Vinnarar av Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vinnarar av Eurovision Song Contest gjev oversyn over vinnarane av Eurovision Song Contest. 63 songar har vunne tevlinga som vert arrangert av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Det har vorte nytta mange ulike røystesystem sidan starten i 1956. Felles for desse er at poenga har vorte tildelt av juryar eller fjernsynssjåarar. Vinnaren er den songen som får flest poeng. Under den fyrste tevlinga i 1956 vart det ikkje gjeve poeng, men røyster, og berre vinnaren vart offentleggjord.

Det har vore 59 tevlingar med éin vinnar kvart år, bortsett frå i 1969 då det var fire land som vann. 26 ulike land har vunne tevlinga. Sveits vann tevlinga då dei debuterte i den fyrste tevlinga i 1956. Landet som har vunne flest gonger er Irland. Dei har vunne sju gonger. Portugal er det landet som har delteke lengst utan å vinne, og deltok for 48. gong i 2015. Den einaste personen som har vunne meir enn ein gong som artist er Johnny Logan, som representerte Irland med «What's Another Year» i 1980 og «Hold Me Now» i 1987. Logan er også ein av berre fem låtskrivarar som har skriven meir enn eitt vinnarbidrag, «Hold Me Now» i 1987 og «Why Me?» i 1992, framførd av Linda Martin. Dette gjer Logan til den einaste personen som har tre sigrar i tevlinga, enten som songar, låtskrivar eller begge delar. Dei fire andre låtskrivarane med meir enn eitt vinnarbidrag er Willy van Hemert (Nederland i 1957 og 1959), Yves Dessca (Monaco i 1971 og Luxembourg i 1972), Rolf Løvland (Noreg i 1985 og 1995) og Brendan Graham (Irland i 1994 og 1996).

Dei som vinn Eurovision Song Contest får ei unik moglegheit til å fremje ei internasjonale karriere. Det er likevel ikkje mange artistar som har vorte store internasjonale stjerner. Mellom dei som har fått mest suksess etter å ha vunne tevlinga finn ein ABBA som vann for Sverige i 1974 med songen «Waterloo» og Céline Dion som vann for Sveits i 1988 med songen «Ne partez pas sans moi».

Vinnarar[endre | endre wikiteksten]

År Vertsby Vinnarland Artist Vinnarsong Poeng Margin Andreplass
1956 Lugano Sveits Lys Assia «Refrain» 1 1 berre fyrsteplassen vart kunngjort
1957 Frankfurt am Main Nederland Corry Brokken «Net als toen» 31 14 Frankrike
1958 Hilversum Frankrike André Claveau «Dors, mon amour» 27 3 Sveits
1959 Cannes Nederland Teddy Scholten «Een beetje» 21 5 Storbritannia
1960 London Frankrike Jacqueline Boyer «Tom Pilibi» 32 7 Storbritannia
1961 Cannes Luxembourg Jean-Claude Pascal «Nous les amoureux» 31 6 Storbritannia
1962 Luxembourg Frankrike Isabelle Aubret «Un premier amour» 26 13 Monaco
1963 London Danmark Grethe Ingemann og Jørgen Ingemann «Dansevise» 42 2 Sveits
1964 København Italia Gigliola Cinquetti «Non ho l'età» 49 32 Storbritannia
1965 Napoli Luxembourg France Gall «Poupée de cire, poupée de son» 32 6 Storbritannia
1966 Luxembourg Austerrike Udo Jurgens «Merci Chérie» 31 15 Sverige
1967 Wien Storbritannia Sandy Shaw «Puppet On A String» 47 25 Irland
1968 London Spania Massiel «La, la, la» 29 1 Storbritannia
19692 Madrid Spania Salome «Vivo cantando» 18 ingen andreplass2
Frankrike Frida Boccara «Un jour, un enfant»
Nederland Lennie Kuhr «De troubador»
Storbritannia Lulu «Boom Bang A Bang»
1970 Amsterdam Irland Dana «All Kinds Of Everything» 32 6 Storbritannia
1971 Dublin Monaco Séverine «Un banc, un arbre, une rue» 128 12 Spania
1972 Edinburgh Luxembourg Vicky Leandros «Apres toi» 128 14 Storbritannia
1973 Luxembourg Luxembourg Anne-Marie David «Tu te reconnaitras» 129 4 Spania
1974 Brighton Sverige ABBA «Waterloo» 24 6 Italia
1975 Stockholm Nederland Teach-In «Ding-A-Dong» 152 14 Storbritannia
1976 Haag Storbritannia Brotherhood of Man «Save Your Kisses For Me» 164 17 Frankrike
1977 London Frankrike Marie Myriam «L'oiseau et l'enfant» 136 15 Storbritannia
1978 Paris Israel Izhar Cohen «A-ba-ni-bi» 157 32 Belgia
1979 Jerusalem Israel Milk and Honey og Gali «Hallelujah» 125 9 Spania
1980 Haag Irland Johnny Logan «What's Another Year» 143 15 Vest-Tyskland
1981 Dublin Storbritannia Bucks Fizz «Making Your Mind Up» 136 4 Vest-Tyskland
1982 Horrogate Vest-Tyskland Nicole «Ein bißchen Frieden» 161 61 Israel
1983 München Luxembourg Corinne Hermes «Si la vie est cadeau» 142 6 Israel
1984 Luxembourg Sverige Herreys «Diggi-Loo Diggi-Ley» 145 8 Irland
1985 Göteborg Noreg Bobbysocks «La det swinge» 123 18 Vest-Tyskland
1986 Bergen Belgia Sandra Kim «J'aime la vie» 176 36 Sveits
1987 Brussel Irland Johnny Logan «Hold Me Now» 172 31 Vest-Tyskland
1988 Dublin Sveits Céline Dion «Ne partez pas sans moi» 137 1 Storbritannia
1989 Lausanne Jugoslavia Riva «Rock Me, Baby» 137 7 Storbritannia
1990 Zagreb Italia Toto Cutugno «Insieme: 1992» 149 17 Irland
Frankrike
1991 Roma Sverige Carola «Fångad av en stormvind» 146 0 Frankrike
1992 Malmö Irland Linda Martin «Why Me» 155 16 Storbritannia
1993 Millstreet Irland Niamh Kavanagh «In Your Eyes» 187 23 Storbritannia
1994 Dublin Irland Paul Harrington og Charlie McGettigan «Rock'n Roll Kids» 226 60 Polen
1995 Dublin Noreg Secret Garden «Nocturne» 148 29 Spania
1996 Oslo Irland Eimear Quinn «The Voice» 162 48 Noreg
1997 Dublin Irland Katrina and The Waves «Love Shine a Light» 227 70 Irland
1998 Birmingham Israel Dana International «Diva» 172 6 Storbritannia
1999 Jerusalem Sverige Charlotte Nilsson «Take Me to Your Heaven» 163 17 Island
2000 Stockholm Danmark Olsen Brothers «Fly on the Wings of Love» 195 40 Russland
2001 København Estland Tanel Padar, Dave Benton og 2XL «Everybody» 198 21 Danmark
2002 Tallinn Latvia Marija Naumova «I Wanna» 176 12 Malta
2003 Riga Tyrkia Sertab Erener «Everyway That I Can» 167 2 Belgia
2004 Istanbul Ukraina Ruslana «Wild Dances» 280 17 Serbia og Montenegro
2005 Kiev Hellas Élena Paparízou «My Number One» 230 38 Malta
2006 Aten Finland Lordi «Hard Rock Hallelujah» 292 44 Russland
2007 Helsingfors Serbia Marija Šerifović «Molitva» 268 33 Ukraina
2008 Beograd Russland Dima Bilan «Believe» 272 42 Ukraina
2009 Moskva Noreg Alexander Rybak «Fairytale» 387 169 Island
2010 Bærum Tyskland Lena «Satellite» 246 76 Tyrkia
2011 Düsseldorf Aserbajdsjan Ell & Nikki «Running Scared» 221 32 Italia
2012 Baku Sverige Loreen «Euphoria» 372 113 Russland
2013 Malmö Danmark Emmelie de Forest «Only Teardrops» 281 47 Aserbajdsjan
2014 København Austerrike Conchita Wurst «Rise Like a Phoenix» 290 52 Nederland
2015 Wien Sverige Måns Zelmerlöw «Heroes» 365 62 Russland

Etter land[endre | endre wikiteksten]

Dei innfelte delane til høgre syner Australia, Vest-Tyskland og Jugoslavia
Sigrar Land År
7 Irland 1970, 1980, 1987, 1992, 1993, 1994 og 1996
6 Sverige 1974, 1984, 1991, 1999, 2012 og 2015
5 Frankrike 1958, 1960, 1962, 1969 og 1977
Luxembourg 1961, 1965, 1972, 1973 og 1983
Storbritannia 1967, 1969, 1976, 1981 og 1997
4 Nederland 1957, 1959, 1969 og 1975
3 Danmark 1963, 2000 og 2013
Israel 1978, 1979 og 1998
Noreg 1985, 1995 og 2009
2 Spania 1968 og 1969
Sveits 1956 og 1988
Italia 1964 og 1990
Tyskland 19823 og 2010
Austerrike 1966 og 2014
1 Monaco 1971
Belgia 1986
Jugoslavia 1989
Estland 2001
Latvia 2002
Tyrkia 2003
Ukraina 2004
Hellas 2005
Finland 2006
Serbia 2007
Russland 2008
Aserbajdsjan 2011

Etter språk[endre | endre wikiteksten]

Sigrar Språk År Land
30 Engelsk 1967, 1969, 1970, 1974, 1975,
1976, 1980, 1981, 1987, 1992,
1993, 1994, 1996, 1997, 1999,
2000, 2001, 2002, 2003, 20044,
2005, 2006, 2008, 2009, 2010,
2011, 2012, 2013, 2014 og
2015
Storbritannia
Irland
Sverige
Nederland
Danmark
Estland
Latvia
Tyrkia
Ukraina4
Hellas
Finland
Russland
Noreg
Tyskland
Aserbajdsjan
Austerrike
14 Fransk 1956, 1958, 1960, 1961, 1962,
1965, 1969, 1971, 1972, 1973,
1977, 1983, 1986 og 1988
Sveits
Frankrike
Luxembourg
Monaco
Belgia
3 Nederlandsk 1957, 1959 og 1969 Nederland
Hebraisk 1978, 1979 og 1998 Israel
2 Tysk 1966 og 1982 Austerrike
Vest-Tyskland
Norsk 1985 og 1995 Noreg
Svensk 1984 og 1991 Sverige
Italiensk 1964 og 1990 Italia
Spansk 1968 og 1969 Spania
1 Dansk 1963 Danmark
Serbokroatisk 1989 Jugoslavia
Ukrainsk 20044 Ukraina4
Serbisk 2007 Serbia

Etter startnummer[endre | endre wikiteksten]

Start-
nr.
Tal på
bidrag
Sigrar Vinnarland
01 60 3 Nederland, Storbritannia og Sverige
02 60 0
03 60 4 Frankrike, Spania, Monaco og Irland
04 60 1 Tyrkia
05 60 2 Nederland og Noreg
06 60 1 Nederland
07 60 1 Storbritannia
08 60 5 Danmark, Nederland, Sverige, Sverige og Israel
09 60 4 Sveits, Frankrike, Austerrike og Sveits
10 60 3 Israel, Ukraina og Sverige
11 58 3 Storbritannia, Luxembourg og Austerrike
12 57 2 Italia og Irland
13 56 3 Frankrike, Noreg og Belgia
14 55 5 Luxembourg, Frankrike, Storbritannia, Irland og Danmark
15 54 3 Luxembourg, Spania og Sverige
16 54 0
17 47 7 Luxembourg, Irland, Irland, Irland, Finland, Serbia og Sverige
18 45 4 Frankrike, Israel, Vest-Tyskland og Danmark
19 38 3 Italia, Hellas og Aserbajdsjan
20 33 4 Luxembourg, Irland, Estland og Noreg
21 29 0
22 27 2 Jugoslavia og Tyskland
23 24 1 Latvia
24 19 2 Storbritannia og Russland
25 13 0
26 5 0
27 1 0
sist 60 6 Frankrike, Irland, Frankrike, Tyskland, Luxembourg og Jugoslavia

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

1.^ Hemmeleg røysting der poenga ikkje vart kunngjort.
2.^ Spania, Frankrike, Nederland og Storbritannia vann tevlinga fordi det ikkje fanst reglar for kva som skjer om fleire land får like mange poeng. Med reglane ein nyttar i dag ville Frankrike vunne.
3.^ Vann under namnet Vest-Tyskland.
4.^ Bidraget vart framførd på engelsk og ukrainsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]