Verdscupen i langrenn 1991/Menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdscupen i langrenn for menn i 1991-sesongen omfatta 12 individuelle tevlingar og 5 stafettar. Tevlingane tok til 9. desember 1990 og vart avslutta 16. mars 1991. Dei 12 individuelle renna bestod av ei tevling over 10 kilometer, tre tevlingar over 15 km, ei over 25 km, fem tremiler og to femmiler. Renna fann stad i Bad Mitterndorf i Austerrike, Davos (2) i Sveits, Hauteluce (2) i Frankrike, Minsk (2) i Sovjetunionen, Štrbské Pleso i Tsjekkoslovakia, Val di Fiemme (5) i Italia, Lahti (2) i Finland, Falun i Sverige og Oslo i Noreg.

Sovjetunionens Vladimir Smirnov vann FIS-pokalen framom Torgny Mogren frå Sverige. Smirnov var bestemann i tre av dei individuelle tevlingane. Mogren var best i to enkeltrenn, det same var tredjemann i turneringa, norske Bjørn Dæhlie. Svenskane Gunde Svan og Henrik Forsberg sigra i kvart sitt enkeltrenn, nett som nordmennene Terje Langli, Kristen Skjeldal og Vegard Ulvang.

Individuelt[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
1 Vladimir Smirnov  Sovjetunionen 163
2 Torgny Mogren  Sverige 129
3 Bjørn Dæhlie  Noreg 105
4 Vegard Ulvang  Noreg 105
5 Kristen Skjeldal  Noreg 76
6 Terje Langli  Noreg 73
7 Henrik Forsberg  Sverige 73
8 Gunde Svan  Sverige 65
9 Maurilio De Zolt  Italia 62
10 Marco Albarello  Italia 62
11 Christer Majbäck  Sverige 59
12 Gianfranco Polvara  Italia 46
13 Harri Kirvesniemi  Finland 45
14 Sture Sivertsen  Noreg 45
15 Thomas Eriksson  Sverige 43
16 Jan Ottosson  Sverige 38
17 Václav Korunka  Tsjekkoslovakia 38
18 Mikhail Botvinov  Sovjetunionen 36
19 Aleksej Prokurorov  Sovjetunionen 36
20 Silvano Barco  Italia 26
21 Luboš Buchta  Tsjekkoslovakia 25
22 Vjatsjeslav Plaksunov  Sovjetunionen 25
23 Igor Badamsjin  Sovjetunionen 24
24 Giorgio Vanzetta  Italia 23
25 Pavel Benc  Tsjekkoslovakia 19

Kjelder[endre | endre wikiteksten]