Boris Sjeremetev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Boris Petrovitsj Sjeremetev (russisk Бори́с Петро́вич Шереме́тев) (16521719) vart den første russiske greven i 1706, og var òg diplomat og feltmarskalk under den store nordiske krigen. Av borna hans finn ein Pjotr Sjeremetev and Natalia Sjeremeteva.

I ungdomen var Sjeremtev ven av tsar Aleksej I før han starta ei militær karriere. Frå 1671 tente han i hoffet til tsaren. I 16781 var han leiar ved Tambov, og kommanderte armeane som kjempa mot Krim-khanatet, og frå 1682 var han ein bojar. Frå 1685 til 1687 deltok han i forhandlingane og avsluttinga på «den evige freden av 1686» med Polen og den allierte avtalen med Austerrike. Frå slutten av 1687 kommanderte han armane i Belgorod og forsvarte den sørlege grensa til Russland og deltok i Krim-felttoga.

Etter Peter I kom til makta i 1689, slo tsaren seg saman med Sjeremetev i felttoget. Han deltok i lag med Ivan Masepa i krigen mot Tyrkia i 1690-åra. Under Azov-felttoga i 1696-1696 kommanderte han armeane ved Dnepr i kampane mot Krim-tatarane. I 1697–99 hadde han diplomatiske oppgåver i Polen, Austerrike, Italia og Malta. I 1698 sende tsar Peter ein delegasjon til Malta under Sjeremetev for å observere treninga og kunnskapen til riddarane av Malta og flåten deira. Sjeremetev såg òg på høvet til å samarbeide med riddarane, mellom anna mot tyrkarane og kanskje opprette ein russisk marinebase der.[1]

Den store nordiske krigen[endre | endre wikiteksten]

Under den store nordiske krigen (1700–1721) synte Sjeremetev seg som ein dugandes, men forsiktig og treig militær leiar. Under krigen var han øvstkommanderande og den mest erfarne offiseren i den russiske armeen. Sjeremetev var særs forsiktig i rørslene sine, men var meir effektiv enn den yngre prins Mensjikov, nestkommanderande som var meir impulsiv og ikkje alltid like suksessfull.

I 1700 deltok han i det russiske åtaket på Narva under starten av den store nordiske krigen, menv art driven tilbake frå stillinga i Estland av Karl XII av Sverige. Han vart så kommandant for dei russiske styrkane som kjempa mot den svenske armeen i Baltikum. Sjeremetev vart først slått av W. A. Schlippenbach i Rauge i 1701, men vann seinare i Erastfer. Denne sigeren gav han tittelen feltmarskalk, og han følgde opp med ein ny siger i slaget ved Hummelshof i 1702. Han tok så festningane i Nöteborg og Nyenskans i 1703 (slik at byen St. Petersburg kunne grunnleggast) og dei viktige baltiske byane Dorpat og Narva i 1704. I 1705 vart han sendt til Astrakhan, der han med makt klarte å undertrykke Astrakhan-opprøret.

Seinare i den store nordiske krigen møtte Sjeremetev den svenske generalen Lewenhaupt i kamp, som slo han i Gemäuerthof i 1705, og Karl XII, som slo han i Holowczyn. Han fekk hemn i slaget ved Poltava, der han var den mest erfarne russiske kommandanten og den svenske armeen vart grundig slått av den russiske armeen. Han kommanderte armeane som erobra Riga i 1710. Han leia så hovudstyrken av armeen i Prut-felttoget. I kampar mot Tyrkia i 1711 vart han omringa ved Prut. I 1715–17 kommanderte han armeane i Pomorze og Mecklenburg.

Sjølv om han sympatiserte med forsøka til Peter den store på å vestleggjere Russland, vart han aldri nær ven av tsaren. Han døydde i Moskva i 1719, og vart gravlagd i St. Petersburg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www2.prestel.co.uk/church/oosj/timeline.htm