Håkon Eiriksson Ladejarl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Håkon Eiriksson (fødd kring 995, død 1029) var jarl av Lade. Han var son av Eirik Håkonsson Ladejarl og soneson av Håkon Sigurdsson Ladejarl. Han var riksstyrar eller regent av Noreg under kong Svein Tjugeskjegg (Svend Tveskæg) av Danmark frå 1012 til 1015. Håkon Eiriksson samarbeidde nært med Einar Tambarskjelve, som eit tid var formyndaren hans.

Håkon Eiriksson var òg riksstyrar frå 1028 til 1029 under Knut den mektige. Saman hadde dei jaga kong Olav II av Noreg ut av landet. Kong Olav vart seinare kjend som Olav den heilage. I 1029 kom Håkon Eiriksson vekk på havet. Det oppstod eit maktvakum i Noreg. Knut den mektige sende då son sin, Svein Alfivason, til å vera regent i Noreg saman med mor si Alfiva.

Håkon Eiriksson var siste mannlege ættling av Ladeætta.