Xi'an

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Xi'an
Den sørlege byporten i Xi'an.
Den sørlege byporten i Xi'an.
Styresmakter
Land
Provins
Folkerepublikken Kina
Shaanxi
Borgarmeister Chen Baogen
Geografi
Flatevidd
 - By

9983 km²
Innbyggjarar
 - By (2004)
   - folketettleik

6,620,000
  826.6/km²
Koordinatar 34°16′″N 108°54′″EKoordinatar: 34°16′″N 108°54′″E
Høgd over havet 405 m
Tidssone UTC + 8 (UTC+8)
Diverse anna
Postnummer 710000 - 710090
Telefon-retningsnummer +86/29
Bilnummer A
Heimeside: http://xa.gov.cn
Plassering
Plassering av  Xi'an


Katolsk kyrkje nord i Xi'an

Xian eller Xi'an (kinesisk 西安; pinyin: Xī'ān, Wade-Giles: Hsi-An, postalromanisering: Sian; bokstaveleg tyding: «Den vestlege freden», medan nemninga Xijing òg viser til statusen som «vestleg hovudstad»; historisk kjent som Chang'an) er ein kinesisk storby som er hovudstad i provinsen Shaanxi i det nordlege Kina. Han er ein subprovinsiell by.

Folkesetnaden innan bygrensene vert rekna (2004) til 3 481 000, men heile det subprovinsielle området har 6,62 millionar innbyggjarar.

Byen ligg på Guanzhongsletta i den sørlege sentrale Shaanxi. Xi'an markerer den austlege enden av Silkevegen. I dag blir byen tent av Xi'an Xianyang internasjonale lufthamn.

Byen har tidlegare vore hovudstad i riket under fleire dynasti under namnet Chang'an.

Byen er mest kjent for det 2200 år gamle gravvakteranlegget nær grava til keisar Qin Shi Huangdi, med fleire tusen terrakottasoldatar, nokre kilometer utanfor bykjernen.

Administrative einingar[endre | endre wikiteksten]

Den subprovinsielle byen Xi'an har jurisdiksjon over ni distrikt (区 ) og fire fylke (县 xiàn).

Kart
Xian mcp.png
# Namn Hanzi Hanyu Pinyin Folkesetnad (2006 est.) Areal (km²) Tettleik (/km²)
Distrikt
1 Weiyang 未央区 Wèiyāng Qū 410 000 261 1 571
2 Lianhu 莲湖区 Liánhú Qū 600 000 38 15 789
3 Xincheng 新城区 Xīnchéng Qū 490 000 31 15 806
4 Beilin 碑林区 Bēilín Qū 700 000 22 31 818
5 Baqiao 灞桥区 Bàqiáo Qū 450 000 322 1 398
6 Yanta 雁塔区 Yàntǎ Qū 690 000 152 4 539
7 Yanliang 阎良区 Yánliáng Qū 240 000 240 1 000
8 Lintong 临潼区 Líntóng Qū 670 000 898 746
9 Chang'an 长安区 Cháng'ān Qū 930 000 1 583 587
Fylker
10 Lantian 蓝田县 Lántián Xiàn 640 000 1 977 324
11 Zhouzhi 周至县 Zhōuzhì Xiàn 630 000 2 956 213
12 Hu 户县 Hù Xiàn 590 000 1 213 486
13 Gaoling 高陵县 Gāolíng Xiàn 230 000 290 793

Bymuren[endre | endre wikiteksten]

Bymuren

Bymuren i Xi'an vart bygd mellom 1374 og 1378 og vart reparert og renovert i 1980-åra. Han er den største for det meste originale bymuren i Kina. Med ei samla lengd på 13,6 km omsluttar han heile det indre Xi'an. Breidda ved sokkelen er på 18 m, på krona er han 12 m brei. Han er òg 12 m høg. Fire byportar (nordporten, vestporten, sørporten og austporten) gav trygg kontroll ved heile muren, som var omgjeve av ei vollgrav med klappbruer berre ved portane. Desse bruene vart felt ned kvar morgon til signalet frå eit klokketårn og trekt opp på signal frå trommetårnet.

Samferdel[endre | endre wikiteksten]

Fly[endre | endre wikiteksten]

Xi'an vert tent av Xi'an Xianyang internasjonale lufthamn.

Jarnbane[endre | endre wikiteksten]

I Xi'an stansar toga på Longhaibanen, den viktigaste jernbanelinja i Kina i aust-vest-retning, som går frå Lianyungang til Lanzhou via mellom anna Xuzhou, Kaifeng, Zhengzhou, Luoyang og Baoji.

Vegtrafikk[endre | endre wikiteksten]

Riksveg 108 går gjennom området. Riksvegen byrjar i Beijing og fører via Taiyuan, Xi'an og Chengdu sør til Kunming i den sørvestlege provinsen Yunnan.

Riksveg 210 går gjennom området. Riksvegen byrjar i Baotou i Indre Mongolia, fører gjennom Yan'an, Xi'an, Chongqing og Guiyang og endar opp i Nanning i Guangxi.

Riksveg 211 har sluttpunkt i Xi'an. Han fører frå Yinchuan i den autonome region Ningxia Hui, gjennom det austlege Gansu og til Xi'an.

Riksveg 310 går gjennom området. Denne viktige trafikkåra byrjar i Lianyungang i Jiangsu, går vestover og endar i Tianshui i provinsen Gansu. Han går innom større byar som Xuzhou, Shangqiu, Kaifeng, Zhengzhou, Luoyang og Xi'an.

Riksveg 312 går gjennom området. Han fører frå Shanghai og endar på grensa mot Kasakhstan og passerer mellom anna Suzhou, Nanjing, Hefei, Xinyang, Xi'an, Lanzhou, Jiayuguan og Urumqi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]