Klokkestopul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Støpul)
Lomen stavkyrkje med klokkestopul. Foto frå 1880-1890 ved Axel Theodor Lindahl.

Klokkestopul eller stopul er ein frittståande konstruksjon for kyrkjeklokker.

I Noreg er stoplar fyrst og fremst er å sjå som byggverk i tre ved stavkyrkjene frå mellomalderen, ettersom det vanlegvis ikkje er tårn for klokker på sjølve bygningen. Men berre stopulen ved Borgund stavkyrkje vert tidfesta til mellomalderen; dei andre er yngre.

Klokkestoplar finst fyrst og fremst i Skandinavia, Nord-Tyskland (Sør-Slesvig) og Nederland. Frittståande klokketårn ved kyrkjer og katedralar frå mellomalderen, kampanilar, er elles å sjå i Sør-Europa, med kampanilen ved domkyrkja i Pisa i Italia, «Det skeive tårnet i Pisa», som eit vidgjete døme.

Stopul for kyrkjeklokkene har i fleire høve òg vorte nytta i samband med kyrkjebygningar frå sisteparten av 1900-talet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]