachi. Her døydde han den 11. september i generalguvernørbustaden, litt over eitt år etter at Pakistan fekk sjølvstende. Jinnah blei gravlagd i Karachi og eit nasjonalt mausoleum (Mazar-e-Quaid) blei seinare reiste for han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fourteen Points of M. A. Jinnah [1929] ved storyofpakistan.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Muhammad Ali Jinnah