Some Girls

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Some Girls
Studioalbum av The Rolling Stones
Utgjeve 9. juni 1978
Innspelt 10. oktober til 21. desember 1977,
5. januar til 2. mars 1978,
Pathé Marconi Studios (Paris)
Sjanger Rock & roll, hardrock
Lengd 40:45
Selskap Rolling Stones/Atlantic
Virgin (nyutgjeving)
Produsent The Glimmer Twins
Kritikk
The Rolling Stones-kronologi
Love You Live
(1977)
Some Girls Emotional Rescue
(1980)

Some Girls er eit album av The Rolling Stones frå 1978. Albumet vert rekna som eit av høgdepunkta deira og det beste albumet etter Exile on Main St.. Albumet gav nytt liv i karrieren deira og gjenoppretta The Rolling Stones som eit vitalt rock and roll-band i ei tid fylt av punkrock og disco. Det vart òg det mestseljande albumet til bandet i USA med meir enn seks millionar selde eksemplar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

punkrocken steig fram, vart The Rolling Stones, som mange andre samtidige band, rekna som kulturelle dinosaurar. Mick Jagger var provosert av denne merkelappen og ønskte å svare dei gjennom tekstane sine. For Rolling Stones sin del hjelpte det likevel at bandet hadde vore idol for mange av punkrockarane på 60-talet og den opprørske haldninga til bandet på denne tida var med på å påverke pønkarane på 70-talet.

I tillegg var Ronnie Wood med i bandet for fullt. Some Girls var det første albumet der han medverka som fullt medlem av bandet. Gitarstilen hans utfylte gitarspelinga til Keith Richards. Wood sin pedal steel-gitar vart eit av kjennemerka til bandet, og den uvanlege måten han spelte instrumentet på kjem tydeleg fram på Some Girls. I tillegg hadde Jagger gjennom dei siste åra lært seg å spele gitar, og medverka med tredjegitar på fleire songar.

Mick Jagger vert generelt rekna som den kreative krafta bak Some Girls, mellom anna fordi Keith Richards var oppteken i rettsapparatet på denne tida. I tillegg til punk, hevdar Jagger at han var inspirert av dansemusikk, mest av alt disco. Dette kjem fram på signaturlåten på plata, «Miss You».[1]}}

For første gong sidan Beggars Banquet frå 1968, var det hovudsakleg kjernen i bandet, som no bestod av Mick Jagger, Keith Richards, Charlie Watts, Ronnie Wood og Bill Wyman, som medverka til albumet, i tillegg til Ian McLagan, tidlegare i The Faces, som spelte tangentinstrument, og munnspelvirtuosen Sugar Blue medverka på fleire songar, samt saksofonisten Mel Collins og Simon Church, som spelte perkusjon. Med Jagger på gitar var ikkje turnemanageren Ian Stewart med på innspelingane, sidan han følte pianoet hans vart overflødig. Dette vart derfor eit av få album der han ikkje medverkar. Ei alternativ historie fortel at Stewart boikotta innspelingane fordi han meinte bandet høyrdest ut som 'bloody Status Quo'!

Heroinmisbruket til Keith Richards, som han vart fengsla for i Toronto tidleg i 1977, var til stor uro i bandet. Richards vart ein gong for alle kvitt dette misbruket i løpet av sommaren 1977 og fekk igjen eit større fokus på musikken, men han stod i fare for å verte dømd til fleire år i fengsel. I oktober 1978 fall dommen, og til Richards sin lettelse slapp han fengsel, men måtte halde ein veldedighetskonsert. For å feire ein ny start på livet la Richard igjen til ein ekstra «s» i namnet sitt, og vart frå den tid heitande Keith Richards, etter at han i 15 år hadde skrive namnet som Keith Richard.

Innspelinga av Some Girls starta i oktober 1977, med ein pause rundt juletider og oppstart igjen på nyåret. Innspelinga var ferdig i mars 1978. Med ny platekontrakt med EMI i Storbritannia gjorde dei innspelinga i EMI sitt Pathé Marconi Studios i Paris, ein stad dei skulle nytte seg av fleire gonger seinare. The Rolling Stones enda opp med å spele inn om lag femti ny songar, og fleire av desse kom seinare på Emotional Rescue og Tattoo You i nyinnspelte utgåver.

Plateomslaget til plata vart teikna av Peter Corriston, som òg utforma dei omslaga til dei tre neste albuma. Det vart nytta bilete av fleire kjende kvinner, men då plata kom ut trua fleire av desse med rettsak, sidan bandet ikkje hadde spurt om løyve til å bruke bilete av dei. Desse var mellom andre Lucille Ball, Farrah Fawcett, Liza Minnelli (som representerte mora Judy Garland) og Raquel Welch.

Ein anna kontrovers var teksten på tittelsongen, ei lang tankerekke om kvinner av forskjellige nasjonalitetar og rasar. Linja «Black girls just wanna get fucked all night» førte til sterke protestar frå fleire grupper, mellom anna Jesse Jackson sin PUSH.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

I mai 1978 kom den første singelen frå albumet, «Miss You», med ein enkel disco-rytme og bluesaktige popharmoniar. Singelen fekk særs god respons og nådde førsteplassen i USA og tredjeplassen i Storbritannia. I Noreg stoppa songen på 11. plass. Albumet vart òg godt motteke då det kom ut i juni same året. Det nådde førsteplassen i USA, andreplassen i Storbritannia og tredjeplassen i Noreg.

I 2003 vart albumet rangert på 269. plass av musikkmagasinet Rolling Stone på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Miss You»   4:48
2. «When the Whip Comes Down»   4:20
3. «Imagination» (Whitfield, Strong) 4:38
4. «Some Girls»   4:37
5. «Lies»   3:12
Side to
# Tittel Lengd
6. «Far Away Eyes»   4:24
7. «Respectable»   3:07
8. «Before They Make Me Run»   3:25
9. «Beast of Burden»   4:25
10. «Shattered»   3:47

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Mick Jagger – vokal, korvokal, elektrisk gitar, piano
  • Keith Richards – elektrisk gitar, korvokal, akustisk gitar, bass, vokal, piano
  • Charlie Watts – trommer
  • Ronnie Wood – elektrisk gitar, korvokal, pedal steelgitar, akustisk gitar, slidegitar, bass, basstrommer
  • Bill Wyman – bass, synthesizer

Andre musikarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wenner, Jan. Rolling Stone. Jagger Remembers 14. desember 1995.